Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva ansvar har enkeltutøvaren?

Kva ansvar har den enkelte idrettsutøvaren for å ytre seg om kritiske sider ved sporten dei utøver? Fleire norske fotballspelarar speler for lag som er eigd eller sponsa av regime vi ikkje liker å samanlikne oss med. No skal de diskutere nokre døme knytte til sportsvasking.
Fotballspelar med norsk landslagsdrakt i raudt og kvitt har ballen, mens ein svensk spelar i gul drakt spring bak han. Dei ser begge egga ut midt i kampens hete. Foto.

Bakgrunn

Hausten 2022 blei den norske landslagsspelaren Morten Thorsby intervjua i podkasten Lundh, som blir driven av den svenske journalisten Olof Lundh. I intervjuet snakka Thorsby om at idrettsutøvarar må vere bevisste kva påverknadskraft dei har og ansvaret som følger med. Sjølv har Thorsby i mange år brukt påverknadskrafta si til å snakke om klimaspørsmål og speler fast med draktnummer 2, som refererer til togradersmålet i Paris-avtalen.

Oppgåve

Diskuter med ein médelev: Under følger nokre døme på val som kjende enkeltutøvarar har teke. Kva for nokon av desse døma synest de er ok? Kva for nokon synest de ikkje er ok? Korleis grunngir de synet dykkar? Kven har ansvaret for å utøve motmakt i døma de eventuelt definerer som ikkje ok?

Erling Braut Haaland, som er fotballspelar, er kledd i blå drakt og jublar med hendene i veret. Foto.
  1. Erling Braut Haaland (norsk landslagsspelar i fotball) signerte sommaren 2022 for Manchester, ein klubb som blir finansiert av emiratarabiske Sheik Mansour.

    Burde Haaland takka nei til tilbodet frå Manchester og heller valt ein klubb som ikkje blir skylda for omfattande sportsvasking?

  2. 23. september 2022 la den engelske fotballklubben Sheffield United ut ein tweet der dei gratulerte Saudi-Arabia, heimlandet til eigaren av klubben prins Abdullah bin Mosaad bin Abdul Aziz Al Saud, med nasjonaldagen. I tweeten var det mellom anna eit bilete av Sander Berge (norsk landslagsspelar) som er blant Sheffield United sine beste spelarar.

    På ein pressekonferanse seinare same dagen uttalte Berge at han ikkje visste noko om dette på førehand. Burde Berge teke avstand frå klubben sin tweet?

  3. Mathias Normann (tidlegare norsk landslagsspelar i fotball) signerte sommaren 2022 ein låneavtale med den russiske klubben Dinamo Moskva, samtidig som krigen mellom Russland og Ukraina gjekk føre seg, og russiske idrettslag var utestengde frå alle internasjonale konkurransar.

    Burde Normann takka nei til tilbodet frå den russiske klubben mens russiske militære kriga i Ukraina?

CC BY-SASkrive av Are Fridtjof Førsund.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2023

Læringsressursar

Sportsvasking