Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Når helten blir skurk

Kva ansvar har ein fan når idolet gjer noko gale?
To ungdommar sit i ei seng og høyrer på musikk. Foto.

Ei dramatisk nyheit

Sjå for deg at du er 14 år gammal. Ein kveld sit du og bestevennen din på rommet og høyrer på yndlingsartisten som de snart skal oppleve på konsert. Då dukkar eit varsel opp på mobilen din. Artisten de høyrer på, blir skylda for å ha vore valdeleg mot kjærasten sin, som no ligg på akutten med livstruande skadar.

Diskuter

  • Vil de halde fram med å høyre på musikken?

  • Kvar går grensa for kva slags åtferd du synest er grei frå idolet ditt?

Morgonen etter fortel foreldra dine at dei ikkje synest du skal dra på den konserten.

  • Kva tenker de om det?

CC BY-SASkrive av Are Fridtjof Førsund.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2023

Læringsressursar

Sportsvasking