Hopp til innhald

Fagstoff

Nasjonalsosialismen

Nasjonalsosialismen oppstod i kjølvatnet av første verdskrigen. Rørsla var ekstremt nasjonalistisk og hadde som mål å rette opp igjen Tysklands ære etter den audmjukande Versaillesfreden.
Dei nazistiske propagandaplakatane viser marsjerande SA-soldatar og eit portrett av Adolf Hitler med den tyske teksten "Ein Kampf um Deutchland" i øvre del og den kommunistiske fienden med sovjetiske flagg og Lenin nedst. Illustrasjon.

Hitler og framveksten av nasjonalsosialismen

Adolf Hitler var sentral i etableringa av den tyske varianten av fascismen, betre kjend som nasjonalsosialismen. Rørsla oppstod i kjølvatnet av det tyske krigsnederlaget og dei audmjukande fredsvilkåra som vart dikterte av sigerherrane i Versailles i 1919. I denne perioden var det frykt for revolusjon i Tyskland.

Hitler vart leiar for Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet (NSDAP) i 1921. Partiet fungerte som talerøyr for den frustrasjonen mange heimvende offiserar og soldatar kjende ved freden. Dei lanserte den mytiske dolkestøytlegenda si som svar på krigsnederlaget.

Dolkestøytlegenda

Dolkestøytlegenda var ein myte som gjekk ut på at Tysklands nederlag i krigen kom av at den tyske befolkninga var blitt utsett for sosialistisk og pasifistisk propaganda under krigen. Av den grunn hadde dei tyske militære styrkane ved fronten vorte svikta av sitt eige folk og "dolka i ryggen". I den nasjonalsosialistiske forståinga vart myten brukt som ei antisemittisk dolkestøytlegende med ei forteljing om at ein jødisk konspirasjon hadde forrådd den tyske hæren under første verdskrigen.

Som austerrikar deltok Adolf Hitler frivillig i dei tyske styrkane under første verdskrigen. Ved fredsslutninga 11.11.1918 låg han, som følge av eit gassangrep, på sjukehus, og skal ha uttrykt at "det var den verste dagen i hans liv".

Hitler viste seg å vere ein framifrå politisk talar og steig raskt i partiet. Størst var oppslutninga i Bayern, der det etter italiensk mønster vart oppretta paramilitære . Dei skulle leie gatekampane mot sosialistiske parti. I takt med medlemsveksten til partiet vart SA bygd ut med avdelingar over heile landet.

Inspirert av marsjen til fascistane mot Roma i 1922 gjekk Hitler og nasjonalsosialistane til verks under dei politiske krisene i 1923. Med støtte frå kjende krigsveteranar marsjerte rørsla mot delstatsforsamlinga i Bayern. Motivet var at dette skulle vere starten på ein nasjonal revolusjon i Tyskland. Dette såkalla vart slått ned, og fleire av leiarane for aksjonen vart arresterte og dømde. Adolf Hitler nytta rettssaka til eit politisk forsvar for nasjonalsosialismen.

Mein Kampf

Bokomslag til Mein Kampf av Adolf Hitler. Foto.

Dommen for høgforræderi vart likevel overraskande låg for Hitler. Han fekk ein dom på fem år, der cirka ni månader vart sona. Styresmaktene såg tydelegvis gjennom fingrane med han fordi dei paramilitære SA-gruppene kjempa mot kommunismen og revolusjonsforsøk i Tyskland.

Under soninga skreiv Hitler store delar av boka Mein Kampf. Der forma han ut idéane som skulle bli det ideologiske fundamentet for nasjonalsosialismen i Tyskland.

Ein viktig lærdom for Adolf Hitler etter ølkjellarkuppet var at rørsla frå no av måtte vinne innverknad for ein nasjonal revolusjon i Tyskland gjennom utbygging av partiet og ved å søke oppslutning ved val.

Den nasjonalsosialistiske ideologien

Misnøye med Versaillestraktaten

I den nasjonalsosialistiske propagandaen vart skulda for Versaillesfreden lagd på sosialdemokratar og kommunistar. Den første presidenten i var sosialdemokraten Friedrich Ebert, og det var han som måtte underteikne den audmjukande Versaillestraktaten. Den tyske republikken fekk store økonomiske problem frå første stund, noko nasjonalsosialistane visste å utnytte til fulle på deira veg til makta.

Stat og leiarskap

Nasjonalsosialismen var antidemokratisk. Han bygde på forakt for dei manglande verkemidla demokratiet hadde for å løyse dei økonomiske og politiske utfordringane i mellomkrigstida. For å rette opp igjen Tysklands ære måtte det gjennomførast ein nasjonal revolusjon, leidd av føraren og med partiapparatet til å kontrolle staten. Føraren skulle leie massane gjennom vilje, disiplin og lojalitet til planen om "siger på alle frontar".

Den som blir leder, får uinnskrenket autoritet, men har også et stort ansvar. Den som er for feig til å ta på seg følgene av sine handlinger, duger ikke som leder. Bare helter er kallet til å bli ledere.
(…)
Om bevegelsen deltar i parlamentariske forsamlinger, så kan den gjøre dette bare for å ødelegge disse som vi mener er menneskehetens verste forfall.
(Adolf Hitler, Mein Kampf)

Ekstrem nasjonalisme

Nasjonalsosialismen hevda at dei var det rette botemiddelet for å rette opp igjen den tyske æra. Målet var å bygge Tyskland opp til ei militær stormakt og hente tyskarar "heim til riket". I Mein Kampf argumenterte Hitler for at Tyskland trong å utvide "livsrommet" sitt (Lebensraum) mot aust. Under andre verdskrigen viste nazismen dette i praksis, der germanarane skulle fungere som ein naturleg herskarklasse over dei slaviske folkeslaga.

Rasebiologien

Utgangspunktet for ideologien var den tyske nasjonen. I ein nasjonalsosialistisk kontekst er nasjon, folk og rase eitt. Rasen var den viktigaste fellesskapen i samfunnet, ifølge Hitler. Idéane tok utgangspunkt i allereie eksisterande oppfatningar i Europa. Andre folkelege framandelement og svakheiter i arvematerialet måtte reinskast ut til fordel for ein rein arisk rase, som skulle dominere framtida.

Blodblandingen og den derav følgende tilbakegangen i rasenivå er den eneste årsaken til at alle kulturer dør ut, for mennesket går ikke under som følge av en tapt krig, men på grunn av tapet av den motstandskraften som tilhører det rene blodet.
(Adolf Hitler, Mein Kampf)

Antikommunistisk

Nasjonalsosialismen hadde berre forakt for alle unasjonale element i samfunnet. Verst var kommunismen og det internasjonale . At fleire av kommunistleiarane var av jødisk opphav, gav næring til myten om ei jødisk-kommunistisk samansverjing om verdsherredømme.

Rasisme og antisemittisme

I den nasjonalsosialistiske forståinga av "rase" vart raseteoriane i samtida brukte, utvikla og tilpassa deira eigen rasebiologi. Omgrep som ariarar og semittar vart henta frå Det gamle testamentet, og med sosialdarwinistiske idéar tilpassa deira heilt eigne logikk. Trass i logiske brester og feilslutningar fekk rasebiologien mykje å seie i Europa i tida framover.

Hitlers forakt for jødane gjekk inn i ein lang historisk tradisjon, men fekk i Hitlers Nazi-Tyskland uhøyrde konsekvensar for jødane. Raseblanding var, ifølge Hitler, forbode og ville føre til "degenerering av arvematerialet i rasen". Etter krakket og den økonomiske verdskrisa frå 1929 fekk jødane òg skulda for følgene av den spekulative kapitalismen. Vegen til Holocaust låg berre eit tiår fram i tid.

Moderne og tilbakeskodande

Nasjonalsosialistane brukte moderne verkemiddel for å nå måla sine, men hadde eit tradisjonelt syn på kjønnsroller og andre verdiar. Film, radio og reklame vart flittig brukt i propaganda og formidling av den nasjonalsosialistiske ideologien. Moderne teknologi vart utnytta av rørsla for å nå ambisjonane sine. Likevel var ideala tilbakeskodande, med draumar om ei svunnen tid der naturlege autoritetar sikra orden, familien utgjorde fundamentet for samfunnet og plassen til kvinnene var i heimen.

Mytane

Samla sett blir dei nazistiske idéane sameinte i ein nasjonalsosialistisk myte. Mange kan hevde at "sanninga ikkje er tilstrekkeleg for å setje massane i rørsle". Konspirasjonar og rykte kan gjerne vere spennande, mens sanninga kanskje er meir kjedeleg.

Dei nasjonalistiske leiarane heldt rørsla oppe ved å halde mytane levande. I ei førestillingsverd der sanninga heile tida må underordnast det handlingane krev, blir grenselinjene mellom løgn og sanning flytande og etter kvart uvesentleg. Først etter andre verdskrigen vart den nasjonalsosialistiske myten avkledd og freista fjerna frå den politiske dagsordenen.

Kjelde

Hatlehol, G. D. (2021, 17. april). Dolkestøtlegenden. I Store norske leksikon. https://snl.no/dolkest%c3%b8tlegenden

Relatert innhald

Den italienske fascismen oppstod som ein respons på første verdskrigen, kommunistfrykt og lita tiltru til det politiske systemet i landet.

Den økonomiske verdskrisa på 30-talet bidrog til at Weimarrepublikken fall i 1933 og vart erstatta med eit nasjonalsosialistisk diktatur.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2022

Læringsressursar

Undertrykking, terror og folkemord