Hopp til innhald

Fagstoff

Karikatur og satire

Mange vil sjå på satire og karikaturteikningar som humor, mens andre vil oppfatte det som noko krenkjande og provoserande. Er karikaturar, satire og samfunnskritikk nødvendig i eit demokrati?
To studentar besøkjer utstillinga "Trump: A wall of caricatures", som viser fleire karikerte framstillingar av Donald Trump. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Karikatur og satire

Ein karikatur er ei framstilling der visse trekk, til dømes ansiktstrekka eller kroppshaldningane til personar, blir framstilte overdrive og morosamt. Karikaturar kan teiknast av kven som helst og speler mykje på humor, men ofte er karikaturane gjorde i satirisk intensjon.

Ei satireteikning er altså noko anna eller litt meir enn ei karikaturteikning. Satire har til hensikt å avkle dobbeltmoral, kritisere maktpersonar eller opne auge for svakheiter i samfunnet. Personar som blir utsette for satiriske karikaturteikningar, er ofte maktpersonar, politikarar eller religiøse autoritetar, som til dømes paven.

I historia har det vore fleire karikaturar retta mot maktpersonar, men òg minoritetar. Jødane har til dømes fleire gonger blitt utsette for vondsinna karikaturar, der dei blir framstilte som syndebukkane for alt som har vore gale i samfunnet.

Ein karikert jøde dolkar ein tysk soldat i ryggen. Postkort.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Karikatur, satire og demokrati

Satire og karikaturar har ein rik tradisjon i Europa, og spesielt i Frankrike er det sterke tradisjonar for slike uttrykksmåtar. Også i Noreg har satire og karikaturar vore framståande i fleire norske aviser. Karikaturar i avisteikningar formidlar ei heil historie i ein einaste illustrasjon. Teikningar bidreg med humor og eignar seg for analyse, diskusjon og refleksjon. Politikarar må derfor rekne med å bli avteikna på ein humoristisk måte. Dette blir ikkje gjort berre for å underhalde, men like mykje for å understreke eit poeng. Ei god satirisk teikning vil få oss til å sjå nye sider ved ei sak.

Karikatur av Richard Nixon. Karikatur.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Karikaturar og satire kan sjåast på som eit demokratibarometer. Desto meir satire det er i eit samfunn, desto meir demokrati finst det. Det er nettopp i demokratia Frankrike, Storbritannia og USA dei satiriske nyvinningane ofte har oppstått, i form av karikaturar, satiriske blad, filmar eller tv-program. Til samanlikning er det lite satiriske utgivingar i land med få demokratiske tradisjonar, som Nord-Korea og Iran.

I eit demokrati er det ikkje berre viktig, men òg nødvendig at det er mogleg å kritisere maktpersonar. Karikaturar og satire er dermed ein demokratisk reiskap viss han blir rett brukt. Målet er å sparke oppover og rette kritikk mot dei som har ansvaret i samfunnet.

Utan karikatur og satire mot maktpersonar vil offentlegheita utsetjast for sensur. Blir samfunnet totalitært, vil den offentlege satiren forsvinne automatisk. Dessverre ser vi òg tilfelle av at satire, karikaturar og ytringsfridom blir avgrensa i demokrati.

Ein mann i tysk uniform med hakekors bøyer seg i støvet for ein russar i ein festning der kommunistiske flagg vaiar i vinden. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

På kva måte kan karikaturar og satire vere positivt i eit demokrati?

Korleis kan karikaturar brukast til å undertrykkje andre?

Ein film om ein fyr med namn Brian blei forboden i Noreg

Sjølv om Noreg grunnlovfesta ytringsfridom i 1814, og landet har ein tradisjon med satire og karikaturar, har det òg vore døme på sensur her. I 1913 blei Statens filmkontroll (Medietilsynet) etablert for å kontrollere og godkjenne alle filmar som skulle visast offentleg i Noreg. I 1980 blei Monty Pythons film Life of Brian skylda for å vere blasfemisk, og han blei forboden i Noreg. Ifølgje Monty Python var filmen satire – retta mot religiøse autoritetar og fanatikarar – ikkje mot tru i seg sjølv.

Life of Brian, eller Profeten Brians liv og historie, som den heitte på norsk, er ein britisk spelefilm av og med humorgruppa Monty Python. Filmen handlar om Brian, som lever samtidig som Jesus. Brian blir ufrivillig utpeika som Messias, samtidig som han blir tilbeden av ein stadig større tilhengjarskare etter å ha delteke i eit opprør mot romarane i Judea.

Sjølv om filmen gjorde narr av det meste, var det spesielt sluttscenen som var problematisk. Her heng Brian på eit kors saman med andre korsfesta og syng "Always Look on the Bright Side of Life". Statens filmkontroll meinte dette kunne oppfattast som ei latterleggjering av korset som religiøst symbol, og filmen blei dermed ramma av blasfemiparagrafen. Paragrafen forbaud å offentleg håne nokon si truvedkjenning eller vise vanvørdnad for religiøse samfunn si gudsdyrking.

Forbodet av filmen starta ein intens debatt om sensur i Noreg. Resultatet blei at forbodet blei oppheva seinare same år.

Framstilling frå filmen *Life of Brian*. Fleire menn heng på kvart sitt kors. Hovudpersonen Brian har ein blåstripete kjortel på seg og har open, måpande munn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Blir det sparka oppover eller nedover viss ein karikatur eller ei satirisk framstilling gjer narr av ein religion?

Er det mogleg å vere for ein satirisk film som Life of Brian, men mot vitseteikningar om profeten Muhammed?

Er karikaturar og satire eigentleg nødvendig i eit demokrati?

Kjelder

Elden, J. C. og Vogt, K. (2012, 30. september) Blasfemi. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/blasfemi

Hverven, M. og Ghalegolabi, M. (2010, 12. januar). Norsk forbud absolutt nonsens. I NRK. Henta frå https://www.nrk.no/kultur/30-ar-siden-life-of-brian-forbud-1.6942449

Karikatur (2020, 30. oktober) I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/karikatur

Orgeret, K. S. (2020, 29. juli). Charlie Hebdo. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/charlie_hebdo

Sørheim, E. M. (2021) Karikaturenes historie. Fra hulemaleri til Charlie Hebdo. Humanist forlag.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Ytringsfridom, karikaturar og demokrati