Hopp til innhald

Fagstoff

Sivil motstand

Gjennom nyordninga, eller forsøket på nazifisering av det norske samfunnet, vart kvardagen for folk endra under krigen. Kva valmoglegheiter hadde menneske i det okkuperte Noreg? Motstand, samarbeid eller ingenting?
Stikkord for korleis nyordninga av Noreg vart møtt med sivil og militær motstand frå heime- og utefronten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heimefronten

Motstandsrørsla, ofte kalla heimefronten, er ei fellesnemning på alle dei som tok opp kampen mot nazismen. Ved sida av militær motstand frå Milorg og kommunistiske grupper vart haldningskampen mot viktig for mange i det sivile samfunnet. Ei rekke symbol og handlingar vart brukte til å skilje folk som motsette seg okkupasjonen, frå dei som gjekk i fiendens teneste. Dette kunne vere ei raud topplue, binders i jakka eller generell motvilje retta mot den tyske okkupasjonen.

Mange i heimefronten utsette seg for stor fare. Det gjaldt kvinner og menn som medverka til produksjon og distribusjon av illegale aviser, etterretningsarbeid og ulike former for sabotasje. I tillegg var frakt av motstandsfolk og flyktningar ut av landet risikofylt arbeid.

Dikt

Lytt til Nordahl Grieg som les sitt eige dikt "17. mai 1940". Dette diktet handlar om kva som skjer under krigen, om folket som kjempar for fridommen sin, og det lovar at "vi skal komme igjen".

Nordahl Grieg les diktet 17. mai 1940

0:00
-0:00

Nyordning i NS-regi

Demokratiet forsvann i Noreg med den tyske okkupasjonen, og alle andre parti enn Nasjonal Samling vart forbodne. Med Vidkun Quisling som "Noregs førar og ministerpresident" i 1942 heldt forsøka på nyordning av landet fram i tråd med Nasjonal Samlings og Nazi-Tysklands interesser. Gjennom nyordninga skulle potensiell motstand mot regimet kontrollerast og folket skulle indoktrinerast med dei nye verdiane til NS. Men alle forsøka vart i hovudsak møtte med motstand blant store og viktige grupper i det norske folket.

Lærarane

Allereie hausten 1940 sende Kyrkjedepartementet ut eit skriv der lærarane skulle underteikne ei erklæring som forplikta dei til å støtte tankane og idéane til det nye regimet overfor skuleelevane. Som tilsvar på dette nazifiseringsforsøket sende lærarane inn eit svar der dei skreiv: "[derfor] erklærer eg at eg vil vera tru mot mitt lærarkall og mot mitt samvet".

Med Quisling som ministerpresident i 1942 fekk lærarane medlemsplikt i Norges Lærersamband. Ein så å seie samla lærarfront protesterte openlyst mot desse lovene med argument om eige samvit og lærarkallet. Dette skulle få store konsekvensar for mange lærarar. I mars 1942 vart 1100 lærarar arresterte og utsette for hard behandling. 500 lærarar vart sende til arbeidsleirar i Kirkenes. Først i august vart skulane sette i drift igjen. Motstandskampen til norske lærarar fekk stor publisitet og fungerte som ein viktig stimulans for det vidare motstandsarbeidet.

Elleve menn i ulike klede står oppstilte i snøen framfor eit hus. Ved sida av står det ein vaktmann i uniform. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prestar og biskopar

Særleg viktig vart hyrdingbrevet som dei norske biskopane i fellesskap sende kyrkjelydane sine i februar 1941.

Brevet var ein protest mot framferd og forsøka frå dei nazistiske styresmaktene på å bryte teieplikta til prestane. I realiteten sette hyrdingbrevet spørsmålsteikn ved den norske rettsstaten under okkupasjonsmakta, sidan Høgsterett hadde tredd tilbake.

Våren 1942 vart kampen mellom kyrkja og dei nazistiske styresmaktene ytterlegare tilspissa. Då lovene om vart fremma, og lærarane vart forsøkt tvinga inn i Norges Lærersamband, gjekk alle biskopane av. Det same gjorde fleirtalet av norske prestar. Ein alternativ kyrkjefront vart etablert og bestod av avgåtte prestar og kyrkjelydane deira, som tok klart avstand frå okkupasjonen.

Nasjonal Samlings Ungdomsfylking (NSUF)

Enhver norsk gutt eller jente skal for sin nasjonale oppdragelses skyld og for å tjene sitt folk og fedreland tjenstgjøre i N.S. Ungdomsfylking. Plikten til ungdomstjeneste begynner 1ste januar det året 10-års alderen nåes, og opphører 31te desember det år 18-års alderen nåes.
(Arkivverket, 2019)

Lova om ei nasjonal ungdomsteneste vekte enorme reaksjonar frå foreldre frå alle samfunnslag i Noreg. Ein landsomfattande foreldreaksjon vart raskt sett i gang, og det strøymde inn 200 000 protestskriv frå norske foreldre, underskrivne med fullt namn. Kvinnene spesielt såg ingen grunn til å la NS ta del i oppsedinga av barna. Sjølve lova vart ein stor fiasko for regimet, noko den klare motstanden frå lærarar, kyrkje og foreldre må få æra for.

Unggutar i hirduniform står militært oppstilte i regnver på perrongen ved sida av eit tog. I bakgrunnen står det eit par kvinner under paraplyar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Idrettsstreiken

Organisasjonar knytte til norsk idrett vart oppløyste etter ei forordning frå Idrettsdepartementet 22. november 1940. Idretten skulle frå no av styrast av Nasjonal Samling. Ulike forbund, krinsar og idrettslag gjekk til ein landsomfattande idrettsstreik der store delar av utøvarane nekta å stille opp i konkurransar styrte av NS.

Samtidig vart det drive mykje illegal idrett, som i starten av krigen måtte haldast i det skjulte. Kampen om idrettsfolket var ei tapt sak for NS, og idrettsstreiken vart halde oppe ut okkupasjonstida.

Det store idrettsførebiletet den gong, Birger Ruud (1918–1998), var tre gonger olympisk meister i hopp og vart fleire gonger lokka med materielle gode og ære av det nazistiske idrettsforbundet. Ruuds kontante avslag gjorde Josef Terboven rasande. Under eit illegalt renn i Asker i 1943 vart Ruud arrestert og send til Grini fangeleir. Dette gav eit sterkt signal til resten av idretts-Noreg.

Arbeidstenesta

Under krigen kom arbeidstenesta under NS-kontroll. Formålet hadde opphavleg vore å få hjelp til skog- og jordbruksnæringa for å sikre landet viktige varer.

Motstandsrørsla frykta etter kvart at tenesta skulle brukast til tysk militærteneste eller krigsviktig arbeid utanfor Noreg. Menn som var fødde i perioden 1921–23 fekk meldeplikt og skulle registrerast i arkiva til statsmakta. I mars 1944 sende leiinga i heimefronten opprop om boikott av arbeidstenesta og sette i verk ei rekke store aksjonar. Mest kjend er Milorgs sprenging av arkiva til arbeidstenestene i Oslo 18. mai 1944, kjend gjennom filmen Max Manus frå 2008. Dei fleste som var "kalla inn" til arbeidstenesta, følgde oppmodinga til motstandsrørsla og rømde til skogs og vart heitande "gutta på skauen".

Tre unge menn går nonsjalant nedover Karl Johan. En av dem har en sykkel. Bak dem marsjerer tyske soldater. Foto.

Kjelder

Arkivverket. (2019, 8. mars). Sak mot NSUF-jente. https://www.arkivverket.no/utforsk-arkivene/skole/historiske-kilder/andre-verdenskrig-i-norge/sak-mot-nsuf-jente

Skodvin, M. (2022, 4. januar). Hjemmefronten. I Store norske leksikon. https://snl.no/hjemmefronten

Relatert innhald

Den militære og sivile motstanden under okkupasjonstida supplerte kvarandre i kampen mot NS og den tyske okkupasjonsmakta.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid i Noreg