Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Slaveskipet: Noregs mørke kolonihistorie

Danmark-Noreg var, som mange andre europeiske statar, involvert i den europeiske oversjøiske ekspansjonen. Sjå filmen og utforsk deretter Noregs mørke fortid og aktive rolle i slavehandelen.

Før de ser filmen:

Snakk saman parvis eller diskuter i klassen.

  • Kva veit de om kolonitida på 1700-talet?

  • Kva kan de om Danmark-Noreg på 1700-talet?

Tips

Før de ser filmen, kan de lese artikkelen Nordmennene har aldri vore åleine i verda.

Oppgåve 1

  1. Beskriv korleis slavehandelen gjekk føre seg.

  2. Kva rolle hadde Kyrkja i slavehandelen?

  3. Kva menneskesyn hadde ein overfor slavane?

  4. Beskriv korleis ein slave vart behandla på slavefortet i Vest-Afrika, under den oversjøiske overfarten og etter framkomsten i den nye verda.

  5. Kvifor oppstod det kritikk mot slaveri og slavehandel på 1700-talet?

Oppgåve 2

Diskuter: Har Noreg ei like mørk fortid som andre kolonimakter som var involverte i slavehandelen?

Tilrådde kjelder for meir fordjuping i temaet om norsk slavehandel:

Oppgåve 3

På 1700-talet var nordmenn mannskap på slaveskip, jobba på slavefort i Afrika, og vi finn nordmenn på handelskontor i København. Diktaren Ludvig Holberg tapte pengar på slavehandel, og den norske sjøhelten Peter Wessel "Tordenskiold" har vorte kritisert for deltakinga si i slavehandelen.

  1. Diskuter om det er moralsk rett at det finst statuar av desse personane i dag?

  2. Søk på Internett og sjå om du finn ei nyheitssak som tek for seg kjende historiske personar med ei problematisk fortid. Kanskje finst det statuar av kjende personar i lokalmiljøet ditt, eller har det skjedd noko i nærområdet som kan knytast til ei ubehageleg fortid?

Relatert innhald

Det kan vere utfordringar med å opne for at det kan finnast fleire likeverdige måtar å oppfatte historiske hendingar på.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2021

Læringsressursar

Migrasjon og kulturmøte