Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksive verb

Lær korleis du bøyer refleksive spanske verb i presens.

Kva er eit refleksivt verb?

Refleksive verb viser tilbake til personen som utfører ei handling. Vi kan òg seie at personen gjer denne handlinga mot seg sjølv. I norsk har vi ei rekke refleksive verb, til dømes å vaske seg eller å presentere seg.

  • Eg vaskar meg kvar morgon.

  • Vi presenterer oss for klassen.

Engelsk har òg nokre refleksive verb. Set vi om dei norske setningane til engelsk, ser det slik ut:

  • I wash myself every morning.

  • We introduce ourselves to the class.

Både på norsk og på engelsk består refleksive verb av to delar: eit verb (her: vaskar/wash eller presenterer/introduce) og eit refleksivt pronomen (her: meg/myself eller oss/ourselves) som peiker tilbake på personen som utfører handlinga.

Kvar grammatisk person har eit refleksive pronomen som høyrer til. På norsk er det meg, deg, seg, oss, de og seg. Dei engelske refleksive pronomena er myself, yourself, himself/herself, ourselves, yourselves og themselves.

Refleksive verb på spansk

På spansk har vi òg mange refleksive verb. Ofte er det dei same som òg er refleksive på norsk, til dømes lavarse (å vaske seg), vestirse (å kle seg) eller acostarse (å legge seg ). Men vi har òg tilfelle der eit spansk refleksivt verb ikkje blir set om med eit refleksivt verb på norsk. Her er nokre døme:

  • despertarse å vakne

  • dormirse å sovne

  • ducharse å dusje

  • llamarse å heite

  • mudarse å flytte

  • irse å dra

Refleksive pronomen

Også på spansk består eit refleksivt verb av eit verb og eit refleksivt pronomen, og kvar grammatisk person har sitt tilhøyrande refleksive pronomen, akkurat som på norsk og engelsk.

refleksive pronomen på spansk, norsk og engelsk

spansk

norsk

engelsk

1. person eintal

memegmyself

2. person eintal

tedegyourself

3. person eintal

seseghimself/herself

1. person fleirtal

nosossourselves

2. person fleirtal

osdykkyourselves

3. person fleirtal

sesegthemselves

Bøying av refleksive verb

Det er mykje som er likt når det gjeld refleksive verb på norsk, engelsk og spansk. Det som er ulikt på spansk, er kvar vi plasserer det refleksive pronomenet, både når verbet står i infinitiv, og når det er bøygd.

I infinitiv (grunnforma av verbet) står det refleksive pronomenet bak og fast på verbet slik at det ser ut som om det er eitt ord.

  • lavarse (lavar + se) å vaske seg

  • presentarse (presentar + se) å presentere seg

Korleis går vi fram når vi skal bøye eit refleksivt verb? Vi tek verbet lavarse (å vaske seg) som døme og bøyer det i første person eintal (yo).

  1. Først må vi ta bort det refleksive pronomenet -se, slik at vi sit igjen med berre verbet i infinitiv: lavar (å vaske).

  2. Så bøyer vi verbet etter reglane som gjeld for nettopp dette verbet: (yo) lavo (eg vaskar).

  3. No vel vi det refleksive pronomenet til personen vi har bøygd verbet i: me (meg).

  4. Til slutt set vi det refleksive pronomenet framfor det bøygde verbet: (yo) me lavo (eg vaskar meg).

Bøying av det refleksive verbet "lavarse"

spansk: lavarse

norsk: å vaske seg

yo

me lavoeg vaskar meg

te lavasdu vaskar deg

él, ella, usted

se lavahan/ho vaskar seg

nosotros/as

nos lavamosvi vaskar oss

vosotros/as

os laváisde vaskar dykk

ellos/as, ustedes

se lavandei vaskar seg

Øving 1: Refleksive pronomen

Øv på dei spanske refleksive pronomena.

Øving 2: Bøy refleksive verb

No kan du øve på korleis du bøyer refleksive spanske verb.

Øving 3: Sjekk kva du hugsar

Jobb saman to og to. Les spørsmålet på kortet høgt, og bli samde om kva som er det rette svaret. Snu kortet og samanlikn svaret dykkar med det som står på baksida av kortet. Stemmer dei overeins? Hald fram til de har gått gjennom alle korta.

Ekstra: Refleksive verb i infinitiv

Klar for ei ekstra utfordring? Lær om refleksive verb i infinitiv.

Nokre gonger må det refleksive verbet stå i infinitiv. Dette skjer når vi har eit anna hovudverb, altså eit verb som er bøygd, til dømes eit modalt hjelpeverb som poder (å kunne), querer (å ville) eller deber (å burde). Sjå nøye på setningane. Kva legg du merke til? Sjå spesielt på plasseringa av det refleksive pronomenet. Svaret finn du i boksen.

  • Lós niños se lavan. Barna vaskar seg.
    Lós niños no quieren lavarse. / Los niños no se quieren lavar. Barna vil ikkje vaske seg.

  • Nosotros nos sentamos. Vi set oss.
    Ahora podemos sentarnos. / Ahora nos podemos sentar. No kan vi setje oss.

  • Yo me afeito. Eg barberer meg.
    Yo tengo que afeitarme. / Yo me tengo que afeitar. Eg må barbere meg.

Svar

Svar

Det refleksive pronomenet må vi anten setje framfor det bøygde modale hjelpeverbet eller bak og fast på infinitivsforma.

Øving 4: Refleksive verb saman med modale hjelpeverb

No kan du prøve deg på nokre oppgåver for å sjå om du klarer å plassere pronomenet når eit refleksivt verb står saman med eit modalt hjelpeverb.

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 24.08.2023

Læringsressursar

Presens