Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sportsvaskingsdetektiv

Du får oppdraget: Klarer du å avsløre ein sportsvaskar? Vel eit døme på sportsvasking og gå i djupna for å avsløre kva som ligg bak.
Mann held eit forstørringsglas framfor det eine auget, slik at auget blir forstørra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuell research

Leit på internett etter døme på arrangement, idrettsklubbar eller idrettsutøvarar som blir brukte til sportsvasking. Noter døma, kven som står bak sportsvaskinga og kjelda di til informasjonen.

Til detektivkontoret

Gå i grupper og samanlikn døma de fann. Vel som gruppe eit døme de vil etterforske.

Diskuter og noter:

  • Kven står bak?

  • Kva er målet til sportsvaskarane?

  • Kven meiner de har ansvaret for å kjempe imot sportsvaskinga de rapporterer om?

Gå i djupna

Søk på internett etter meir informasjon om desse sportsvaskarane. De kan til dømes leite etter konkrete kritikkverdige saker som kan knytast til sportsvaskaren. Viss det er ein stat som står bak, kan de òg leite etter tal som seier noko om forholda i det aktuelle landet. Døme på slike tal kan vere levestandard (HDI), demokratiindeksen, likestillingsindeksen (GII) eller korrupsjon.

Statistikk på FN-sambandet sine nettsider

I desse lenkene finn du dei fire indeksane som er nemnde over. Du finn òg ei kort forklaring på dei ulike indeksane.

HDI – indeks for menneskelig utvikling (FN-sambandet)

Demokrati-indeksen (FN-sambandet)

Likestilling (GII) – Indeks for skjevfordeling mellom kjønnene (FN-sambandet)

Korrupsjon (FN-sambandet)

Lag rapporten

Lag ein visuell presentasjon av funnet dykkar. Vel sjølv om de vil lage ein kort film, ein kollasj, ein plakat eller noko anna. Bestem dykk òg for om de vil fokusere på ein stat, eit selskap, eit idrettsforbund, idrettsutøvarar eller fleire av desse saman.

CC BY-SASkrive av Are Fridtjof Førsund.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2023

Læringsressursar

Sportsvasking