Hopp til innhald

Fagstoff

Noreg og andre verdskrigen

Etter invasjonen i april kapitulerte Noreg allereie 10. juni. Trass i bombeåtak over enkelte norske byar, sleppte dei fleste områda frå det med få øydeleggingar. Unnataket var Finnmark og Nord-Troms. Tida etter krigen var prega av landssvikoppgjer, varemangel og bustadnaud.
Tyske soldater marsjerer nedover Karl Johans gate i Oslo 9. april 1940.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Invasjonen

I heile mellomkrigstida heldt Noreg seg nøytralt i høve til dei maktalliansane som bygde seg opp i Europa. Men vi låg strategisk til, og både Tyskland og Storbritannia var interesserte i samarbeid med Noreg. Den norske handelsflåten var blant dei største i verda, og malmtransporten frå Narvik var svært viktig for den tyske krigsindustrien.

I dei første månadene av 1940 kom det fleire illevarslande meldingar om fiendtleg interesse for Noreg, men regjeringa tok ikkje signala alvorleg. Den norske NS-leiaren Quisling hadde samtalar med Hitler i Berlin, der han drøfta om tyskarane eventuelt skulle gripe inn i Noreg. Storbritannia førebudde væpna hjelp til Finland med styrkar landsette i Noreg. Men den finsk-russiske våpenkvila i mars kom før planane kunne setjast i verk.

Tyske fly bomber Oscarsborg festning
Opne bilete i eit nytt vindauge

Altmarkaffæren i februar 1940 varsla at krigen var kommen til Noreg. Då britane minela norske farvatn i byrjinga av april, var det klart at Noreg ville bli trekt inn i krigen til stormaktene. Men Hitler-Tyskland sine invasjonsplanar var for lengst sette i verk. 9. april landsette tyskarane troppestyrkar i dei største norske byane etter Operasjon Weserübung, som var kodenavnet for invasjonen.

Krigen

Britiske soldater går gjennom et utbombet Namsos etter tyskernes bombeangrep, april 1940. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krigen i Noreg 9. april til 10. juni vart relativt kortvarig. Nedbygginga av det norske forsvaret gjennom mange år hadde svekt forsvarsevna vår. Den norske hæren var ikkje i stand til å møte ein fiendtleg invasjon. Tyskarane satsa på raske og målretta operasjonar. I løpet av tre veker var Sør-Noreg okkupert.

Krigen i Nord-Noreg heldt fram til den norske kapitulasjonen10. juni. Sjølv om allierte styrkar hadde komme til unnsetning på Nordvestlandet og i Narvik, var det ikkje nok til å stanse den tyske krigsmaskinen.

Noreg etter frigjeringa

Vadsø brenner 1944
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mykje av bygningar og infrastruktur var nedslite og mangelfullt vedlikehalde i okkupasjonsåra. Men samstundes var det òg bygd opp mykje nytt. Okkupasjonsmakta hadde drive med omfattande veg- og jernbanearbeid (Nordlandsbanen) og sett i gang store industriprosjekt til dømes på Vestlandet. I motsetnad til situasjonen elles i Europa hadde det vore få aktive krigshandlingar med større øydeleggingar. Unnataket var sjølvsagt Finnmark og Nord-Troms, som vart utsett for brend-jord-taktikk, og all busetnaden måtte byggjast opp på nytt. Men stort sett gikk attreisinga etter fem års okkupasjon betre enn ein skulle venta, ikkje minst samanlikna med mange andre land i Europa.

Politikk og rettsoppgjer

dømte i landssvikoppgjøret
Opne bilete i eit nytt vindauge

Landssvikoppgjeret var i høve til folketalet eit av dei mest omfattande i Europa. 92 000 saker vart reiste mot dei som på ein eller annan måte hadde gått i okkupasjonsmakta si teneste. 50 000 vart dømde, dei fleste til bøter, men 17 000 til fengselsstraff. 25 nordmenn vart avretta.

Like etter frigjeringa var det ei overveldande stemning for å straffe landssvikarane hardt. Men etter kvart vart straffene mildare. I nyare tid har ein teke opp ulike sider ved desse rettssakene og reist tvil om grunnlaget for ein del dommar. Nokre vart kanskje straffa for strengt, som kvinner som gjekk inn i tyske Raudekrossen (frontsøstrene). Andre fekk lita eller inga straff (brakkebaronar og industrien som hadde tent store pengar på arbeid for fienden). «Tyskarjentene» fekk òg si strenge straff, sjølv om det ikkje kunne gjerast gjennom domstolane.

Materielt

Varemangel førte med seg at ein måtte halde fram med rasjoneringa frå okkupasjonstida. Landet hadde lite med hard valuta og satsa derfor på å byggje opp ein eksportindustri som kunne tene inn slik valuta. (Først i 1960 var bilrasjoneringa over, og folk kunne fritt kjøpe privatbil. Før det fekk folk flest berre kjøpe austeuropeiske bilar som var tekne inn i landet som bytte mot sild.)

Bustadnauda var stor, og folk budde tett. Men ein sterk vekst i økonomien førte etter kvart til at tilhøva betra seg. Ein streng planøkonomi låg til grunn for oppbygginga av landet.

Relatert innhald

Våren 1940 var Hitler-Tyskland i gang med den militære offensiven sin. Planen deira var å invadere Noreg sjøvegen frå Oslo til Narvik.

Kong Haakon 7. nekta å gje etter for kravet til tyskarane om at Quisling skulle setjast inn som statsminister i 1940.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne og Stein Ugelvik Larsen. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 08.01.2018

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid i Noreg