Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Verbet "gustar"

Det spanske verbet gustar betyr "å like". Men det blir brukt på ein litt annan måte enn det norske verbet. Dette skal vi sjå nærare på her.

Bruk av gustar

Når vi skal uttrykke at nokon liker noko, bruker vi verbet gustar på spansk. Dette verbet byr på nokre utfordringar fordi det blir brukt på ein litt annan måte enn det norske "å like".

Sjå nøye på setningane. Kva legg du merke til når du samanliknar dei spanske setningane med den norske omsetjinga? Svaret finn du i boksen under.

  • Me gustan las películas españolas. Eg liker spanske filmar.

  • Nos gusta la música. Vi liker musikk.

  • ¿Te gusta Oslo? Liker du Oslo?

Svar

Svar

  • Verbet gustar blir bøygd etter det som nokon liker, altså spanske filmar, musikk og Oslo. Det nokon liker, er med andre ord subjektet i setninga. Slik er det ikkje i norsk og engelsk. Her er den som liker noko, altså eg, vi og du, subjektet i setninga, og verbet blir bøygd i samsvar med denne personen.

    • I like Spanish films.

    • He likes Spanish films.

  • Dei norske pronomena eg, vi, du og dei har objektformene me (meg), nos (oss), te (deg) og les (dei) i dei spanske setningane.

Gustar = å behage

Vi har eit norsk verb i bokmål som oppfører seg på same måte som gustar: verbet "å behage". Når vi set om setningane med gustar ved å bruke "å behage" istadenfor "å like", ser det slik ut:

  • Me gustan las películas españolas. Spanske filmar behagar meg.

  • Nos gusta la música. Musikk behagar oss.

  • ¿Te gusta Oslo? Behagar Oslo deg?

Når vi bruker verbet "å behage", som i døma over, liknar dei norske setningane mykje meir på dei spanske enn når vi bruker "å like". Grunnen er at vi får pronomena i objektform, altså meg, oss, deg og dei, akkurat som i dei spanske setningane. Det kan derfor vere lurt å ha verbet "å behage" i bakhovudet når du skal bruka gustar.

  • Eg liker språk. → Språk behagar meg. → Me gustan las lenguas.

  • Liker du kaffi? → Behagar kaffi deg? → ¿Te gusta el café?

Merk at det er forskjell i ordstillinga. I dei norske setningane står objektspronomena på slutten av setninga. I spanske setningar står dei, som regel, i starten.

Bøying av gustar

Verbet gustar er eit ar-verb som er regelrett både i presens og i alle dei andre verbtidene.

Gusta eller gustan?

I praksis er det tredje person eintal og fleirtal som du kjem til å ha mest bruk for, altså gusta og gustan. Men når skal du bruke kva?

Tredje person eintal – gusta

Når du fortel om éin ting eller éin person som nokon liker, bruker du gusta, til dømes

  • Me gusta el actor. Eg liker skodespelaren.

  • ¿Te gusta la leche? Liker du mjølk?

Når du fortel om det nokon liker å gjere, må du òg bruka gusta.

  • Me gusta mucho bailar. Eg liker veldig godt å danse.

  • ¿Te gusta jugar al fútbol? Liker du å spele fotball?

Du bruker òg gusta når nokon liker å gjere fleire ting.

  • Me gusta bailar y jugar al fútbol. Eg liker å danse og å spele fotball.

Legg merke til at verbet som beskriv handlinga nokon liker, må stå i infinitiv.

Tredje person fleirtal – gustan

Når du fortel om fleire ting eller fleire personar som nokon liker, bruker du gustan.

  • Me gustan muchísimo los artistas modernos. Eg liker moderne kunstnarar svært godt.

  • ¿Te gustan las naranjas? Liker du appelsinar?

Øving 1: gusta eller gustan?

  1. Sjå nøye på setningane. Kvar må det stå gusta, og kvar gustan?

Indirekte objektspronomen

I tillegg til å bøye verbet gustar etter det som nokon liker, treng du eit indirekte objektspronomen som fortel kven som liker noko.

Dei spanske indirekte objektspronomena er

  • me — meg

  • te — deg

  • le — han/ho

  • nos — oss

  • os — dykk

  • les — dei (eller "dykk" i latinamerikansk spansk)

Dette objektspronomenet set du rett framfor gusta eller gustan.

objektspronomena og "gustar"

liker éin ting/person
liker å gjere noko

liker fleire ting/personar

eg liker

me gustame gustan

du liker

te gustate gustan

han/ho liker

le gustale gustan

vi liker

nos gustanos gustan

de liker

os gusta
les gusta (Latin-Amerika)

os gustan
les gustan (Latin-Amerika)

dei liker

les gustales gustan

Øving 2: Vel rett objektspronomen

Gå gjennom øvingane utan å sjå på oversikta over objektspronomena.

A mí, a ti...

I spansktalande land er det veldig vanleg å både høyre og lese slike setningar:

  • A mí me gusta mucho el café. Eg liker kaffi veldig godt.

  • Y a ti, ¿qué te gusta hacer por la tarde? Og du, kva liker du å gjere på ettermiddagen?

  • A ella no le gustan las manzanas. Ho liker ikkje eple.

Når vi vil framheve kven som liker noko, bruker vi a + preposisjonsforma av pronomenet i tillegg til objektspronomena. Då blir det slik:

  • a mí me gusta/gustan – eg liker (eg for min del, eg liker)

  • a ti te gusta/gustan – du liker

  • a él/ella le gusta/gustan – han/ho liker

  • a nosotros/nosotras nos gusta/gustan – vi liker

  • a vosotros/vosotras os gusta/gustan – de liker

  • a ellos/ellas les gusta/gustan – dei liker

¡OJO!

Det er valfritt om vi vil bruke me gusta eller a mí me gusta. Begge er riktige og kan brukast om kvarandre. Når vi tek med a mí, framhevar vi berre den det er snakk om, litt ekstra.

Men når vi har med namnet eller ei personnemning på den som liker noko, må vi alltid setje preposisjonen a framfor namnet eller personnemninga, til dømes:

  • A Carlos le gustan los gatos. Carlos liker kattar.

  • A mis padres les gusta viajar. Foreldra mine liker å reise.

Det same gjeld for dyr.

  • A mi perro le gusta ir de paseo. Hunden min liker å gå tur.

  • A los gatos no les gustan los perros. Kattar liker ikkje hundar.

Øving 3: Preposisjonsforma

Bestemmarord

Når nokon liker ein eller fleire ting eller personar, må vi setje eit bestemmarord framfor det eller den som blir likt. I dei fleste tilfella bruker vi bestemd artikkel, altså el, la, los og las.

  • Me gusta el actor. Eg liker skodespelaren.

  • ¿Te gusta la leche? Liker du mjølk?

  • Me gustan muchísimo los artistas modernos. Eg liker moderne kunstnarar svært godt.

  • ¿Te gustan las naranjas? Liker du appelsinar?

Vi kan òg setje eit eigedomsord (mi, tu, su og så vidare) framfor det nokon liker.

  • Me gusta mucho tu bicicleta. Eg liker sykkelen din veldig godt.

  • ¿Te gustan mis dibujos? Liker du teikningane mine?

¡OJO!

Du skal ikkje ha bestemd artikkel

  • framfor namn, til dømes Carlos eller Madrid

  • framfor verb (altså når du fortel om det nokon liker å gjere)

Øving 4: Bestemd artikkel

Kva artikkel manglar? Kryss av. Nokre setningar skal ikkje ha artikkel.

Likar ikkje ...

Nokre gonger vil du kanskje fortelje om noko du eller andre ikkje liker. Korleis gjer vi det på spansk?

Då set vi nektinga no framfor objektspronomenet, altså framfor me, te, le og så vidare.

  • Me gustan las películas españolas. Eg liker spanske filmar.
    No me gustan las películas españolas. Eg liker ikkje spanske filmar.

  • Nos gusta la música. Vi liker musikk.
    No nos gusta la música. Vi liker ikkje musikk.

Dei andre formene av gustar

Hittil har vi berre snakka om å bruka gustar i tredje person eintal og fleirtal (gusta/gustan). Men kva med dei andre formene av gustar? Bruker vi dei aldri? Jo, det gjer vi sjølvsagt! Vi bruker dei berre ikkje like ofte.

Studer bøyingsskjemaet og gå vidare til øving 5 etterpå.

Bøying av "gustar" i presens

eintal

fleirtal

1. person (eg/meg)

gusto1. person (vi/oss)gustamos

2. person (du/deg)

gustas2. person (dei/dykk)gustáis

3. person (han/han, ho/ho)

gusta3. person (dei/dei)gustan

Øving 5: Set om setningane

Prøv å setje om setningane under til spansk. Hugs at den som nokon liker, bestemmer bøyinga av gustar (gusto, gustas og så vidare). Den som liker, bestemmer val av objektspronomen (me, te og så vidare). Skriv ned dei spanske setningane, og samanlikn med fasiten i boksen.

  • Eg liker deg.

  • Liker du meg?

  • Vi liker dykk.

  • Dei liker oss.

Fasit

Omsetjing

  • Eg liker deg. Me gustas.

  • Liker du meg? ¿Te gusto?

  • Vi liker dykk. Nos gustáis (eller Nos gustan i Latin-Amerika).

  • Dei liker oss. Les gustamos.

Øving 6: Kva hugsar du om verbet gustar?

Jobb saman to og to. Les spørsmålet på kortet høgt, og bli einige om kva som er det rette svaret. Snu kortet og samanlikn svaret dykkar med det som står på baksida av kortet. Stemmer dei overeins? Hald fram til de har gått gjennom alle korta.

Andre verb som gustar

Det lønner seg å lære å bruke gustar riktig, og ikkje berre fordi dette verbet blir svært brukt mykje i det daglege. Det finst nemleg ein del andre verb som vi bruker på akkurat den same måten som gustar. Nokre av dei mest vanlege er

  • apetecer – å ha lyst på

  • doler – å gjere vondt, å ha vondt (i)

  • encantar – å elske noko, å like noko veldig godt

  • faltar – å mangle, å ikkje ha

  • interesar – å interessere

  • parecer – å synast (noko om noko)

Øving 7: Tek du utfordringa?

Føler du deg trygg på å bruke verbet gustar? Då kan du prøve deg på ei lita omsetjingsoppgåve der du skal bruke nokre av dei andre verba som følger dei same reglane som gustar.

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2023

Læringsressursar

Presens