Hopp til innhald

Fagstoff

Befolkningsutvikling og flytting i Noreg på 1900-talet

I løpet av 1900-talet vaks befolkninga i Noreg kraftig. Utvandring, innvandring og flytting internt har også bidrege til å endre busetjingsmønsteret i Noreg.
Eit stort skip ligg ved kai. Mange folk står ved rekka på skipet, og mange står på kaia. Ei kran står på kaikanten. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Befolkningsutvikling i Noreg på 1900-talet

I løpet av 1900-talet voks befolkninga i Noreg frå 2,2 millionar i 1900 til 5,4 millionar i 2022. Fram til 1920 var det svært høge fødselstal i Noreg, men dette minka i tida fram mot andre verdskrigen. Etter andre verdskrigen og til 1960-talet auka fødselstala igjen, mens det har sokke framover mot i dag. Den er no låg, men befolkninga held fram med å auke, delvis på grunn av innvandring.

Utvandring

I første halvdel av 1900-talet var Noreg eit utvandringsland. Sidan 1830-talet hadde det vore stor utvandring, først og fremst til Amerika. Første verdskrigen sette ein mellombels stoppar for dette, før utvandringa igjen tok seg opp fram til den økonomiske verdskrisa stansa utvandringa heilt på 1930-talet.

Utvandringa, spesielt til USA i andre halvdel av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet, spelte ei stor rolle både for utviklinga i den samla befolkninga i landet og for den regionale befolkningssamansetjinga.

Dei siste tiåra har utvandringa frå Noreg auka mykje. Sannsynlegvis har utvandringa vore høgare enn under dei store utvandringsbølgene på 18- og 1900-talet, men tala er ikkje heilt samanliknbare sidan det tidlegare berre var oversjøisk utvandring det vart ført statistikk over.

Innvandring

Samtidig som vi fekk lågare fødselstal i Noreg frå 1960-talet, auka innvandringa til Noreg. Ein innvandrar er ein person som har opphald og bur i Noreg, men er fødd i utlandet av utanlandsfødde foreldre.

Fram til 1970-talet var innvandringa til Noreg relativ låg, men no gjekk Noreg frå å vere eit utvandringsland til å bli eit innvandringsland. Det vil seie at fleire innvandrar enn utvandrar. Innvandringa til Noreg har skjedd i ulike fasar:

  • Arbeidsinnvandring frå Asia på 1970-talet. Den største gruppa var pakistanarar. I 1975 innførte Stortinget innvandringsstopp for å avgrense arbeidsinnvandringa.

  • Familieinnvandrarar og asylsøkarar på 1980 og 1990-talet. Dette inkluderer dei som kom for å gjenforeinast med familie.

  • I 2004 vart Den europeiske unionen (EU) utvida. Dette gjorde det enklare for arbeidsinnvandring frå dei nye EU-landa i Aust-Europa. I tillegg til innvandring frå nabolanda våre har det komme særleg mange innvandrarar frå Polen og Litauen.

Etter hundreårsskiftet har nettoinnflyttinga til Noreg hatt særleg sterk vekst. I toppåra 2011 og 2012 utgjorde nettoinnvandringa cirka 47 000 personar, men seinare har innflyttinga til Noreg minka mykje. Dette kjem både av lågare innvandring og auka utvandring.

Flyktningar og asylsøkarar

Ein er ein person som har flykta på grunn av fare for sitt liv. Flyktningkonvensjonen seier at alle menneske har rett til å søke vern i eit anna land, og at flyktningar ikkje kan returnerast til land der dei vil bli forfølgde.

Før andre verdskrigen flykta mange jødar frå Tyskland, Austerrike og Tsjekkoslovakia. Talet som kom til Noreg er usikkert sidan mange drog vidare eller oppheldt seg illegalt i landet, men sannsynlegvis levde mellom 1500 og 2000 jødiske flyktningar i Noreg.

Under andre verdskrigen flykta cirka 60 000 nordmenn til Sverige. Dette var alt frå folk som ønskte å sleppe unna krigssonene, til unge menn som ville halde fram kampen mot Tyskland frå utlandet. Og det var jødar som klarte å komme seg unna.

To menn med ryggsekk langs ein skogsveg. Den eine mannen peikar mot åsane i bakgrunnen. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter andre verdskrigen var mange menneske på flukt i Europa, og Noreg var eit av mange land som tok imot desse flyktningane. I 1953 vart Det Norske Flyktningeråd oppretta for å organisere det praktiske ansvaret for å ta imot dei. Vidare under den kalde krigen tok Noreg imot flyktningar frå kommunistiske regime.

På 1970-talet vart det lettare å reise langt, men etter at Stortinget stansa arbeidsinnvandringa i 1975 vart det vanskelegare å få opphald i Noreg. Politisk asyl, også kalla flyktningstatus, var eit av dei viktigaste grunnlaga for opphald i Noreg. Utover 1980-talet og fram til i dag har talet på asylsøkarar auka kraftig. Desse har komme frå område prega av krig eller frå land der styresmaktene forfølger eiga befolkning.

Flyttemønster internt i Noreg

Innanlands flytting skjer på grunn av ei rekke faktorar. Dette kan vere moglegheiter for arbeid, utdanning, buforhold, bustadprisar, og dessutan tilknyting til staden ein flyttar til. Det er mest vanleg å flytte for personar i 20-30-åra.

På 1800-talet og fram til første verdskrigen var det to store flyttemønster innanlands i Noreg. Flyttestraumane gjekk frå bygder til byar og tettstader. I tillegg flytta menneske mellom regionar i Noreg, til dømes til Nord-Noreg for å utnytte moglegheiter knytte til fiske og ledig jord.

Etter andre verdskrigen vaks befolkninga i Noreg raskt, og nesten halve befolkninga budde endå i distrikta. I tiåra etter krigen gjekk fleire bort frå tradisjonelle livsformer knytte til landbruk og fiske, og flytta til byar og tettstader. Tempoet var så høgt at folketalet for første gong sokk i distrikta. Mange kalla dette ei "flukt frå landsbygda".

Tilstrøymingane frå utkantane inn mot sentrum ser vi tydelegast i Oslo-området. Her vaks befolkninga dramatisk på 1950- og 60-talet, og for å komme den store innflyttinga i møte vart dei første drabantbyane i Groruddalen og Østensjøbyen bygde. Også andre byar, som Bergen og Trondheim, fekk moderne forstadsområde der befolkninga pendla inn til bykjernen.

Frå 1970-talet endra flyttemønsteret seg noko. Nettoinnflyttinga til sentrale strøk minka. Dette heng saman med reduserte fødselstal og aukande satsing på arbeidsplassar i distrikta. Innføringa av a i 1967 bidrog også til å bremse utflyttinga frå distrikta.

Utover 1980-talet og fram til i dag har Oslo-området og andre storbyar opplevd sterkare vekst igjen. Dette er delvis på grunn av auka tilflytting frå distrikta, men også innvandring av folk som i stor grad buset seg i sentrale strøk.

Menneske ute mellom dei tre etasjar høge bustadblokkene. Mennene har hatt og frakk, eit par barnevogner og éin enkelt bil er også med på biletet. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturmøte

På 1900-talet har det komme folk til Noreg frå gradvis fjernare strøk. I første omgang kom innvandringa frå naboland, og seinare frå resten av Europa. Frå 1960-talet byrja det å komme innvandrarar frå andre kontinent. I mange tilfelle har innvandrarane vorte plasserte nedst på den sosiale rangstigen, men hovudmønsteret er at alle innvandrargrupper frå tidlegare epokar er klassemessig og sosialt integrerte i Noreg.

For ein innvandrar vil det alltid vere vanskeleg å møte eit nytt samfunn, og å komme til Noreg er ikkje noko unntak her. Tilpassing til nye samfunn er ein smertefull prosess, men i dei fleste tilfella har det lykkast her. Dette er ikkje berre tilfelle for dei som har flytta til Noreg frå andre land. På 1950- og 60-talet vart tilflytta nordlendingar i Oslo diskriminerte på bustadmarknaden fordi dei vart sett på som brautande, primitive og drikkfeldige.

Annonse om møblert hybel til leige. Teksten seier "ikke nordlending". Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Benum, E. (2015, 25. november). Oslo får drabantbyer. Noregshistorie. https://www.norgeshistorie.no/velferdsstat-og-vestvending/1840-oslo-far-drabantbyer.html

Brochmann, G. (2015, 25. november). Den nye innvandringen. Noregshistorie. https://www.norgeshistorie.no/oljealder-og-overflod/1955-den-nye-innvandringen.html

Grimnes, O. K. (2015, 25. november). Flukten til Sverige. Noregshistorie. https://www.norgeshistorie.no/andre-verdenskrig/1753-flukten-til-sverige.html

Lange, E. (2020, 5. november). Flukten fra landsbygda. Noregshistorie. https://www.norgeshistorie.no/velferdsstat-og-vestvending/1802-flukten-fra-landsbygda.html

Lorenz, E. (2020, 10. desember). Hitler-flyktninger i Norge. Noregshistorie. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/forste-verdenskrig-og-mellomkrigstiden/1652-hitler-flyktninger-i-norge.html

Myhre, J. E. (2021, 9. juni). På flyttefot til og innen Norge. Noregshistorie. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1505-pa-flyttefot-til-og-innen-norge.html

Thorsnæs, G. (2022, 19. april). Norges befolkningsutvikling. I Store norske leksikon. https://snl.no/norge_-_befolkningsutvikling

Tønnesen, M. (2022, 3. mars). Innvandring. I Store norske leksikon. https://snl.no/innvandring

Tønnesen, M. (2022, 8. februar). Migrasjon. I Store norske leksikon. https://snl.no/migrasjon

Tønnesen, M. (2022, 19. april). Utvandring. I Store norske leksikon. https://snl.no/utvandring

Seeberg, M. L. (2015, 25. november). Fra flukt til asyl. Noregshistorie. https://www.norgeshistorie.no/oljealder-og-overflod/1960-fra-flukt-til-asyl.html

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2022

Læringsressursar

Migrasjon og kulturmøte