Hopp til innhald

Fagstoff

Verdskrig og radikalisering

Noreg erklærte seg nøytralt under den første verdskrigen, men dyrtid og diskusjonar om revolusjon i etterkant av den russiske revolusjonen påverka den politiske diskusjonen i Noreg.
Ei stor folkemengde framfor Stortinget. Dei fleste på biletet er kvinner med kjolar, frakkar og hattar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdskrig

Då verdskrigen braut ut i Europa i 1914, erklærte Noreg seg nøytral. Som følgje av at partane i krigen naut godt av norsk handelsverksemd og eksportvarer, vart norsk utanrikspolitikk ein balansekunst mellom dei krigførande partane. Mot slutten av krigen vart Noreg utsett for massivt britisk press om å stoppe eksport av fisk og andre varer til Tyskland. Saman med tyskarane sin uavgrensa ubåtkrig frå 1917, som råka norske skip, vart det rettare å seie at Noreg vart "nøytral alliert" og knytte eit fastare samband med Storbritannia.

Skjerpa klassemotsetnader

For aksjespekulantane var den første halvdelen av krigen svært gunstig økonomisk. Ved å forsyne partane med varer og skipsleveransar tente fleire shippingselskap store summar. Likevel reiste dette også etiske dilemma. Kva var livet til ein norsk sjømann (2000 døde) verdt mot dei enorme fortenestene som krigen og nøytralitetspolitikken skapte?

Mot slutten av krigen vart varemangel og inflasjon konsekvensen av den produksjonsnedgangen krigen skapte. Prisane steig, og dei sosiale motsetnadene mellom kapitalistar og arbeidarklassen vart skjerpa som følgje av dyrtida. Dei rike levde i luksus, medan arbeidarar, embetsmenn og offentlege tenestemenn vart hengjande etter.

Rolla til staten

Staten tok derfor ei større rolle for å bøte på dei største problema. Dei innførte eit prisdirektorat, tok i bruk rasjonering av visse varer og oppretta eit statleg kornmonopol. Den første verdskrigen vart derfor eit brot med den økonomiske liberalismen, og folk vart meir positivt innstilte til statlege inngrep i økonomien.

Politisk strid

Portrett av mann i ulldress, med kvit skjorte og slips. Han har armane i kryss. Mannen er Martin Tranmæl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I åra før og under den første verdskrigen oppstod det ein politisk strid om arbeidarrørsla sine metodar for å skape eit sosialistisk samfunn. Ein leiande opposisjonell talsmann for Fagopposisjonen av 1911 var Martin Tranmæl. Fagopposisjonen kritiserte Arbeidarpartiet si tru på at Stortinget skulle vere arena for politiske endringar, og agiterte i sterke ordelag for å nedkjempe borgarskapen si makt over produksjonsmidla og la fabrikkane bli underlagde kontroll frå arbeidarklassen.

Fagopposisjonen frå 1911 styrkte stillinga si som følgje av verdskrigen og fronta ei meir radikal linje innanfor Arbeidarpartiet.

Radikalisering av arbeidarrørsla

Verknaden av rolla til staten og dei store økonomiske forskjellane verdskrigen skapte, skjerpa frontane i arbeidarklassen etter den første verdskrigen. Den omsynslause krigen og den russiske revolusjonen i 1917 inspirerte til politiske endringar i arbeidarrørsla. Historikar Øystein Sørensen seier det slik:

At landsmøtet i 1920 i det største partiet i Noreg med 285 mot 32 røyster vedtok at dei ville leggje heile samfunnsmakta i hendene på "dei revolusjonære kreftene" og med det avskaffe det politiske demokratiet, det viser dei sterke kreftene som vart utløyste av den første verdskrigen, og korleis denne krigen også påverka det nøytrale Noreg.

Verdsrevolusjon på vent

Arbeidarpartiet var ulikt dei andre partia i større grad eit kulturfellesskap der partilaga og fagforeiningane skapte eit miljø med sams verdiar, sosiale fellesskap og kulturelle særdrag. Om historia til arbeidarrørsla fram mot 1. verdskrigen var prega av konsolidering innanfrå, vart ei ny konfrontasjonslinje mot det borgarlege samfunnet etablert i kjølvatnet av krigen.

Med Martin Tranmæl og Kyrre Grepp i leiinga, vedtok eit stort fleirtal på landsmøtet i 1920 at partiet skulle meldes inn i Den kommunistiske internasjonale (Komintern).

Veldig mange menn og nokre få kvinner sit rundt eit langbord med kvite dukar. Det står også mange langs veggane i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det "sosialdemokratiske" mindretalet var kritisk til revolusjon som verkemiddel og den sterke tilknytinga til "Den kommunistiske internasjonale", særleg etter at Moskvatesane til Lenin var vedtekne i 1920. Som ein konsekvens stifta mindretalet i partiet det nye partiet Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti i 1921 for å arbeide for sosialismen bygd på folkestyre.

Reformer og folkestyre

Verknader frå verdskrigen og den russiske revolusjonen spelte ei stor rolle i radikaliseringa av arbeidarrørsla etter krigen. Likevel fanst det meir moderate krefter i Arbeidarpartiet med eit meir demokratisk sinnelag. I 1920-åra vart derfor arbeidarrørsla splitta i synet på vegen mot eit sosialistisk samfunn.

I tillegg innførte Venstre i regjering ei ny valordning i 1919. Vi fekk eit fleirpartisystem meir i tråd med dei endra sosiale strukturane. Slik sett vart det norske valsystemet meir demokratisk, og tilliten til det parlamentariske systemet styrkt. Åtte timars arbeidsdag vart innført, og med Gunnar Knudsen som statsminister i perioden 1912–20 vart staten meir aktiv i arbeid og næringsliv.

Trass i Moskvatesane slutta ikkje den første verdskrigen i ein verdsrevolusjon. Sjølv om den norske arbeidarrørsla var splitta, verka ikkje "den norske kommunistiske revolusjonen" å vere innanfor rekkjevidd, trass i kommunistisk agitasjon og retorikk.

Kjelder

Det norske Arbeiderparti (1934). Det norske Arbeiderpartis Landsmøter 1912–1933. Beslutninger og resolusjoner. Det norske Arbeiderpartis Forlag. https://www.arbark.no/eldok/DNA1912_2.pdf

Sørensen, Ø. (2014, 7. februar). Arbeiderpartiets revolusjonære parentes. VG. https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/VEpAd/arbeiderpartiets-revolusjonaere-parentes

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid i Noreg