Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fornekting av holocaust

Nokre grupper og personar påstår at folkemordet på jødane under den andre verdskrigen, holocaust, ikkje skjedde. I arbeidet med desse oppgåvene skal du setje søkjelyset på kritisk tenking i historiefaget.

Førearbeid

Kva kan du om holocaust frå før? Snakk med ein medelev.

Jernbanespor som går mot ein bygning med eit tårn i midten. I forkant ligg det eigedeler. Biletet er frå utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau i 1945. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Les kjelde 1 om fornektinga.

Holocaustfornekting dreier seg kort fortalt om enkeltpersonar eller grupper som påstår at nazistane sitt mord på om lag seks millionar jødar under den andre verdskrigen ikkje skjedde. Holocaust er ifølge fornektarane ein myte som blir halden i live av pro-jødiske historikarar og jødiskdominerte medium.

Holocaustfornektarar hevdar at myten om holocaust først og fremst eksisterer fordi historikarane arbeider ut frå einsretta og ureflekterte kunnskapar og mytar om den andre verdskrigen. Dei påstår dessutan at holocaust er oppfunne for å presse Tyskland for erstatningsbeløp og for å rettferdiggjere at Israel vart oppretta og eksisterer i Midtausten. Slik kan jødisk kulturell og økonomisk makt framleis dominere verda.

Grunnsetningar hos fornektarar

  • Talet på døde er sterkt overdrive: Det døydde ikkje seks millionar jødar – og det var jødane si eiga skuld at dei vart forfølgde.

  • Det vart ikkje brukt gasskammer til å myrde jødar.

  • Hitler beordra ikkje jødeutryddinga, som dermed ikkje var offisiell politikk. Jødane vart berre deporterte "austover".

Kjelde: Molbæk-Steensig, S. (2020, 29. april). Holocaustfornektelse. Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter. https://www.hlsenteret.no/undervisning/kunnskapsbasen/Ulike%20folkemord/folkemord-under-nazismen/ettertid/holocaustbenektelse

Oppgåve 2

Lytt til kjelde 2, ein podkast frå Verdibørsen på NRK:

Podkast, NRK: Hvorfor benekte holocaust?

Intervju med Øyvind Kopperud, spesialrådgivar og forskar ved Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter.

Udatert bilete som viser utveljingsrutinen ved Auschwitz. Ungarske jødar står oppstilte langs jernbanesporet som endar i konsentrasjonsleiren. Menn til høgre, kvinner og barn til venstre. Framfor dei står offiserane som skal gjere utveljinga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3

Studer andre kjelder, til dømes "Folkemord i Nazi-Tyskland" hos Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter.

Oppgåve 4

Svar på spørsmåla:

  1. Vil eit forbod mot å fornekte holocaust løyse problemet i dag?

  2. Kva motiv og formål har ulike rørsler i dag med å fornekte holocaust?

  3. Korleis kan ein med kritisk argumentasjon motbevise ei slik fornekting av folkemord? Les i fagartikkelen om kritisk tenking.

  4. Vil du fordjupe deg i andre folkemord som har skjedd i moderne tid? Bruk gjerne ressurssida for folkemord hos Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2022

Læringsressursar

Undertrykking, terror og folkemord