Krigen kjem til Noreg
Oppdraget til kryssaren Blücher var, saman med seks andre marinefartøy, å innta Oslo og ta regjeringa og den norske kongefamilien til fange. Om bord på skipet var fleire tyske nøkkelpersonar som skulle overta viktige funksjonar i hovudstaden. Det var 1400 mann om bord.
På Oscarsborg festning i Drøbaksundet var dei vortne varsla om dei framande skipa. Men det var framleis uklart om skipet var vener eller fiendar. Oscarsborg var dårleg bemanna med utrente soldatar som berre hadde vore stasjonerte der i to veker. Dei hadde enno ikkje hatt skytetrening. Berre to av dei tunge kanonane vart gjorde klare til kamp.
Øvstkommanderande på Oscarsborg var Birger Eriksen. Han hadde ingen kontakt med dei overordna i Oslo, og måtte dermed sjølv ta avgjerda om dei skulle gå til åtak på dei framande skipa eller late vere. Han bestemte seg for å gå til åtak. Oscarsborg fyrte av to skott mot styrbord sida på Blücher, og skipet vart sett i brann.
På motsett side av sundet byrja også kanonbatteriet på Kopås å avfyre skott, og Blücher hamna dermed i ein krysseld. Men det heldt fram med å seile sakte innover fjorden. Oscarsborg skaut to torpedoar mot skipet, begge traff, og skipet byrja å søkke.
Soldatane om bord på Blücher hoppa i vatnet med full oppakking. Det var berre 2 gradar i vatnet denne morgonen, og det gjorde det svært vanskeleg for dei å symje. Over 600 tyske soldatar døydde. Mange av dei er gravlagde på den tyske gravlunden ved Alfaset. Skipet sokk 3 km nord for Askholmene. Det ligg i dag på rundt 90 meters djup og lek framleis olje.
Etter at Blücher sokk, vart Oscarsborg angripen av tyske bombefly. Tyskarane klarte snart å kjempe ned all norsk motstand, og rykte inn i Oslo. Men takka vere forsvaret på Oscarsborg vart slagplanen til Hitler utsett med eitt døgn. Dermed klarte kongefamilien og den norske regjeringa å flykte nordover i landet og derfra vidare til tryggleik i England og USA.
Relatert innhald
9.april 1940 landsette tyskarane troppestyrkar i dei største norske byane.