Hopp til innhald

Fagstoff

Fascismen

Den italienske fascismen oppstod som ein respons på første verdskrigen, kommunistfrykt og lita tiltru til det politiske systemet i landet. I løpet av 1920-talet vart Italia ein fascistisk stat med Benito Mussolini som Il Duce eller "føraren".
Benito Mussolini i dress midt i ei stor mengde menn i svarte skjorter. Mennene nærast Mussolini har medaljar på brystet. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verknadene av krigen

Første verdskrigen endra dei tradisjonelle politiske ideologiane og skapte nye variantar. Nasjonalistisk propaganda dominerte avisene. Gjennom den hadde menn vorte oppmode til å la seg verve og til å ofre seg for fedrelandet i den store krigen. Ved slutten av krigen var dei ulike frontavsnitta omgjorde til gjørmelandskap, millionar var døde, og mange menneske var varig skadde.

Den russiske revolusjonen i 1917 skaka befolkninga, og frykta for revolusjonar i Europa utfordra dei demokratiske institusjonane. Fredsvilkåra i Versailles gagna sigerherrane, men skapte òg hemntankar og nye konfliktlinjer.

Den italienske fascismen

I dette politiske kaoset oppstod ideologien . Benito Mussolini (1883–1945) var lenge ein engasjert sosialist, men første verdskrigen endra den politiske ståstaden hans i nasjonalistisk retning. I 1919 grunnla han Det nasjonale fascistiske partiet. I rørsla vart det òg oppretta kampgrupper eller "svartskjorter". Høgresida i Italia frykta alle tilløp til streik, revolusjon eller uro i samfunnet og støtta kampen til fascistane mot internasjonalt orienterte sosialistar. Vold mot "unasjonale" element i befolkninga vart fort legitim praksis. Politi og andre styresmakter såg bort frå den fascistiske valdsbruken og tok imot den hjelpa dei kunne få i kampen mot den revolusjonære arbeidarrørsla.

Eit politisk splitta Italia med lita tiltru til demokratiet opna vegen for fascismen. Med slike vilkår vart ønsket om "ein sterk og handlekraftig leiar som vann tilbake æra i nasjonen" ønskt velkommen. Etter ei regjeringskrise i 1922 gjekk Mussolinis fascistar til verks gjennom Benito Mussolini hadde svært lita oppslutning i det italienske parlamentet, likevel utnemnde kongen han til statsminister i Italia. Vegen mot eit fascistisk diktatur var påbyrja.

Frå 1925 fungerte i realiteten Italia som ein totalitær eitt-partistat, der all politisk opposisjon var sett ut av spel. Parlamentet vart oppløyst, og seinare vart fagforeiningar og politiske parti, med Fascistpartiet som einaste unntak, forbodne. Statleg sensur fjerna kritiske meiningsytringar, som ikkje passa inn i den nasjonale revolusjonen av Italia.

Mussolini i uniform står på ei scene, heiser handa og taler til massane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rolla til staten

Frå venstresida henta fascistane idéen om ein kollektiv og sterk stat. I fascistisk kontekst skulle staten styre politikk og økonomi, og halde orden i samfunnet. Kollektivet skulle leiast av Il Duce, føraren, som skulle leie massane gjennom ein nasjonal revolusjon. Næringslivet vart bygd opp i såkalla kooperativ, med klart autoritære innslag. Her vart alle partar i arbeidslivet tvinga til samarbeid og produksjon etter statens interesser. Denne statsorganiseringa vart òg framståande i Tyskland og tyskokkuperte land under andre verdskrigen.

Romerske førebilete

Det nye, fascistiske Italia skulle uttrykkje ei moderne og framtidsretta utgåve av Romas gamle stordom. Kunst og arkitektur skulle markere reinleik, orden og maskulinitet. Fascistane dyrka uniformer og militære verdiar, og valdsbruk skulle disiplinere og herde menneskekarakteren. Desse verdiane skulle brukast i imperialistisk politikk for å skape eit nytt middelhavsrike under fascistisk innverknad.

Målet var ein sterk, sameint og moderne italiensk stat fri for klassekamp. Nasjonen var viktigare enn enkeltindivida. Demokratiet skapte, ifølgje fascistane, motsetningar i samfunnet. Alternativet var å sameine det italienske folket i kooperativ, leidd av Il Duce og den fascistiske leiinga. Kampen mot den internasjonale kommunismen var særs viktig for fascistane på deira veg mot å bli ei stormakt i middelhavsregionen.

Gjennom 1920-talet var Italia kjerneområdet til fascismen i Europa, men dei totalitære kreftene fanst i alle land. I Aust-Europa gjekk mange av landa i totalitær retning. Demokratia i Vest-Europa vart òg utfordra av fascistiske (og kommunistiske) parti gjennom mellomkrigstida, men i hovudsak bestod demokratia. Først under andre verdskrigen fekk dei fleste europearar kjenne korleis det var å leve i eit fascistisk samfunn.

Fascismen i dag?

Den italienske fascismen forsvann med Mussolinis fall og Italias tap i andre verdskrigen. Men fascismen som idé vart ikkje borte. Han gjekk berre under jorda. Etter krigen oppstod nye, mindre fascistiske parti, og Spania og Portugal heldt fram den diktatoriske styreforma si til midt på 1970-talet. Dei fascistiske kreftene har framleis appell i samfunnet i dag, spesielt som enkle og populistiske løysingar ved misnøye med det politiske systemet. Spesielt i land under press, der det er nød og knappleik på gode, kan fascistiske løysingar verke freistande.

Tenk over:

Finst det statsleiarar eller politiske parti i dag som er villige til å innskrenke demokratiet i interessa til nasjonens, staten eller partiet?

Kjelder

Relatert innhald

Nasjonalsosialismen oppstod i kjølvatnet av første verdskrigen. Rørsla var ekstremt nasjonalistisk og hadde som mål å rette opp igjen Tysklands ære.

Josef Stalin kom til makta på 1920-talet og leidde Sovjetunionen med hard hand og streng kontroll.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Undertrykking, terror og folkemord