Hopp til innhald

Fagstoff

Kongens nei

Kongens nei var då kong Haakon 7. sa nei til kravet til tyskarane om å godkjenne Vidkun Quisling frå partiet Nasjonal Samling til ny statsminister i Noreg. Avslaget kom i eit skriftleg dokument som har vorte ståande som eit av dei viktigaste frå krigens dagar i Noreg.
Kong Haakon og Kronprins Olav i militæruniformer står ved kvart sitt tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tyske troppar okkuperer Noreg

Tidleg om morgonen 9. april 1940 vart det tyske krigsskipet Blücher søkkt i Drøbaksundet. Det norske forsvaret si søkking av Blücher utsette Hitlers plan om å okkupere Noreg med eit døgn. Dette gav kongefamilien og regjeringa tid til å flykte nordover i landet og derfrå vidare til England og USA.

Da kongen og regjeringa forlet Oslo 9. april, forsøkte Vidkun Quisling å overta makta ved eit statskupp. Han heldt ein radiotale der han utnemnde seg sjølv til statsminister.

Kongen nektar å samarbeide

Den 10. april hadde kongefamilien med følge komme fram til Trysil. Tyskarane sende ein utsending til Trysil med krav om å innsetje Quisling som ny statsminister. Saka vart teken opp med Kongen i statsråd og resulterte i ein kongeleg resolusjon som kongen og statsminister Nygaardsvold skreiv under på. I denne resolusjonen nekta Haakon 7. å gje etter for det tyske kravet.

Hovudinnhaldet frå protokollsida, som er datert 10. april i Trysil, er: "Statsrådet tilrådde Kongen å meddele avslag på det ultimatum som Tyskland i fremlagt utkast har stilt om å utnevne major Quisling til Statsminister. Kongen bifalt Statsrådets tilråding." Det står også kven som er til stades, mellom anna kronprinsen og statsminister Nygaardsvold, og at utanriksminister Koht og eit par til var fråverande. Det maskinskrivne dokumentet er noko gulna og har ei lita tilføying med blyant. Kong Haakon, statsministeren og ein til har signert. Kilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter krigen vart Quisling arrestert og dømd til døden for landssvik. "Kongens nei" vart brukt som dokument i landssviksaka mot han. Dei raude merknadene du ser på dokumentet, er frå tida da bevisa i saka vart samla inn.

"Kongens nei" blir derfor rekna som eit av dei viktigaste dokumenta i nyare norsk historie.

Relatert innhald

Gjennom forsøket på nazifisering av det norske samfunnet vart kvardagen for folk endra under krigen.

Den militære og sivile motstanden under okkupasjonstida supplerte kvarandre i kampen mot NS og den tyske okkupasjonsmakta.

CC BY-NC-SASkrive av Patricia Haeck og Gunn Løwe. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 24.10.2022

Læringsressursar

Krigen i Noreg