Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er karikaturteikningar og satire nødvendig i eit demokrati?

Mange vil sjå på karikaturteikningar og satire som humor, mens andre vil oppfatte dette som noko krenkjande og provoserande. I denne oppgåva skal du sjå nærare på kvifor satire og karikaturar kan vere nødvendig i eit demokrati.
Quisling med utstrakt arm gir nazihelsing til ei tysk vakt. Illustrasjon.

Oppgåve 1–4 kan du løyse individuelt, men det er lurt å diskutere med ein medelev når du har svart på alle oppgåvene. Før du startar, bør du ha lese artikkelen "Karikatur og satire".

Oppgåve 1. Til audiens hos Hitler

Vidkun Quisling besøkjer føraren i Berlin, strekkjer ut armen til nazihelsing og seier: "Jeg er Quisling!". Dørvakta spør deretter: "Og navnet?"

  1. Kven var Vidkun Quisling?

  2. Kva legg du i namnet Quisling?

  3. Kvifor spør dørvakta om namnet til Quisling?

Forklaring til karikaturen "til audiens hos Hitler"

Vidkun Quisling var under andre verdskrigen sjef for det nazivennlege partiet Nasjonal Samling. Quisling samarbeidde med nazistane og styrte Noreg som ministerpresident då landet var okkupert av Tyskland.

Under krigen blei namnet Quisling synonymt med det å vere landssvikar. Denne teikninga bidrog til å etablere namnet Quisling som ei internasjonal nemning på ein landsforrædar.

Endå i dag vil mange knyte namnet Quisling til landsforræderi.

Høyr podkasten "Quislings koffert" på NRK for å finne ut meir om kven landsforrædaren Vidkun Quisling var, og kva val han tok.

Oppgåve 2

  1. Finn døme på gode og dårlege karikaturar. Kva gjer desse gode eller dårlege? Kven er karikaturane retta mot?

  2. Kan karikaturar bli for slemme?

Oppgåve 3

I 2015 blei den franske satireavisa Charlie Hebdo utsett for ei terrorhandling knytt til avisa si publisering av karikaturteikningar som skulle førestille islams profet Muhammed.

  1. Kvifor blei menneske såra og provoserte av desse karikaturane? Kva var spesielt med desse teikningane?

  2. Drøft om det er greitt å publisere karikaturar som kan såre andre menneske.

  3. Burde retten til å drive satire og publisere karikaturar vere avgrensa? Korleis vil det i så fall påverke retten til ytringsfridom?

  4. La oss seie at satire og karikaturar hadde blitt forbodne i Noreg. Korleis ville det ha påverka demokratiet vårt?

Oppgåve 4

Drøft følgjande påstand: Bør karikaturar og satire alltid sparke oppover? Med det er meint å rette kritikk mot nokon som står høgare i samfunnet enn skaparen av karikaturen eller dei hen representerer.

Kjelder

Karikatur (2020, 30. oktober). I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/karikatur

Sørheim, E.P. (2021). Karikaturenes historie. Fra hulemaleri til Charlie Hebdo. Oslo. Humanist forlag AS.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Ytringsfridom, karikaturar og demokrati