Hopp til innhald

Fagstoff

Ei eller fleire historier?

Det kan vere utfordringar med å opne for at det kan finnast fleire likeverdige måtar å oppfatte historiske hendingar på. Det kan gjere at vi kan bli usikre på kva som er solide oppfatningar, og kva som er ideologisk spinn, eller reint oppspinn.
Mange bidreg og kastar den svære statuen ned i vatnet. Ei stor menneskemengd står tett i tett på kaikanten, på ei bru og langs kaikanten på den andre sida . Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Få ting engasjerer historikarar og andre samfunnsengasjerte i like stor grad som forsøket til den såkalla identitetspolitiske rørsla på å stille til ansvar, og nokre gonger fjerne, historiske skikkelsar frå forteljingane våre om fortida, i tekstar eller i form av monument og statuar.

Biletet ovanfor viser Black Lives Matter-demonstrantar som 7. juni 2020 reiv ned ein statue i sentrum av Bristol i England og kasta han ut i hamna. Statuen som vart riven ned, førestilte den britiske kjøpmannen og parlamentsmedlemmen Edward Colston (1636–1721).

I utgangspunktet var Colston ein populær mann i Bristol på grunn av den verksemda si og generøse donasjonar til lokalsamfunnet. Han gav pengar til fattighus, grunnla sjukehus og kyrkjer. Heilt fram til 1960-talet var det vanleg å kalle opp bygningar og gater i Bristol etter han. Konserthuset i Bristol heitte til dømes Colston Hall, fram til 2017.

Ein kontroversiell filantrop

Problemet med Edward Colston var årsaka til at han vart så enormt rik på 1600-talet. I 1680 vart han medlem av The Royal African Company, som hadde monopol i England på all handel langs vestkysten av Afrika og på den transatlantiske slavehandelen. Han var òg nestleiaren i selskapet i 1689–1690. Her var han elles i godt selskap: Selskapet vart grunnlagt av kong Karl 2. av England, og ein veldig kjend investor var opplysningsfilosofen John Locke.

Frå slutten av 1990-talet og fram til det kulminerte med demonstrasjonen i 2020, har det vore ein prosess med å fjerne Edward Colston frå bybiletet i Bristol. Bygningar og gater har gradvis fått nye namn, og til slutt vart han altså fullt og heilt dumpa i hamna av rasande demonstrantar.

Edward Colston i dag

Dømet med Edward Colston er veldig interessant. Levetida hans var før abolisjonistrørsla (den politiske rørsla som ønskte å avskaffe slavehandelen) voks fram på 1700-talet, og dei aller fleste i dei høgare samfunnslaga, både intellektuelle, kongelege og Kyrkja, til dømes, godtok slaveri og slavehandel mens han levde. Formuen hans, som i stor grad var basert på handel med gull, elfenbein og slavar frå Vest-Afrika, vart òg brukt til gode formål i Bristol.

Så på den eine sida er det forståeleg at han har vore rekna som ein av Bristols store heltar fram til 1960-talet, men kanskje like forståeleg at han i dag er avskydd av antirasistar?

Refleksjonsoppgåve:

Var Edward Colston ein god eller dårleg mann?

Synest du det rett eller gale å fjerne han frå Bristols historie?

Kva kan vere grunnar til å gløyme han, og kva kan vere grunnar til å hugse han?

Er det i det heile mogleg å skrive berre éi historie om menneske som Edward Colston?

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021

Læringsressursar

Historiesyn og bruk av historia