Hopp til innhald

Fagstoff

Frå revolusjon til reformer

Nemninga "dei harde trettiåra" er kjenneteiknande for den økonomiske verdskrisa som òg nådde Noreg tidleg på 30-talet. Innanfor arbeidarrørsla stod reformpolitikken meir fram, og AP stod etter kvart fram som eit sosialdemokratisk parti.
Mange menneske samla i eit industriområde. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdskrisa set inn

"Dei harde trettiåra" vart symbolet på korleis verdskrisa råka norsk økonomi og arbeidsliv. Den økonomiske verdskrisa set for alvor inn i Noreg i 1930. Dette påverkar òg arbeidarrørsla sitt syn på klassekamp som verkemiddel for å løyse krisa i Noreg. Før stortingsvalet i 1930 vart den revolusjonære retorikken skjerpa, noko som berre førte til at Arbeidarpartiet tapte røyster og stortingsrepresentantar.

Krisa var på sitt verste på byrjinga av 30-talet, og ho skjerpa konfliktane mellom arbeidarrørsla og bedriftseigarane. Den største arbeidskonflikten var Menstad-slaget i 1931, der Bondepartiet i regjering (25 representantar) sende politi, soldatar og krigsskip til Skien for å løyse opp demonstrasjonar mot bruk av "kontraktsarbeidarar" ved Menstad lasteplass.

På folkestyregrunn

Det første teiknet på politisk nyorientering i Arbeidarpartiet skjedde i 1930. Partiet tok namnet Det norske Arbeidarparti og starta ein prosess som skulle endre partiet sitt syn på revolusjon som verkemiddel for å oppnå politisk makt og påverknad.

Før valet i 1933 vart den sosialdemokratiske parolen i Det norske Arbeidarparti tydlegare. Klassekamp og revolusjonsappellar vart tona ned, til fordel for ein aktiv kamp mot den økonomiske krisa i Noreg. Parolar som "Heile folket i arbeid" og "By og land, hand i hand" viste at partiet no snakka til heile folket og ikkje berre arbeidarklassen.

"På folkestyrets grunn kjemper i dag Det norske Arbeiderparti for å vinne denne makt og for å forsvare arbeidernes, bøndenes, fiskernes, de arbeidsløses og hele det arbeidende folks interesser" (Utdrag. Det norske Arbeidarparti. Landsmøtet 1933, protokoll, Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.).

Utsegna viste at Det norske Arbeidarparti ville kjempe for regjeringsmakta innanfor det parlamentariske systemet, med konkrete verkemiddel for å løyse den økonomiske krisa.

Eit anna aspekt ved den sosialdemokratiske omvendinga til Det norske Arbeidarparti var truleg òg stiftinga av Nasjonal Samling i 1933. Frykta for at NS skulle sanke røyster i arbeidarklassen, slik tendensen var i Tyskland, førte til ein aktiv motstand for å demme opp for ei slik utvikling.

Val 1933: Heile folket i arbeid

Stor folkemasse samla. På bygget i bakgrunnen står det med store bokstavar: Seiren følger våre faner!". Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det norske Arbeidarparti gjorde eit brakval i 1933, og vann 69 (+22) representantar på Stortinget. Så lenge dei borgarlege partia støtta Venstre i regjering (24 representantar), fekk DNA ikkje regjeringsmakt i første omgang.

Oversikt frå Statistisk sentralbyrå over valde representantar ved Stortingsval etter parti frå 1906 til 2001

Kriseforliket

I mars 1935 gjekk Venstre-regjeringa Mowinckel av, og Det norske Arbeidarparti danna regjering med støtte frå Bondepartiet.

Ein rekke menn med frakk og hatt på slottsplassen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei politiske partia hadde i mellomkrigstida identiteten og interessene sine knytte anten til jord, til arbeid eller til kapital. Sjølve kriseforliket sameinte Bondepartiet sine interesser i jordbruket og Arbeidarpartiet sitt ønske om å redusere arbeidsløysa, ved hjelp av statlege tiltak. Kriseforliket hadde bakgrunn i at mange småbønder og familiane deira meinte at trugsmålet mot velferda deira ikkje kom frå arbeidarrørsla, men frå den økonomiske liberalismen og dei frie marknadskreftene som fekk fram krisa i landet. Problema til bøndene og arbeidarane hadde same årsak. For at ein skulle kunne gjennomføre ein slik politikk, måtte kapitalen regulerast og den økonomiske liberalismen nedkjempast.

Den aktive krisepolitikken

Det var dei store, kriseråka gruppene regjeringa ville hjelpe med tiltaka sine. Dei arbeidslause og familiane deira fekk hjelp gjennom tiltak som statleg byggeverksemd og anna økonomisk støtte. Bondefamiliane fekk hjelp gjennom jordbruksreguleringar og støtte til landbruket. Liknande tiltak vart gjort i fiskerinæringa. Samla sett fekk desse samfunnsgruppene auka sysselsetjing og kjøpekraft. Dette gjorde det mogleg å auke omsetnaden i andre næringar, særleg innanlands, ved at etterspurnaden auka.

Hovudavtalen dempa arbeidskonfliktane

I 1935 inngjekk LO, etter påtrykk frå Arbeidarpartiet, ein hovudavtale med Norges Arbeidsgiverforening (i dag NHO) om prinsippa i arbeidslivet. Med Hovudavtalen aksepterte LO og NAF kvarandre som forhandlingspartar i tarifforhandlingar, og ein avtalte dei viktigaste reglane for forhandlingane, og kva rolle staten skulle ha i forhandlingane. Hovudavtalen fekk mykje å seie i mange tiår framover, og han førte til eit sterkt brot med den politikken som hadde ført til dei mange arbeidskonfliktane i tiåra før.

Kjelde

Protokoll over forhandlingene på Det Norske Arbeiderpartis 29. ordinære landsmøte i Oslo 26–28 mai 1933. (1934). Arbeidernes aktietrykkeri. https://www.arbark.no/eldok/DNA1933_2.pdf

Relatert innhald

Høyreorienterte grupperingar i mellomkrigstida hadde det til felles at dei ønskte et forsvar av nasjonale verdier og fedrelandet og styrking av Forsvaret.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid i Noreg