Hopp til innhald

Fagstoff

Høgreorienterte rørsler

I mellomkrigstida dukka det opp fleire høgreorienterte grupperingar innanfor borgarskapet. Desse grupperingane hadde det til felles at dei ønskte ein kamp mot den revolusjonære arbeidarrørsla, forsvar av nasjonale verdiar og fedrelandet og styrking av Forsvaret.
Unge menn i mørke uniformar i parade med ulike typar flagg, både norske og flagg med nazistiske symbol. I bakgrunnen står menn i uniformar, frakkar og hattar med hendene opp og rett fram i nazi-helsing. Svart-kvitt foton. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fedrelandslaget

Fridtjov Nansen, "høvdingen" i rørsla, uttalte i 1928 at "(…) en nasjonal reisning måtte komme innenfra, fra folket selv, skal det gull heves som ligger dypt inne i folkesjelen". Styrking av den nasjonale eigenarten vart ei viktig kampsak i Fedrelandslaget i forsøket deira på å demme opp for den internasjonale kommunismen.

Portrett av ein eldre mann med kvitt hår og bart. Han har frakk på seg. Mannen er Fridtjof Nansen. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Løysinga for Fedrelandslaget var å arbeide for eit samarbeid mellom dei borgarlege partia, for å vere betre rusta mot "det kommunistiske Arbeidarpartiet". Liknande politiske haldningar fann ein i Samfundshjelpen, Grønlandsbevegelsen og Bygdefolkets krisehjelp.

Motstand mot nasjonalt arbeid

Arbeidarrørsla hevda at Fedrelandslaget var spira til ei fascistisk rørsle, og kjempa mot denne. Somme i Arbeidarpartiet såg på alt nasjonalt arbeid som ein kamp mot arbeidarane, og fordømte dette på det sterkaste. Tranmæl skreiv forakteleg om "borgerskapets karnevalpatriotisme, og 17. mai som portvinenes og sherryhylenes dag".

Videoklipp, NRK: Martin Tranmæl på talerstolen

Den raude fare og borgarskapet sin partikrangel

Fedrelandslaget vart aldri eit politisk parti. Vidkun Quisling freista etter beste evne å utnytte rørsla til å skape eit høgreorientert parti. Då Nansen døydde i 1930, såg Quisling høvet til å gjere framlegg om å danne eit samlingsparti med folk frå alle lag av folket. Nettopp tilhøvet til arbeidarane og heile folket stoppa vidare samarbeid mellom Quisling og leiaren i Fedrelandslaget, Joakim Lehmkuhl. Fedrelandslaget ønskte ikkje ein "sterk mann" etter at Nansen var død, og vart verande ei nasjonalkonservativ rørsle med fallande medlemstal og påverknad fram til oppløysinga i 1940.

Nasjonal Samling

Partiet vart skipa 17. mai 1933, kort tid etter at Hitler tok over makta i Tyskland. Programmet til Nasjonal Samling bar preg av sterk nasjonalisme, der nasjonen vart sett på som ei "organisk eining". Målet var ei nasjonal eining utan klassemotsetnader, gjennom ei revitalisering av "ei åndeleg og nasjonal reising" mot det liberal-kapitalistiske demokratiet, som ifølgje NS hadde feila.

To unge menn i nikkers og jakker står saman med ei dame med hatt og pels. Ein av dei unge mennene har festa et skilt til brystet der det står Nasjonal Samling. Han held nokre løpesetlar i handa. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til forskjell frå dei konservative, meinte Quisling og NS at Noreg kunne trenge ei fast hand til å kjempe mot kommunismen og økonomisk kaos. Quisling såg på seg sjølv som "Noregs Førar" som kunne leie landet ut av økonomisk og politisk kaos.

Nasjonal Samling vart aldri nokon suksess på 30-talet. Ved stortingsvalet i 1933 fekk partiet 2,2 prosent av røystene. I den andre halvdelen av 30-talet, i takt med utviklinga i Tyskland, vart antisemittismen meir tydeleg i NS, og oppslutninga vart ytterlegare svekt. Nasjonal Samling kom til å spele ei viktigare rolle i norsk politikk først ved hjelp av tyske okkupantar etter 9. april 1940.

Kjelde

Dahl, H. F. (1966). Norge mellom krigene 1920–40. Tidsskrift for politikk, kultur, kritikk. Oslo

Relatert innhald

Nemninga "dei harde trettiåra" er kjenneteiknande for den økonomiske verdskrisa som òg nådde Noreg tidleg på 30-talet.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid i Noreg