Hopp til innhald

Fagstoff

På flyttefot i Noreg på 1800-talet

Frå rundt 1830 til 1920-talet utvandra mange nordmenn til andre land, spesielt til Amerika. I same tidsrom kom det mellom 100 000 og 200 000 innvandrarar til Noreg. Dessutan flytte veldig mange innanfor landegrensene.
Vadsø på slutten av 1800-talet. Trehusbusetnad ved sjøen. Nokre få båtar i framgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flytting i Noreg

På 1800-talet hadde befolkningsvekst, industrialisering og modernisering i Noreg ført til at det var færre moglegheiter på bygdene – og langt fleire i byane, i utlandet eller andre stader i landet. Derfor vart det stadig vanlegare at folk flytte på seg. I hovudsak kan vi snakke om to store flyttemønster innanlands på 1800-talet og fram til utbrotet av den første verdskrigen:

  • Den eine flyttestraumen gjekk frå bygder til byar og tettstader. Dei nye industristadene og dei største byane tiltrekte seg flest menneske. Dette gjaldt spesielt hovudstaden Kristiania (Oslo).

  • Den andre flyttestraumen gjekk mellom regionar. Til dømes flytte mange til Nord-Noreg på grunn av moglegheitene knytte til fiske og fordi det var mykje ledig jord.

Innvandring til Noreg

Den største gruppa med innvandrarar til Noreg på 1800-talet kom frå Sverige. Over 100 000 personar kom frå Sverige til Noreg i andre halvdel av 1800-talet. I tillegg kom det grupper med danskar, finnar, tyskarar, britar og enkelte jødar. Inga av desse gruppene bestod av meir enn 4000 personar.

Svenskar og finnar busette seg i både byar og bygder. Finnane, eller kvenane, busette seg først og fremst i Nord-Noreg, mens skogfinnane busette seg i grenseområda på Austlandet. Svenskane fann seg til rette rundt Oslofjorden. Andre grupper med innvandrarar busette seg først og fremst i byane.

I filmen Svenskene kommer! får du eit historisk blikk på svensk arbeidsinnvandring til Noreg.

Kulturmøte

Dei fleste innvandrarane vart lett integrerte i det norske samfunnet. I mange tilfelle vart dei assimilerte. Det vil seie at minoritetskulturen vel eller blir tvinga til å ta over majoritetskulturen, og dermed mister den opphavlege kulturen sin.

For svenskane var språk og kultur såpass nærskylde at integreringa gjekk raskt. For andre nasjonalitetar var det naudsynt å lære seg språket raskt for å få arbeid.

Kvenane i Finnmark brukte lengre tid på lære seg språket, men vart integrerte over tid. Enkelte stader dominerte ulike innvandrargrupper lokalmiljøet. Det gjaldt til dømes "svenskebyen" i Halden og "kvenbyen" i Vadsø.

Sjå episoden Jakten på Norge 1814–2014: På vandring frå NRK Skole for å lære meir om utvandring, innvandring og flytting i Noreg.

Kjelde

Myhre, J. E. (2021, 9. juni). På flyttefot til og innen Norge. I Norgeshistorie. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1505-pa-flyttefot-til-og-innen-norge.html

Relatert innhald

Kvenane er ein norsk minoritet som har vandra frå Nord-Finland og Nord-Sverige.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2022

Læringsressursar

Migrasjon og kulturmøte