Hopp til innhald

Fagstoff

Samisk historieforteljing – utanfrå og innanfrå

Den som studerer historie generelt, og kanskje minoritetsgrupper spesielt, bør alltid vere klar over eige syn og kunnskapsgrunnlag. Ein bør stille seg spørsmål som: Kvar kjem kunnskapen min frå? Kva pregar forståinga mi? Kven fortel historia?
Kong Harald ser på samisk kunst. Nokre av dei som er der, har samiske klede. Foto.

Kven fortel?

I denne artikkelen skal vi sjå at forståinga av det samiske har forandra seg opp gjennom historia, og at det er viktig å vere bevisst på kven som fortel.

Først dominerte utanfrå-perspektivet

I historiefaget har oppfatninga av det samiske variert mykje, og historia til samane blei lenge fortald frå eit vestleg, etnosentrert perspektiv. Eit etnosentrisk perspektiv betyr at ein bruker sin eigen kultur som målestokk for kva som er "bra" eller "rett" tenke- og levemåte. Dette kan føre til at ein oppfattar andre kulturar som ufullstendige eller mindreverdige (Johannessen, 2007).

Dersom vi går tilbake til 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, så var samfunnet og forskinga prega av idéar frå sosialdarwinismen. Inspirert av botanikk og biologi, der ein sorterer plante- og dyreriket i ulike artar, såg dei for seg at dei også kunne sortere og rangere menneske som ulike rasar.

Menneska blei derfor sorterte hierarkisk etter kor "utvikla" dei var. Dei trudde nemleg at nedervde biologiske eigenskapar skilde "rasane" frå kvarandre, og at nokre var betre enn andre. Ulike samfunn og kulturar var, slik dei såg det, på ulike utviklingsnivå. I den vestlege varianten blei europeiske "rasar" plasserte på toppen som mest utvikla og overlegne (Andresen et al., 2021, s.17). Samane blei plasserte på eit lågare utviklingstrinn.

I dag veit vi at menneske ikkje kan delast inn i ulike rasar, alle høyrer til den same.

Perspektivet skiftar

Portrett av Elsa Laula Renberg i kufte og med belte og lue. Foto.

Gjennom 1900-talet mobiliserer og organiserer fleire samar seg. Særleg verd å nemne er den første samekonferansen i Trondheim i 1917, og mobiliseringa i samband med Alta-saka på 1970- og byrjinga på 80-talet. Det ytre presset mot samane over lang tid var ei viktig årsak til at samane mobiliserte (Rymin og Nyysönen, 2013, i Andresen et al., 2021, s. 20).

Den darwinistiske oppfatninga av samane som lågareståande og historielause blei etter kvart forlaten – særleg etter andre verdskrigen (Andresen et al., 2021, s. 18). Den nye, kritiske haldninga kan forståast i samanheng med at det også blei ei global avkolonisering etter krigen.

Framstillinga og behandlinga av minoritetar og urfolk blei kritisert. Her i Norden gjaldt det det samiske. Frå 1960-talet og framover begynte unge, radikale forskarar å sjå samane i Norden som ein undertrykt, diskriminert og kolonisert minoritet. Over heile verda finst det mange døme på at urfolk har blitt koloniserte. Det betyr at staten har skaffa seg politisk, kulturell og/eller økonomisk kontroll over eit område eller eit folk.

Dekolonisering og aktørskap

I nyare tid er forståing av det samiske og samisk historie i aukande grad fortald av samane sjølve. Mange er i dag opptekne av å sjå samane frå eit aktørperspektiv i staden for å plassere dei i ein passiv offerposisjon. Det betyr å sjå samane som aktive historiske aktørar med evne til å handle og forme eigne liv og lagnader. Dei skal få fortelje si eiga historie innanfrå.

Dette heng saman med ein prosess i samfunnet vårt som blir kalla dekolonisering. Det vil seie "å bryte ned strukturer, lover og forestillinger som koloniseringsprosesser har skapt, og som fortsatt er virksomme i å frata urfolk og andre minoriteter menneskelighet og myndighet som kunnskapsprodusenter" (Eriksen 2021, i Eriksen et al. 2022). Dette kan til dømes vere førestillingar om samane som primitive eller historielause. Det å overføre makta tilbake til dei ein fortel om, kan kallast dekolonisering. Det er eit politisk prosjekt som har som mål å forstå urfolks perspektiv ut frå deira eigne premissar, i staden for å prøve å inkludere desse i allereie eksisterande forteljingar (Andreassen Olsen & 2020, i Eriksen et. al, 2022).

Samanfatta kan vi seie at samisk historie kan forteljast frå eit samisk perspektiv, frå eit utanfrå-perspektiv og frå ein stad imellom desse to. Det viktigaste er at du både er klar over ståstaden til historieforteljaren og over ditt eige kunnskapsgrunnlag. Å studere samisk historie er slik sett ei god øving i å forstå at historieforteljing aldri er objektiv, ho er subjektiv.

Relatert innhald

Kjelder

Andresen, A., Evjen, B .& Ryymin, T. (Red.). (2021). Samenes historie fra 1751 til 2010. Cappelen Damm Akademiske.

Berg-Nordlie, M. & Berg, B. A. (2023, 3. august). Elsa Laula Renberg.I Store norske leksikon. https://snl.no/Elsa_Laula_Renberg.

Eriksen, K. G., Aamaas, Å. & Bjerknes, A.-L. (2022). Å lytte til - og engasjere seg i fortellinger. Dembra, Holocaustsenteret. https://www.usn.no/getfile.php/13714968-1654930178/usn.no/aktuelt/Refleksjonsverktoy-urfolk-2022.pdf.

Hansen, L. I. & Olsen, B. (2022). Samenes historie fram til 1750. Cappelen Damm Akademiske

Johannessen, S. F. (2022, 24. august). Etnosentrisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/etnosentrisme.

Sannhets og forsoningskommisjonen. (2023, 1. juni). Sannhet og forsoning - grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner. Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen. (Dokument 19, (2022-2023): Hentet fra https://www.stortinget.no/globalassets/pdf/sannhets--og-forsoningskommisjonen/rapport-til-stortinget-fra-sannhets--og-forsoningskommisjonen.pdf.

CC BY-SASkrive av Susanne Watterud.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2024

Læringsressursar

Historiesyn og bruk av historia