Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Modale hjelpeverb

Modale hjelpeverb uttrykker kva haldning vi har til det som skjer: "Eg må gå" betyr ikkje det same som "eg vil gå" eller "eg kan gå". Lær korleis du bøyer og bruker dei fem vanlegaste modale hjelpeverba på spansk.

Definisjon

Verb som poder (å kunne) eller querer (å vilje) er modale hjelpeverb. Modale hjelpeverb signaliserer kva haldning vi har til det som skjer. Dei står som ikkje åleine i ei setning, men saman med eit hovudverb. Det modale hjelpeverbet blir bøygd, mens hovudverbet står i infinitiv (ubøygd form).

  • ¿Puedes abrir la ventana? Kan du opne vindauget?

  • Quiero comer helado. Eg vil ete is.

Modalt hjelpeverb og hovudverb utgjer til saman verbalet i setninga. Vi seier at verbalet er samansett (kan opne, vil ete).

Presensbøying av modale hjelpeverb

Spansk har litt fleire modale hjelpeverb enn norsk. Her fokuserer vi på dei fem vanlegaste. Dei fleste av desse verba er uregelrette. Sidan dei blir brukt svært mykje, er det lurt at du lærer deg bøyinga utanåt.

bøying av dei fem vanlegaste modale hjelpeverba

deber
å burde

poder
å kunne

querer
å vilje

saber

å kunne

tener que
å måtte

yo

debopuedoquierotengo que

debespuedesquieressabestienes que

él, ella, usted

debepuedequieresabetiene que

nosotros/as

debemospodemosqueremossabemostenemos que

vosotros/as

debéispodéisqueréissabéistenéis que

ellos/as, ustedes

debenpuedenquierensabentienen que

1. Bøye modale hjelpeverb

Øv på å bøye modale hjelpeverb.

Bruk og betydning

Dei modale hjelpeverba kan ha fleire ulike betydningar. Ofte vil eit modalt hjelpeverb uttrykke det same på spansk som på norsk, men det kan vere små forskjellar. Studer tabellen nøye for å få ei oversikt over bruk og betydning.

Bruk og betydning av Spanske modale hjelpeverb

verb

spansk

norsk

betydning

deber

Debéis entrenar más.

No debes fumar.

De bør/må trene meir.

Du bør/burde ikkje røyke.

råd, tilråding, (moralsk) forplikting, nødvendigheit

poder

Hoy no puedo venir.

I dag kan eg ikkje komme.

mogelegheit, løyve

querer

Quiero viajar mucho.

Eg vil reise mykje.

ønske, vilje

saber

Juan sabe hablar inglés.

Juan kan snakke engelsk.

kunnskap, ferdigheit

tener que

Tengo que ir a casa a las 19:00

Hoy no tengo que trabajar.

Eg gå heim klokka 19.

I dag må (treng) eg ikkje jobbe.

forplikting, nødvendigheit, tvang

Verbet deber

Verbet deber kan bli set om på ulike måtar, avhengig av konteksten det blir brukt i.

  • Den mest vanlege omsetjinga er "å burde". Her uttrykker vi ei sterk tilråding eller eit råd, til dømes Debes viajar a Madrid. (Du bør reise til Madrid.)

  • Av og til kan deber uttrykke nødvendig eller eit krav, til dømes Debes pagar tus deudas. (Du må betale gjelda di.)

  • Når vi bøyer verbet i (debería, deberías og så vidare), kan det òg uttrykke ei oppmoding eller forventning til noko ein person burde gjere, til dømes Deberías trabajar más. (Du burde jobbe meir.)

  • Vi kan òg bruke verbet deber saman med preposisjonen de for å uttrykke ein hypotese eller eit sannsyn, til dømes María debe de estar en casa ahora. (María burde/må vel vere heime no.)

Verba poder og saber

Verba poder og saber betyr begge "å kunne" på norsk, men dei kan ikkje brukast om kvarandre. Poder uttrykker ei mogelegheit eller løyve til å kunne gjere noko. Verbet saber bruker vi når vi snakkar om å meistre noko eller ha kunnskap om noko.

  • ¿Puedes jugar al fútbol mañana? Kan du spele fotball i morgon? (Har du høve til å spele fotball i morgon?)

  • Las chicas saben jugar al fútbol. Jentene kan spele fotball. (Jentene meistrar det å spele fotball.)

  • Puedo salir a bailar esta noche. Eg kan gå ut og danse i kveld. (Eg får lov / har høve til å gå ut og danse i kveld.)

  • Mi madre sabe bailar tango. Mor mi kan danse tango. (Mor mi meistrar det å danse tango).

2. Vel rett hjelpeverb

Kan du finne det rette hjelpeverbet?

3. Set om

Set om setningane på korta frå norsk til spansk. Løysingsforslag finn du på baksida av kortet.

4. Kva hugsar du?

Jobb saman to og to. Bruk berre éin pc.

  • Elev A les spørsmålet på framsida av kortet høgt.

  • Elev B svarer på spørsmålet.

  • Elev A snur kortet og les fasiten høgt.

Hald fram slik og byt roller etter kvart kort eller når de er halvveges (etter fire kort).

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2024

Læringsressursar

Presens