Hopp til innhald

Fagstoff

Jødane i Europa

I løpet av seinmellomalderen og tidleg nytid vart mange jødar utviste frå fleire land. Dei måtte emigrere til område der dei fekk lov til å busetje seg. På 1700-talet var størstedelen av jødane busette i Aust-Europa og viste til eigne landsbyar eller til jødekvartal i dei største byane.
Fire menn og eitt barn gjer opp ein handel ved eit bord. Mennene har lange skjegg og ulike typar høge luer. Ein har breibremma hatt. Barnet har kipa. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jødane

Jødanes historie i Europa har vore prega av både forfølging og samarbeid til ulike tider og i ulike regionar. Jødane hadde si eiga tru og sine eigne ritual. Allereie romarane og etter kvart òg dei kristne såg på dei med skepsis. Det gav grobotn for konfliktar.

Korstoga i høgmellomalderen endra vilkåra til jødane i England og Frankrike. Frå England vart 6000 jødar forviste i 1290, og dei få som var igjen, vart fordrivne i 1358. Dei same prosessane skjedde i Frankrike, der dei siste jødane vart kasta ut i 1394.

Det fanst òg jødiske grupper i dei tyskspråklege landa. Martin Luther (1483–1546) forsvarte jødane mot forfølging og hån frå dei kristne i starten av reformasjonen, men på sine eldre dagar gav han ut eit sterkt jødefiendtleg skrift: "Det utvalgte folk – om jødene og deres løgner" (1543). Dette bidrog til antijødiske haldningar i protestantiske område.

"Jødene og deres løgner"

De nuværende jøder er en suppe av løse knekter, skyllet sammen fra hele verden og som har sammenrottet sig og utbytter landene med sin åger og sitt forræderi, forgifter brønnene, tvinger sine varer frekt inn på folket, stjeler barn og gjør alle slags andre skjendige skader.

(Luther, M. (1543/1940), s. 14)

Ordforklaring:
åger – ulovlege eller urimeleg høge renter av pengelån

Fleire stader i Europa vart det å eige jord og tilgang til handverksyrka forbode for jødar. Derfor måtte jødane ofte livnære seg som handelsmenn og pengeutlånarar, og jødekvartal dukka opp i mange europeiske byar. Kyrkja forbaud kristne å ta renter for lån, men kyrkje og stat brukte gjerne jødiske mellommenn for å sikre eigne finansar og eigen handel.

Den kristne skepsisen mot jødane førte til skuldingar om at jødane var griske pengeutlånarar. Jødane fekk òg skulda for uår, pestepidemiar og andre uforklarlege fenomen som skjedde.

Det muslimske Spania

På den iberiske halvøya var det lenge godt samarbeidsklima mellom kristne, muslimar og jødar. Med etableringa av det spanske, katolske kongedømmet i 1492, vart først jødane, og femti år seinare dei muslimske maurarane, utviste eller tvinga til å konvertere til katolisismen. Dei utviste jødane frå Spania og Portugal vart kalla sefardiske jødar.

Mange jødar emigrerte til Italia, Det osmanske riket, til Nord-Afrika eller til "den nye verda" i vest. Også i Nederland hamna mange dyktige, jødiske handelsfolk. På 1600‑talet kom dei til å spele ei avgjerande rolle i å utvikle økonomien, finanslivet og sjøhandelen i landet.

Kart over utvisinga av jødane viser store forflyttingar over heile Europa. Pilene viser òg til Nord-Afrika og over Atlanterhavet. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentral- og Aust-Europa

Mange av jødane som flykta frå forfølging i Vest-Europa i seinmellomalderen enda i Aust-Europa. I Polen, dei baltiske områda og seinare Ukraina fekk jødane betre vilkår og kunne praktisere kulturen og religionen sin. Dette vart ofte kalla "den gylne tidsalderen" for det jødiske folket. Store delar av 1600-talet var derimot ei katastrofal tid for jødane, med omfattande forfølgingar og drap frå russiske kosakkar. Etter at Polen slutta å eksistere som stat mot slutten av 1700-talet, hamna store delar av Aust-Europa under Russland. Langs Russlands vestlege grense mellom Svartehavet og Austersjøen utvikla det seg etter kvart eit system der jødar berre fekk bu i bestemde busetjingssoner, kalla

I Tsar-Russland bar den storrussiske nasjonalismen mot slutten av 1800‑talet preg av antisemittiske haldningar. Mange jødar vart utsette for ei rekke politiske og yrkesmessige avgrensingar. I tillegg fabrikkerte det hemmelege tsarpolitiet dei såkalla eit falskt dokument som hevda at det fanst ei jødisk samansverjing om verdsherredømme.

Som minoritet, med forfølgingane hengande over seg, slutta mange russiske jødar opp om den radikale opposisjonen mot tsarregimet. Mange valde å emigrere til andre land. Frå 1881 til 1914 emigrerte to millionar jødar frå Russland, Polen og dei baltiske landa til USA og Vest-Europa. I tillegg gav russifiseringa ein viktig stimulans til jødane sin eigne nasjonalisme, sionismen.

I takt med framveksten av nasjonalismen gjennom 1800‑talet vart det større kløft mellom tyskarar og den jødiske befolkninga. I Tyskland fanst det gjennom 1800‑talet ei rekke jødiske miljø som inspirerte mange tyske intellektuelle. Samtidig vart den tyske nasjonalstaten etablert, og spesielt i den ultranasjonalistiske tyske vart jødane sett på som eit framandelement.

Krig og mellomkrigstid

Under og etter første verdskrigen auka antisemittismen generelt i Europa og USA. I ei tid der behovet for syndebukkar var til stades, var jødane lette å ty til for å forklare nedgangstidene. I tillegg til den aukande skepsisen mot den kommunistiske utviklinga vart "bolsjevikjødar" eit samleomgrep for ei uønskt gruppe. I mellomkrigstida, med inntoget av nasjonalsosialistane på den politiske arenaen, vart antisemittismen sett i system i Tyskland.

Den russiske revolusjonen og maktovertakinga til kommunistane markerte eit skilje i den russiske antisemittismen. På grunn av tidlegare forfølgingar hadde mange jødar slutta seg aktivt til den russiske revolusjonen i 1917. Gjennom delar av 20-talet fekk jødane drive eigne kulturelle institusjonar og skular. Under Josef Stalin vart likevel antireligiøse haldningar dominerande i Sovjetunionen. Dette fekk konsekvensar for dei jødiske samfunna i landet.

Kjelder

Relatert innhald

Antisemittismen har anar tilbake til mellomalderen. Etter maktovertakinga til nazistane i 1933 vart antisemittisme offisiell politikk i Tyskland.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Undertrykking, terror og folkemord