Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Kristendommen, den tiende landeplage" og Muhammed-karikaturane

I 1933 heldt Arnulf Øverland eit foredrag i Studentersamfunnet som skulle vekkje mykje oppsikt. Talen resulterte i at Øverland blei meld for blasfemi, men frikjend. I denne oppgåva skal de diskutere teksten og samanlikne han med striden om Muhammed-karikaturane frå vår tid.
Menn med plakatar som ber om respekt for det muslimar held heilag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når verdiar blir angripne og motsetningar mellom kulturar kjem til uttrykk i tekstar, skaper det gjerne sterke reaksjonar. Kva gjer vi med tekstar som har ytringar vi ikkje liker? Her skal du sjå på to tekstar som har utfordra samtida sitt syn på ytringsfridom.

Del 1: "Kristendommen, den tiende landeplage"

Arnulf Øverland. Foto.

Les utdraget frå "Kristendommen, den tiende landeplage". Du finn det på nettsida til Signatur.

  1. Formuler hovudsynet i teksten. Skriv ned eit sitat som særleg får fram det du meiner er hovudsynet.

  2. Det viktigaste verkemiddelet i teksten er sarkasme. Skriv ned to sitat du meiner viser den sarkastiske skrivestilen til Øverland.

  3. Meiner du at Øverlands tekst er blasfemisk? Grunngi svaret ditt.

  4. Kva seier det om det norske samfunnet på 1930-talet at denne teksten blei sett på som blasfemisk og sjokkerande?

Del 2: Striden om Muhammed-karikaturane

Demonstrantar brenn eit norsk flagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 2006 trykte den danske avisa Jyllands-posten karikaturteikningar av profeten Muhammed. Dette utløyste ein kraftig strid som har vore bakgrunnen for både drapstruslar, eit angrep på eit fransk tidsskrift og drapet på ein lærar.

  1. Set deg inn i striden om Muhammed-karikaturane og dei følgjene striden har hatt i ettertid ved å lese teksten og sjå videoane på NUPI Skole.

  2. Diskuter denne påstanden:

    • Når essayet "Kristendommen, den tiende landeplage" er pensum i skulen, bør også Muhammed-karikaturane trykkjast i lærebøker og på NDLA.

Del 3: Ytringsfridom

Etter å ha jobba med dei to tekstane som har utfordra samtida sitt verdisyn, diskuter følgjande:

  • Bør det vere grenser for ytringsfridom i eit demokrati, eller bør alle få lov til å seie kva dei vil?

Mann med ropert som er i ferd med å bli slått ned av klubbe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Dikt kan vere samfunnskritiske. "Du må ikke sove" av Arnulf Øverland er framleis aktuelt i dag.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom, karikaturar og demokrati