Sju døme på sportsvasking
Det finst veldig mange døme på sportsvasking frå heile verda. Éin tendens er likevel klar: Jo meir merksemd sporten har, jo større er betalingsviljen hos sportsvaskarane. Her får du presentert sju døme på sportsvasking.
Gå saman i grupper på fire og vel eit av døma under.
Gruppediskusjon
Sportsvasking kan ha to ulike mål:
fjerne negativt fokus for å redusere kritikk utanfrå
blidgjere si eiga befolkning for å forhindre indre uro
Kva for eit av måla meiner de vi kan sjå i dømet de har valt å lese om?
Diskuter om de meiner dømet de har studert, er effektivt. Grunngi synspunktet dykkar. Var alle på gruppa einige?
Del gjerne det de har diskutert med resten av klassen.
CC BY-SASkrive av Are Fridtjof Førsund.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2023