Karikaturstrid og ytringsfridom
Teikningane
30. september 2005 trykte den danske avisa Jyllandsposten tolv teikningar under overskrifta "Muhammads ansikt". Teikningane var eit svar på ei oppmoding frå redaktøren om å teikne Muhammad slik dei såg han. Dette var igjen ein reaksjon på at fleire teiknarar tidlegare hadde sagt nei til å teikne Muhammad i ei barnebok, fordi dei var redde for konsekvensane.
Nokre av teikningane var kritiske til profeten Muhammad, mens andre var kritiske til teiknarar og redaksjonar sin sjølvsensur. Det var tolv ulike svar på utfordringa, og fleire av teikningane inneheldt ikkje ei fordømming av profeten Muhammad eller islam. Likevel opplevde fleire av teiknarane drapstruslar i etterkant. Kurt Westergaards framstilling av profeten med ei bombe i turbanen var den som blei mest omstridd.
Fleire medium både i Danmark og Noreg viste karikaturane. Det var først då den kristne avisa Magazinet, med redaktør Vebjørn Selbekk i spissen, trykte teikningane, at det blei uro rundt dette i Noreg. Sjølv om fleire andre hadde trykt teikningane, blei Selbekk ståande ganske aleine om å forsvare publiseringa av dei. Han opplevde eit veldig mediepress og fekk fleire alvorlege truslar retta mot seg og redaksjonen sin.
Demonstrasjonar og opptøyar
I desember same året reiste ein delegasjon på fem muslimske menn til Egypt for å samle den muslimske verda til boikott av Danmark. Ingen av desse var fødde i Danmark, og dei hadde dårleg kjennskap til dansk språk og samfunnsliv. Med seg hadde dei ei mappe med nokre av karikaturane frå Jyllandsposten, men også tre andre dei la til for eiga rekning. Desse tre var bilete som tydeleg var lagt til for å sjokkere.
Denne delegasjonen bidrog altså til å spreie bileta og til å gi Jyllandsposten ansvar for bilete dei aldri hadde publisert. Delegasjonen bidrog til at fleire muslimske land boikotta Danmark. I Damaskus blei både den norske og den danske ambassaden tent på i opptøyane som følgde.
Talsmannen for delegasjonen har i ettertid teke eit oppgjer med det han var med på og teke avstand frå fortida si som islamist.
Ulike haldningar hos danske og norske styresmakter
I Danmark stod statsministeren hardt på ytringsfridommen si side. I Noreg var statsministeren og utanriksministeren litt meir utydelege.
I februar 2006 blei dåverande statsminister Jens Stoltenberg intervjua av VG:
Du sier at ytringsfriheten er en rett, men ikke en plikt. Er det ikke retten Selbekk har benyttet seg av?
- Jo, det er derfor vi sier at vi kan ikke nekte en norsk redaktør å trykke noe som han vil trykke. Men vi kan vise til at nesten alle andre norske redaktører har valgt å ikke trykke bildet, fordi de har vurdert det slik at det er å støte andre menneskers religion, det er å vise ringeakt for andre mennesker. Men jeg understreker at dette er redaktørens ansvar, sier Stoltenberg.
Statsministeren finner det også riktig å minne om at vi har en blasfemiparagraf i straffeloven.
(Johansen, 2006)
Undersøk!
Kva er "blasfemiparagrafen", og når blei han sist brukt?
7. januar 2015 blei redaksjonen til satiremagasinet Charlie Hebdo angripen av to menn med maskingevær og bombevestar mens dei ropte "Allahu akbar". Tolv menneske blei drepne og elleve såra. Bladet skriv mest om politikk og sosiale saker, men har òg vore tydelege på retten til å harselere med alle former for religion. Både jødedommen, islam og katolisismen har fått gjennomgå.
I oktober 2020 blei den franske læraren Samuel Paty drepen og halshogd etter å ha vist nokre av Charlie Hebdos karikaturar i klasserommet då han underviste om ytringsfridom. Elevane hadde fått moglegheita til å forlate rommet eller lukke auga viss dei ikkje ønskte å sjå teikningane. I ettertid har ein av elevane i klassen innrømt å ha loge om måten det blei gjort på. Fleire er dømde i samband med angrepet.
Vidare utforsking
Dei to dokumentarane under framstiller karikaturstriden frå to ulike utgangspunkt og kan vere nyttige for å utforske ulike sider av saka.
Ønskjer du meir bakgrunnsstoff om karikaturstriden, kan du sjå Dokument 2: Truga til å teie (2006)
I NRK-dokumentaren "Unge norske muslimer om trykking av Muhammed-karikaturer" (2006) møter du unge, norske muslimar som snakkar om det å vere ung muslim i Noreg i dag. Spesifikt om karikaturteikningane finn du mellom 8.23 og 12.16.
Relatert innhald
Karikaturar og grenser for ytringsfridommen er tema som ofte dukkar opp i media. Her finn du oppgåver som kan hjelpe deg med å forstå og diskutere dette.
Johansen, M. (2006, 6. februar). Gir Magazinet-sjef deler av skylden. VG, s. 6.
Larsen, Kaspar Gunde Wessberg. (2021, 5. desember). Religionssatire kan ha vært viktigere for verdiene våre enn religion. Forskning.no. https://forskning.no/historie-kunst-og-litteratur-religion/religionssatire-kan-ha-vaert-viktigere-for-verdiene-vare-enn-religion/1944814
Orgeret, K. S. (2020, 29. juli). Charlie Hebdo. I Store norske leksikon. https://snl.no/charlie_hebdo
Sørheim, E. M. (2021) Karikaturenes historie. Fra hulemalerier til Charlie Hebdo. Humanist forlag.
TV2. (2006). Dokument 2: Truga til å teie [Video]. Elevkanalen. https://www.elevkanalen.no/artikkel/openartikkel/109606