Fotball og politikk - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fotball og politikk

Idrett og politikk kan vere nært knytte til kvarandre. Her er to døme frå fotballen.

Ewood park i Blackburn, 28. april 1894

Vinnaren av den engelske andredivisjonen, Liverpool, skal møte sisteplassen frå førstedivisjon, Manchester-laget Newton Heath. Framfor 5000 frammøtte tilskodarar skal dei to laga kjempe om ein plass i den øvste divisjonen i den kommande sesongen. Allereie tidleg i kampen tek Liverpool kommandoen og skårar to mål før pause. Newton Heath maktar ikkje å skåre i andre omgang. Liverpool vinn 2–0 og rykker dermed opp.

Åtte år etter denne kampen bytte Newton Heath namn til det vi i dag kjenner klubben som – Manchester United. Dei to klubbane har spelt over 200 kampar mot kvarandre og er begge blant verdas mest berømte og suksessfulle fotballklubbar.

Retten til å spele i den øvste divisjonen var likevel ikkje det einaste som betydde noko for dei to laga og dei tilreisande supporterane deira. Berre nokre månader tidlegare hadde Manchester Ship Canal opna – kanalen som kopla dei to byane direkte saman til vanns. Bygginga av kanalen hadde likevel ikkje vore enkel. Forslaget om bygging hadde vore diskutert i det britiske parlamentet meir enn ti år tidlegare, men blitt nedstemt på grunn av politisk motstand frå byen Liverpool. Grunnen var at Liverpool hadde store tollinntekter, sidan all skipstrafikk i regionen måtte innom hamna deira.

Estadio Azteca i Mexico by, 22. juni 1986

Klokka er 12, sola steiker, varmen er nesten uuthaldeleg. For at så mange europeiske TV-sjåarar som mogleg skal kunne følge VM-kampane direkte, har flesteparten av kampane til meisterskapen hatt avspark midt på dagen. På grunn av den varsla heten har det argentinske støtteapparatet kjøpt nye, lysare drakter til akkurat denne kampen. Skal dei slå England, kan dei ikkje bruke dei mørkeblå draktene dei har spelt med tidlegare i turneringa.

Fire år før kampen hadde argentinske troppar invadert den britiskkontrollerte øygruppa Falklandsøyane utanfor det søramerikanske fastlandet. Den væpna konflikten varte i over to månader før britane beheldt kontrollen over øyane. Over 900 menneske mista livet, 649 av dei var argentinske. Forholdet mellom dei to landa var bittert og anstrengt.

Kvartfinalen mellom Argentina og England i 1986 blir hugsa for tre ting: Diego Maradonas 1–0-skåring med handa, som han seinare kalla "Guds hand", Diego Maradonas 2–0 skåring med eit av fotballhistorias mest kjende dribleraid og konflikten mellom dei to landa etter krigen fire år tidlegare.

Idrett og politikk – hand i hand

Kampane mellom Liverpool og Newton Heath i 1894, og mellom Argentina og England i 1986, er berre to av mange døme på korleis idretten og samfunnslivet går hand i hand. Det som skjer utanfor banen, forsterkar betydninga av det som skjer på banen. Sporten blir heva til å bli noko meir enn berre eit ballspel, eit kappløp eller kva som helst fysisk konkurranse. Dette samspelet mellom idrett og politikk kan i mange tilfelle vere med på å mytologisere dei store augneblinkane, altså å forsterke betydninga av dei. Det same samspelet kan òg gjere det freistande for regime, politikarar eller selskap å bruke idretten til å pynte på sitt eige rykte.

Skrive av Are Fridtjof Førsund.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2023