Hopp til innhald

Fagstoff

Holocaust

Under andre verdskrigen bestemde nazistane seg for å setje i verk den endelege løysinga på det "jødiske spørsmålet". Holocaust var eit systematisk og organisert folkemord på jødane. Frå registrering av jødane i Europa til transport til gasskammera og krematoria.
Attlevande fangar i stripete drakter blir leidde ut porten av sovjetiske soldatar. Over porten står det på tysk: "Arbeit macht frei". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krigen bryt ut

Med det tyske angrepet på Polen 1. september 1939 gjekk Polens tre millionar jødar ein uviss lagnad i møte. Raskt vart jødane internerte og inntil vidare plasserte i gettoar i dei største byane. Etter angrepet på Sovjetunionen sommaren 1941 kom dei fleste av Europas jødar under tysk kontroll. I kjølvatnet av den militære framrykkinga opererte ulike Dei hadde som mål å likvidere jødar, kommunistar og andre potensielle fiendar. I stort omfang vart desse samla, likviderte og gravlagde i massegraver. I mange tilfelle hjelpte lokale krefter til i slike folkemord.

"Den endelege løysinga"

Nazistane hadde erfaringar med eigne utryddingsprogram før krigsutbrotet. For å eliminere "svake" element i den tyske befolkninga vart det sett i verk aktiv dødshjelp, eit eutanasi-program, for å spare menneska for "dårleg genmateriale". Gjennom rasjonell planlegging vart fysisk og psykisk funksjonshemma og andre med psykiske lidingar stillteiande "fjerna" ved ulike sjukehus. Denne erfaringa vart brukt i planlegginga og organiseringa av dødsleirane.

Utdrag frå Adolf Eichmanns protokoll på Wannsee-konferansen:

I staden for utvandring blir det foreslått ei evakuering av jødar til Aust-Europa som eit alternativ for å løyse det jødiske spørsmålet. Dette alternativet krev godkjenning frå "der Führer".
[...]
Under eigna leiing og som del av den endelege løysinga skal jødane nyttast som arbeidskraft i Aust-Europa. I store kjønnsdelte arbeidstroppar skal arbeidsdyktige jødar brukast til vegbygging. Det vil utan tvil føre til omfattande naturleg reduksjon blant dei.
(Protokoll, Januar 1942, s. 5 og s. 7

Under Wannsee-konferansen i januar 1942 vart "den endelege løysinga" bestemd av nazileiarane. Dette innebar eit storstilt program for å utslette alle Europas jødar. Mens konsentrasjonsleirane fungerte som oppbevaring for "fiendar av staten" og som arbeidsleirar, skulle dødsleirane systematisk likvidere jødane.

Massedrapa Einsatz-gruppene stod for i aust, var ifølge SS-leiarane ikkje effektive nok. Mange vurderte òg den psykiske effekten dette fekk for soldatane som utførte udådane. Sommaren før hadde tysk industri utvikla ein ny gasstype, Zyklon B, som effektivt kunne auke omfanget i utslettinga av jødane.

Folkemordet Holocaust var tilsikta, systematisk og godt organisert av nazileiarane. Mange SS-soldatar vart engasjerte for å drive leirane og gjennomføre utryddingsprogramma. Dødsleirane låg strategisk plasserte i nærleiken av gettoar og område med jødisk befolkning. Heile systemet hadde koordinert logistikk, frå registrering av jødar i tyskokkuperte land til transport og organisert mottak i dødsleirane. Tyskarane hadde i tillegg mange medhjelparar i dei tyskokkuperte landa. Dei bidrog med informasjon, arrestasjonar og transport. Kvinner, barn og eldre vart i hovudsak sende rett til gasskammera ved framkomst. Arbeidsføre menneske fekk leve så lenge det var bruk for dei i slaveleirane. Alt av verdiar og eigedom jødane hadde, vart konfiskert av den tyske staten.

Sjå animasjon: Mottak og utveljing i dødsleirane

Gassanlegga

Utryddingslairene fungerte som reine fabrikkar, med god logistikk i alle ledd, frå utveljing og sortering av menneske til destruksjon av lika.

Gassanlegga var enkelt og rasjonelt organiserte. Fangane vart fortalde at dei skulle dusje. Forkontoret fungerte som avkledningsrom. Der vart det gitt beskjed på fleire språk om korleis dei skulle oppbevare klede, sko og eigedelar. Etter badet skulle dei få servert varm drikke.

Frå forkontoret fekk dei beskjed om å gå direkte inn i "dusjanlegget", altså gasskammera. Dørene vart lukka, og giftgass strøymde ut frå dusjar og ventilasjonsopningar. Alt etter gassmengda tok kvelingsdøden fleire minutt. Viss nokon var levande etter at dørene vart opna, vart dei raskt drepne. Lika vart deretter frakta til krematoria.

Dødsleirane

  • Auschwitz

  • Sobibór

  • Treblinka

  • Bełżec

  • Majdanek

  • Chelmno

  • Maly Trostenets (Minsk)

  • Jasenovac (drive av det kroatiske Ustasja-regimet)

Mot slutten av krigen fungerte endå fleire konsentrasjonsleirar i utryddingsprogrammet.

Tenk over:

Sjå på kartet og diskuter med ein medelev kvifor dødsleirene låg i dagens Polen. (Kartet kan forstørrast.)

Kart over sentrale delar av Europa. Ei mengde stader er markerte. Sørlege Norge er med på kartet, der er Grini, Berg og Ulven plotta inn. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slutten av krigen

Det siste krigsåret vart dødsleirane i aust avdekte og frigjorde av sovjetiske styrkar. I takt med sovjetisk framrykking vart fangar i konsentrasjonsleirane sende ut på dødsmarsjar til andre leirar.

Frigjeringa av Auschwitz

Den 27. januar 1945 vart konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau i Polen frigjord av soldatar frå den sovjetiske raude arméen. Minst 1,1 millionar menneske vart drepne i Auschwitz. I ettertid har denne dagen vorte den internasjonale minnedagen for offera for holocaust.

Då dei amerikanske styrkane frigjorde Belsen 24. april 1945, observerte soldatane tre hovudkategoriar menneske i leiren:

  • Friske, desse hadde klart å halde oppe reinsemda, men nesten alle hadde tyfus.

  • Sjuke som meir eller mindre vart pleidde av vennene sine.

  • Muselmenn (Muselmänner): Menneske som hadde mista all sjølvrespekt, som levde i forferdeleg skit og elende og verka halvgalne. Dei kunne knapt stå oppreist og døydde som fluger.

I forgrunnen sit ein radmager fange på bakken ved ein haug med klede.  I bakgrunnen står nokre fangar i stripete bukser. Nokre ligg. Dei kan vere døde. Bakarst i biletet er det ei brakke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det store omfanget av Holocaust vart ved slutten av krigen gjort kjent for heile verda. I alt vart seks millionar jødar drepne under andre verdskrigen. Tre millionar av dei vart likviderte i dødsleirane. Offera i Auschwitz utgjorde ein tredel. Det var ikkje berre jødane som vart planmessig gassa i hel. Også 600 000 sigøynarar vart systematisk utrydda av Einsatz-gruppene eller i konsentrasjonsleirane, i tillegg til kommunistar og andre politisk opposisjonelle.

Forsøket på å utslette alle Europas jødar er ein skamplett i menneskas historie. Framleis søker vi forklaringar på korleis dette var mogleg i ei moderne og siviliserte verd.

Kjelder

Banik, V. K. (2021, 6. juli). Holocaust. I Store norske leksikon. https://snl.no/holocaust

Gedenk- und Bildungsstätte Haus det Wannsee-Konferenz. (2022). Protokoll Januar 1942. https://www.ghwk.de/fileadmin/Redaktion/PDF/Konferenz/protokoll-januar1942_barrierefrei.pdf (Omsetjing: NDLA)

Relatert innhald

Antisemittismen har anar tilbake til mellomalderen. Etter maktovertakinga til nazistane i 1933 vart antisemittisme offisiell politikk i Tyskland.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2022

Læringsressursar

Undertrykking, terror og folkemord