Hopp til innhald

Fagstoff

Stalin og stalinismen

Første verdskrigen og den russiske revolusjonen skapte store politiske omveltingar. Josef Stalin kom til makta på 1920-talet og leidde Sovjetunionen med hard hand og streng kontroll. I ettertid vart Stalins maktmisbruk og totalitære styring kalla stalinisme.
Josef Stalin med tre andre sentrale kommunistleiarar går langs elva. Mennene har ulike hattar og frakkar. Stalin har den eine handa innanfor frakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn: Stalinismen

Omgrepet stalinisme vart i hovudsak brukt om Josef Stalins leiarskap av Sovjetunionen, og om dei omsynslause maktmisbruka hans både internt i landet og overfor dei nye kommunistiske statane i Aust-Europa etter andre verdskrigen. Den sterke persondyrkinga av Stalin vart delvis fordømd av Nikita Khrusjtsjov i 1956 og gav namn til omgrepet.

Vi skal her sjå på Stalins veg til makta, og korleis han leidde Sovjetunionen.

Stålmannen Stalin festar grepet

Josef Stalin (1878–1953) hadde vore ein revolusjonær aktivist blant bolsjevikane frå tidleg på 1900-talet. I 1922 vart han vald til generalsekretær i kommunistpartiet. Denne posisjonen sikra han viktige alliansar blant leiarane i ulike sovjetrepublikkar, noko han utnytta i kampen for å nå toppen av kommunistpartiet.

Etter Vladimir Lenins død i 1924 følgde ein maktkamp i partiet. Lenin hadde, saman med Lev Trotskij (1897–1940), vore sentral under oktoberrevolusjonen i 1917 og borgarkrigen som følgde, og fram til etableringa av Sovjetunionen i 1922.

Under maktkampen etter Lenins død vart sentrale revolusjonære frå revolusjonen og borgarkrigen utmanøvrerte og fjerna frå viktige posisjonar. Lev Trotskij, som vart rekna som Lenins naturlege etterfølgjar, vart kjempa imot med alle middel og etter kvart landsforvist i 1929. I 1940 vart Trotskij drepen av Stalins agentar i Mexico.

idéar om det klasselause samfunnet vart berre ein utopi i Sovjetunionen. Under Stalins leiing vart landet raskt eit partidiktatur, der moglegheiter til demokratisk deltaking vart tilsidesett for det russiske folket. Dette fekk store konsekvensar for alle borgarar av Sovjetunionen i lang tid framover.

Sosialisme i eitt land

Den russiske revolusjonen og etableringa av den nye Sovjetstaten i 1922 vart møtt med stor skepsis frå USA og europeiske land. Frykta for kommunistiske revolusjonar i vest bidrog til at Sovjetunionen vart isolert og måtte bygge opp landet med eigne ressursar i mellomkrigstida.

Frå 1927 var i realiteten Josef Stalin eineherskar i Sovjetunionen og tvinga fram ein storstilt plan om industrialisering av landet. Med konkrete femårsplanar i tungindustrien skulle Sovjetunionen ta igjen Vestens industrielle forsprang, koste kva det koste ville. Sidan verdsrevolusjonen ikkje var innanfor rekkevidde, var Stalins mål å gjere Sovjetunionen til eit industrielt utstillingsvindauge og ein inspirasjon for andre kommunistparti over heile verda.

Den storstilte satsinga i tungindustrien skulle mellom anna finansierast gjennom inntektene frå jordbruket. Bøndene skulle drive jordbruket i kollektiv, der store delar av inntektene fall til staten, under dekke av å skulle sikre byane og hæren korn. Sal av jordbruksprodukt til Vesten finansierte tungindustrien. Tvangskollektiviseringa av jordbruket braut med Lenins løfte om "jord til bøndene". Mens Sovjetunionens leiarar eksporterte jordbruksprodukt til utlandet, opplevde mange sovjetrussarar matmangel og regelrette svoltkatastrofar.

Den store terroren og Moskvaprosessane

All avvikande politikk og kritikk mot Stalin vart raskt definert som kontrarevolusjonært, og kritikarane vart oppfatta som fiendar av staten. Sovjetunionen vart, under Stalins styre, totalitært, utan omsyn til folks personlege og juridiske rettar.

Utover 1930-talet vart kampen mot "fiendar av staten" intensivert. Vestens fordømming av kommunismen og frykta for utanlandske spionar forsterka Stalins paranoide politikk. I storstilte aksjonar vart potensielle kritikarar av regimet forfølgde, fengsla eller sende til straffekoloniar og arbeidsleirar i . Gjennom 30-talet auka talet på Gulag-fangar frå i underkant av 180 000 til omtrent 450 000.

Sentrale revolusjonære kameratar vart heller ikkje sparte for Stalins paranoide politikk. Under den store terroren frå 1934 vart alle moglege rivalar og fraksjonar eliminerte eller fjerna. Dette toppa seg med i 1936–38, der sentrale partimedlemmer offentleg innrømde påstått kontrarevolusjonær verksemd mot Sovjetunionen. I dei tre rettssakene vart til saman 44 personar dømde til døden. Dei tiltalte vart utsette for tortur og truslar om drap på eigne familiemedlemmer i forkant av rettssakene, og innrømde derfor i hovudsak alle forholda dei vart tiltalte for.

I større skala skjedde tilsvarande terror i dei ulike sovjetrepublikkane. Stalin beordra visse personar fjerna frå sine posisjonar og innsette sine eigne Stalin-lojale i deira stad. For Stalin-tru ungdommar og vaksne vart det sett på som ein ærefull stalinistisk dyd viss ein valde å angi familie og slektningar. Frykta hadde nådd alle sider av det sovjetiske samfunnet ved inngangen til andre verdskrigen.

Tenk over

Korleis trur du det var for den vanlege sovjetrussaren å leve i Sovjetunionen ved utbrotet av andre verdskrigen?

Skriv ned i stikkord kva assosiasjonar du fekk.

Den store fedrelandskrigen

Heller ikkje militære leiarar i vart sparte under Stalins store terror på 30-talet. Då andre verdskrigen braut ut, var mange offiserar og generalar fjerna frå stillingane sine i dei sovjetiske arméane. Dette skapte eit stort militært problem då Tyskland og forbundsfellane deira innleidde angrepet på Sovjetunionen i juni 1941. Klokeleg følgde likevel Stalin råda til generalane om tilbaketrekking og konsolidering av dei sovjetiske styrkane.

Under forsvaret av Sovjetunionen valde Stalin å tone ned den kommunistiske retorikken og appellerte til patriotisme og fedrelandskjærleik i kampen mot fascismen. Etter kampane ved Stalingrad (Volgograd) i 1942–43 vann til slutt dei sovjetiske styrkane og starta vegen mot Berlin – ikkje utan betydelege offer av menneskeliv. Eit estimert tal viser at Sovjetunionen mista i overkant av 10 millionar soldatar under andre verdskrigen, og i alt 24 millionar når ein reknar med dei sivile offera.

Eit gruppebilete med Clement Attlee, Harry Truman, Josef Stalin med fleire på Potsdamkonferansen i juli 1945. Dei tre statsleiarane sit i korgstolar, dei andre mennene står bak dei. Dei fleste i mørke dressar, Stalin har uniform med kvit jakke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avstalinisering av Sovjetunionen?

Dei sovjetiske styrkane spelte den viktigaste rolla i å overvinne Nazi-Tyskland under andre verdskrigen. Derfor kunne Stalin vere med på å definere Europa ved fredsoppgjeret. Sovjetunionens ønske om ei buffersone av "vennlegsinna" land i Aust-Europa vann fram etter kvart som ei rekke land vart kommunistiske i løpet av siste halvdel av 1940-åra.

Persondyrkinga av Stalin heldt fram heilt til han døde i 1953. Maktkampen for å etterfølge Stalin enda til slutt med at Nikita Khrusjtsjov (1894–1971) i praksis fungerte som Sovjetunionens leiar. Under partikongressen i 1956 prøvde Khrusjtsjov i ein hemmeleg tale å gjennomføre eit delvis oppgjer med Stalins ugjerningar frå 1934. Ein del fangar vart lauslatne og mange stader vart dette sett på som ei oppmjuking av den kommunistiske politikken i Sovjetunionen. Men omfattande reformer kom ikkje på tale, og partidiktaturet bestod til Sovjetunionens fall i 1991.

Har du fått med deg dette?

Kjelder

Relatert innhald

Sommaren 1918 braut det ut borgarkrig i Russland mellom bolsjevikane og motstandarane av det nye regimet. I 1922 vart "unionen av sovjet" etablert.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2022

Læringsressursar

Undertrykking, terror og folkemord