Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag din eigen graf over ytringsfridommens historie

Gjennom historia har ytringsfridom hatt både framgang og tilbakeslag. I denne oppgåva skal du lage din eigen graf som viser korleis ytringsfridom har utvikla seg over tid.
Ei hand teiknar grafar i eit koordinatsystem. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Førebuing

Du skal bruke artikkelen "Ytringsfridommens historie" for å løyse oppgåva. Les artikkelen før du startar på oppgåva.

Set dykk saman parvis eller i små grupper. I denne oppgåva skal de bruke læringsstrategien "levande graf" av historiedidaktikar Erik Lund.

Del 2: Oppgåve – Levande graf

De skal gruppevis teikne ein historisk graf som viser korleis utviklinga av ytringsfridom har utvikla seg over tid. Grafen skal innehalde ein tidsakse (x-aksen) og ein "verdiakse" (y-aksen). Verdiaksen skal vise ein skala frå 1–10 som illustrerer grad av ytringsfridom. Verdien 10 viser at det er full ytringsfridom utan avgrensingar. Verdien 1 viser svært lite ytringsfridom.

  1. Lag ein graf som viser korleis ytringsfridommen har utvikla seg frå 1750 til i dag. Ta utgangspunkt i Noreg.

  2. Vel ut minst to hendingar de meiner har påverka utviklinga i stor grad, anten positivt eller negativt.

Plakat som viser ei åtvaring mot bruk av raude toppluer. Ved sida av plakaten er det utstilt to ulike raude toppluer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Plenum

Alle para eller gruppene presenterer grafen sin for resten av klassen. Del kva de har funne ut. Kva to hendingar har de valt å framheve? Kvifor har de valt nettopp desse to?

Kjelde

Lund, E. (2006). Tren Tanken. Læringsstrategier og læringsstiler i samfunnsfag. Håndbok til Aschehougs samfunnsfagserie for ungdomstrinnet. Aschehoug.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Ytringsfridom, karikaturar og demokrati