Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presens av regelrette verb

Lær korleis du bøyer regelrette spanske verb i presens.
Ei ordsky med 26 spanske verb som er regelrette i presens. Dei største er comer, hablar, vivir, bailar, escribir, trabajar. Illustrasjon.

Bruk av presens

Presens er verbtida vi bruker for å fortelje om det som skjer no, noko som er allmenngyldig, eller noko som skjer fleire gonger.

Hoy trabajo en casa.
I dag jobbar eg heime.
Madrid es la capital de España.
Madrid er hovudstaden i Spania.
Cada sábado vemos una película.
Kvar laurdag ser vi ein film.

Personbøying

Spanske verb har personbøying. Det betyr at verbendinga viser kven som utfører handlinga.

På norsk har vi ikkje personbøying, men du kjenner det kanskje igjen frå engelsk:

I read, he reads
Eg les, han les
I am, you are, she is
Eg er, du er, ho er

Å bøye regelrette verb

Når vi seier at eit verb er regelrett, betyr det at verbet beheld den same stammen når vi bøyer det i dei ulike personane og tidene. Det einaste som forandrar seg, er endinga.

På spansk finst det tre grupper verb:

  • verb som sluttar på -ar i infinitiv, til dømes hablar (å snakke)

  • verb som sluttar på -er i infinitiv, til dømes comer (å ete)

  • verb som sluttar på -ir i infinitiv, til dømes vivir (å leve, å bu)

Når vi bøyer eit verb, må vi ta bort infinitivsendinga, altså -ar, -er eller -ir, og legge på endinga som viser kva person som utfører handlinga. Denne personen blir kalla subjekt.

Kvar gruppe verb har sine eigne personendingar som du bør lære deg utanåt. Dei liknar veldig på kvarandre, men det er likevel nokre forskjellar. I tabellen under har vi bøygd dei regelrette verba hablar, comer og vivir i alle personar. Studer bøyingsskjemaet nøye. Legg spesielt merke til dei ulike personendingane.

Bøyingsskjema for regelrette verb i presens

Personleg pronomen

hablar

comer

vivir

yo

habl-ocom-oviv-o

habl-ascom-esviv-es

él, ella, usted

habl-acom-eviv-e

nosotros/as

habl-amoscom-emosviv-imos

vosotros/as

habl-áiscom-éisviv-ís

ellos/as, ustedes

habl-ancom-enviv-en

Øving 1: Personendingane

Sjå på bøyingsskjemaet for regelrette verb igjen. Kva legg du merke til når det gjeld verbendingane for dei ulike personane? Snakk med ein medelev, og noter nokre korte setningar eller stikkord til kvar person, altså

  • første person eintal (yo)

  • andre person eintal ()

  • tredje person eintal (él, ella, usted)

  • første person fleirtal (nosotros, nosotras)

  • andre person fleirtal (vosotros, vosotras)

  • tredje person fleirtal (ellos, ellas, ustedes)

Når de er ferdig med å notere, kan de samanlikne med løysingsforslaget.

Løysingsforslag

Løysingsforslag for øving 1

Første person eintal (yo):

  • Endinga er alltid -o.

  • Endinga er lik for alle dei tre verbgruppene.

Andre person eintal ():

  • Den siste bokstaven er alltid s.

  • -er-verb og -ir-verb har lik ending (-es).

Tredje person eintal (él, ella, usted):

  • Endinga består av berre éin bokstav.

  • -er-verb og -ir-verb har lik ending (-e).

Første person fleirtal (nosotros, nosotras):

  • Dei tre siste bokstavane (mos) er like for alle dei tre verbgruppene.

  • Bokstaven før er ulik (a for -ar-verb, e for -er-verb og i for -ir-verb).

Andre person fleirtal (vosotros, vosotras):

  • Dette er den einast personen som har ei ending med aksent.

  • Endinga for -ir-verb er ein bokstav kortare enn for -ar-verb og -er-verb.

  • Dei siste to bokstavane er like for alle dei tre verbgruppene.

Tredje person fleirtal (ellos, ellas, ustedes):

  • Den siste bokstaven er n.

  • -er-verb og -ir-verb har lik ending (-en).

Øving 2: Kjenner du igjen endingane?

På spansk utelet vi som regel det personlege pronomenet (yo, tú, nosotros og så vidare). Endinga på verbet viser alltid tydeleg kva person det dreier seg om. Det er derfor veldig viktig at du veit kva endingar som høyrer til dei ulike personane.

Øving 3: Bøy verba

Kan du bøye dei regelrette verba trabajar (å jobbe), beber (å drikke) og discutir (å diskutere)?

Øving 4: Vel rett verbform

Øving 5: Bøy verba i rett person

Skriv rett bøygd form av verba som står i parentes. Viss du slit med å skjøne setningane, kan du ta ein kikk på omsetjinga under oppgåva før du fyller inn.

Omsetjing av setningane

Setningane omsette til norsk

  1. María studerer medisin i Madrid.

  2. Eg skriv eit brev til bestemora mi.

  3. Deler vi ein pizza, du og eg? / Skal vi dele ein pizza, du og eg?

  4. Besteforeldra mine et på ein restaurant.

  5. Du forstår mykje spansk.

  6. I helgane ser søstera mi på (ein) film.

  7. For tida les eg ei veldig interessant bok.

  8. Kva instrument speler du og broren din?

  9. Syng du ein song for meg?

  10. María og José, opnar de vindauget, ver så snill?

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2023

Læringsressursar

Presens