Hopp til innhald

Fagstoff

Utvandring frå Noreg

I perioden 1836–1920 utvandra 800 000 nordmenn til andre land. Dei fleste drog til Amerika, men mange drog til andre verdsdelar. Noreg var det nordiske landet som hadde størst utvandring i forhold til folketalet. Kvifor valde så mange nordmenn å utvandre?

Utvandring frå Noreg

På grunn av industrialisering og modernisering i Noreg begynte nordmenn i løpet av 1800-talet å flytte på seg. Mange drog frå bygdene til byane, mens andre drog utanlands. Den mest omtalte utvandringa frå Noreg gjekk til Nord-Amerika, men nordmenn utvandra også til Australia, New Zealand, Sør-Amerika, Afrika og resten av Europa.

Vi reknar med at det første skipet med emigrantar frå Noreg var "Restauration", som reiste frå Stavanger sommaren 1825 i retning New York. Det var 52 menneske om bord, og mange av desse var kvekarar og haugianarar som søkte religionsfridom i Amerika.

Utvandringsbølgjer til Amerika

Frå 1830-talet vart utvandringa frå Noreg regelmessig, og frå midten av 1860-talet fekk vi det vi kallar for tre store utvandringsbølgjer:

  • frå 1866 til 1873

  • frå slutten av 1870-åra til starten av 1890-åra

  • frå 1903 til rundt 1910

Frå 1866 var det mange gardbrukarar som emigrerte, men etter kvart var det ein minst like stor del med byfolk som sette kursen mot Amerika. Dei første tiåra hadde vi det vi kallar familieemigrasjon. Nokre gonger emigrerte heile familien saman, men det vanlegaste var nok at mannen flytte først. Når han hadde fått etablert seg, kom kona og barna etter. At mennene flytte først, har samanheng med både at det var mannsoverskot i dei periodane utvandringa var størst, og at det gjerne var dei som tok initiativ til å reise. Dei siste tiåra var det ofte enkeltpersonar, også då flest menn, som reiste over.

Ein familie står framfor eit tømmerhus. Det er både vaksne og barn, og dei viser fram avlinga frå garden. Ved sida av dei er det to hestar som trekkjer ei vogn. Dette er ein nybyggjarfamilie i Minnesota i 1895. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor utvandra så mange?

Fram til den første verdskrigen var Noreg det europeiske landet som hadde nest størst utvandring i forhold til folketalet. Berre Irland hadde meir. Det er fleire forklaringar på kvifor så mange valde å emigrere til Amerika. Det vi veit, er nemleg at det er altfor lett å peike på enkeltårsaker.

Den enorme folketalsveksten, som førte til overbefolkning i norske bygder, er éi forklaring. Det same er økonomiske kriser på 1870-talet. Det er likevel ingen grunn til å tru at det var naud og elende som fekk nordmenn til å emigrere. Samanlikna med andre europeiske land hadde Noreg ein forholdsvis høg levestandard og sterk økonomisk vekst.

Private årsaker, eventyrlyst og moglegheiter for arbeid andre stader spelte inn. Mange europearar såg på Amerika som "moglegheitenes land". Dette gjaldt spesielt nordmenn og kan kome av at mange nordmenn hadde kontakt med omverda gjennom skipsfart, og at folk hadde lese- og skriveferdigheiter.

Amerikabrev

Etter kvart vart utvandringa ei drivkraft i seg sjølv. At nokon hadde drege tidleg og sende brev heim om kor fantastisk alt var "over there", lokka mange til å reise. Heime var det tronge forhold, og mange ønskte seg eit nytt og betre liv i Amerika.

Gammal konvolutt med namn og adresse. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Push- og pull-faktorar

Når ein skal forklare kvifor folk flytter på seg, kan ein også bruke omgrepa push- og pull-faktorar:

  • Push-faktorar er det som "dyttar" folk vekk frå der dei bur.

  • Pull-faktorar er det som "trekkjer" folk til staden dei reiser til.

Påverknad på det norske samfunnet

Jostein Nerbøvik skriv at utvandringa fungerte som ein slags sikringsventil for det norske samfunnet ved at ho tok av for det store fødselsoverskotet. Utan den store utvandringa ville befolkningsveksten skapt større problem for samfunnet og ressursfordelinga. I tillegg gav utvandringa folk eit alternativ til å flytte til byen viss dei ikkje hadde moglegheit til å halde fram i jordbruket.

Folk hadde flytt før òg, men over mindre avstandar og med mindre drastiske endringar for livssituasjonen. Med utbygginga av vegar og transportmoglegheiter i løpet av 1800-talet vart det enklare å bryte opp og flytte til tettstader eller byar – eller til eit heilt anna land.

Tenk gjennom

Kva push- og pull-faktorar kan brukast til å forklare innvandring og utvandring til og frå Noreg i dag?

Kjelder

Myhre, J. E. (2020, 2.november). Utvandring fra Norge. I Norgeshistorie. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1537-utvandring-fra-norge.html

Nerbøvik, J. (1999). Norsk historie 1860–1914: eit bondesamfunn i oppbrot. Samlaget.

Pryser, T. (1999). Norsk historie 1814–1860: frå standssamfunn mot klassesamfunn. Samlaget.

Østrem, N. O. (2006): Norsk utvandringshistorie. Samlaget.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2022

Læringsressursar

Migrasjon og kulturmøte