Hopp til innhald

Fagstoff

Frå jødehat til antisemittisme

Antisemittismen har anar tilbake til mellomalderen. Etter maktovertakinga til nazistane i 1933 vart antisemittisme offisiell politikk i Tyskland. Gjennom lovverk og organiserte boikottkampanjar vart jødane forfølgde og etter kvart plasserte i gettoar og konsentrasjonsleirar.
Hitler går føre rekkene av oppstilte unge menn i Hitlerjugend-uniformer. Dei har knebukser, korterma skjorter og kvite strømper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå jødehat til antisemittisme

Romarane i antikken såg på jødane med skepsis og frykt for det framande sidan jødane hadde sine særeigne ritual og religiøse praksis. I tidleg mellomalder var fiendskapen mellom jødar og kristne av meir religiøs art. Dette utvikla seg etter kvart til skuldingar frå dei kristne om at "jødane forgifta brønnane" og andre bisarre rykte som skulle forklare uår, epidemiar og liknande. Frå høgmellomalderen vaks det fram antijødiske haldningar i det kristne Europa, og det kom lover som diskriminerte jødiske folkegrupper.

Moderne antisemittisme skilde seg likevel radikalt frå tidlegare samfunns jødefiendtlege haldningar og forfølgingar. På 1900-talet oppstod ein kvasivitskapleg rasevitskap og ein konspirasjonsteori om at "jødane ønskte verdsherredømme". Antisemittismen som ideologi vart utforma for å kunne grunngi og legitimare handlingar mot jødane.

Rasevitskapen tok utgangspunkt i idéen om at ulike kulturar hadde ulike utviklingsnivå og potensiale. Øvst på rangstigen stod germanarane, lenger ned slaviske folkeslag og nedst jødane.

Antisemittismen i Nazi-Tyskland

Antisemittiske idéar var kjende for nazistane og støttespelarane deira i 1920-åra og frå Hitlers Mein Kampf. Likevel trudde ikkje tyskarar flest på at dei systematiske jødeforfølgingane skulle bli sette ut i livet.

Med maktovertakinga til nasjonalsosialistane i 1933 vart jødane framstilte som "ein parasittisk rase", som saug ressursar ut av tyskarane og verda elles. Antisemittisk propaganda spreidde desse haldningane i skulen, ungdomsorganisasjonar, i pressa og elles på ulike nivå i samfunnet. Propagandaen mot jødane hadde til hensikt å sameine det tyske folket og kjempe mot og eliminere det nazistane meinte var utyske og svake element i befolkninga. Rørsla brukte konspirasjonsteoriar til å egge det tyske folket til mistru mot den "hemmelege fienden", og dei hevda at det gjekk føre seg ein eksistensiell kamp germanarane måtte vinne for å hindre "jødisk verdsherredømme".

Jean-Paul Sartre: ... "dersom jøden ikke eksisterte, ville antisemitten ha funnet ham opp."

(Sartre, 1946/1963, s. 9)

Ein nasjonalsosialistisk karikatur av ein pengegrisk og kommunistisk jøde. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nürnberglovene

Med nasjonalsosialismen som statsberande ideologi skulle den nasjonale revolusjonen gjennomførast med Adolf Hitler som folkets førar og diktator. Den antisemittiske propagandaen vart brukt for å legitimere lovendringar som ramma Tysklands jødar. Gjennom ei rekke lover, kalla , frå 1935 vart lovverket aktivt brukt mot jødane i Tyskland. Dette var ein tilsikta og organisert statleg politikk "til vern av tysk blod og ære", som mellom anna forbaud ekteskap mellom ariarar og jødar. I tillegg kom riksborgarlova, som slo fast at berre personar med tysk eller nærståande blod kunne vere tyske borgarar. Eit intrikat organisasjonskart vart brukt til å registrere kven som kunne definerast som jødar og fråtakast posisjonar og rettar i staten.

Open trakassering av jødar vart no utbreidd, og boikottaksjonar mot jødiske forretningar, lækjarar med meir vart sette i verk. I tillegg vart mange jødar og politisk opposisjonelle sende til dei nyetablerte konsentrasjonsleirane.

Antisemittisk propaganda

Jødane i Tyskland utgjorde 1 % av befolkninga i 1933. Med aukande trakassering og antisemittisk propaganda valde mange jødar å flykte frå Tyskland. Mange land hadde på 30-talet strenge immigrasjonsreglar og valde i mange tilfelle ikkje å ta imot dei jødiske flyktningane. 130 000 greidde å komme seg ut av Tyskland. Fram mot krigsutbrotet fanst det fleire døme på jødiske flyktningar som måtte returnere til ein uviss lagnad i Tyskland og andre land i Europa. Dei fleste jødane i tyskokkuperte område under krigen enda i dødsleirane.

Krystallnatta

Jødeforfølgingane vart ytterlegare intensiverte då nazistane aksjonerte mot jødiske bustader, forretningar og synagogar i heile Tyskland 8. og 9. november 1938. Den aksjonen har for ettertida vorte kalla . I ein organisert statleg aksjon fekk lokale SA-grupper fritt spelerom til å kjempe ned jødar med alle middel over heile Tyskland.

Krystallnatta markerte ei eskalering av forfølgingane av jødane i Tyskland. Fleire enn 30 000 jødar vart då arresterte og sende til konsentrasjonsleirar. I løpet av 1939 vart jødiske barn fullstendig stengde ute frå den offentlege skulen, og jødar vart tvangsflytta frå heimane sine til eigne "jødehus" i ulike gettoar.

Kilde

Sartre, J. P. (1963). Tankar om jødespørsmålet (B. Jensen, Overs.). J. W. Cappelens Forlag. (Opphavleg gitt ut 1946).

Relatert innhald

I løpet av seinmiddelalderen og tidleg nytid vart mange jødar utviste frå fleire land og vist til område der dei kunne busetje seg i Europa.

Under andre verdskrigen bestemde nazistane seg for setje i verk den endelege løysinga på det "jødiske spørsmålet".

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Undertrykking, terror og folkemord