Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Befolkningsutvikling: flytting i lokalsamfunnet ditt

Korleis har befolkningsutviklinga i lokalsamfunnet ditt vore? I denne oppgåva skal du bruke ulike kjelder og opplysningar for å finne svar på spørsmåla.
Gruppe beståande av rundt 25 vaksne og barn på garden Stor-Stav i Ringsaker i Hedmark i cirka 1903. Både tenestefolk og gardeigarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips

Bruk folketeljingane som du finn på ssb.no eller digitalarkivet.no. Du kan velje å sjå på fylkesnivå (amt) eller kommunenivå (sokn).

Du kan også bruke gamle utgåver av lokalaviser og lokalarkivet sine kjelder – og skulebibliotekaren har sikkert fleire tips til korleis du kan gå fram.

Oppgåve 1.1800-talet

  1. Korleis var befolkningsutviklinga i lokalsamfunnet ditt på 1800-talet?

  2. Samanlikn tala for ditt område med tala frå andre delar av landet.

Oppgåve 2.1900-talet

  1. Korleis var befolkningsutviklinga på 1900-talet i det området du har valt?

  2. Kva med dei siste tiåra – kva er trenden der du bur?

Oppgåve 3. Flytting

  1. Bruk push- og pull-faktorar til å forklare kvifor folk har flytt til og frå lokalsamfunnet ditt.

  2. Korleis har push- og pull-faktorane endra seg i lokalsamfunnet ditt frå 1800-talet til i dag?

Oppsummering

Samanfatt til slutt i klassen.

Push- og pull-faktorar
  • Push-faktorar er det som "dyttar" folk vekk frå der dei bur, til dømes fattigdom eller krig.

  • Pull-faktorar er det som "trekkjer" folk til staden dei reiser til, til dømes tilgang på dyrkbar jord.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2022

Læringsressursar

Migrasjon og kulturmøte