Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diftongering og vokalskifte

Repeter korleis du bøyer diftongerande verb og verb med vokalskifte i presens.

Stamme og endingar

Eit spansk verb består av ei stamme og ei ending. Vi kan ta det regelrette verbet hablar som døme. Dei siste to bokstavane (ar) er endinga som vi byter ut med personendingar når vi bøyer verbet. Resten av verbet (habl) kallar vi stammen.

Vanlegvis er stammen uendra når vi bøyer verbet, men det finst unntak. I nokre spanske verb endrar vokalen i stammen seg i nokre personar, anten til ein diftong eller ein annan vokal.

Diftongerande verb

Ein diftong er to vokalar i éi staving som smelter saman til ein ny lyd. Døme på diftongar på norsk er ei som i ordet hei og au som i ordet sau. Når vi seier at eit verb diftongerer, meiner vi at ein vokal i stammen blir til ein diftong når vi bøyer verbet.

Det finst to typar diftongering på spansk:

  • e blir til ie, til dømes i verbet empezar (å byrje)

  • o blir til ue, til dømes i verbet poder (å kunne)

I tillegg har vi eit verb der u blir til ue, og det er verbet jugar (å spele).

Verb med vokalskifte

Vokalskifte betyr at ein vokal i stammen til eit verb blir forandra når vi bøyer det. I dei verba som har vokalskifte, blir e endra til i i stammen, til dømes i verbet repetir (å gjenta).

Bøyingsskjema

I tabellen kan du sjå korleis vi bøyer diftongerande verb og verb med vokalskifte. Studer skjemaet nøye, og legg spesielt merke til endringane i stammen.

bøyingsskjema for diftongerande verb og verb med vokalskifte

empezar
(å begynne)

poder
(å kunne)

jugar
(å spele)

repetir
(å gjenta)

yo

empiezopuedojuegorepito

empiezaspuedesjuegasrepites

él, ella, usted

empiezapuedejuegarepite

nosotros/as

empezamospodemosjugamosrepetimos

vosotros/as

empezáispodéisjugáisrepetís

ellos/as, ustedes

empiezanpuedenjueganrepiten

¡OJO!

  • Både diftongering og vokalskifte skjer berre i eintal og i tredje person fleirtal. I første og andre person fleirtal blir ikkje stammevokalen endra.

  • I verb med fleire vokalar i stammen er det vokalen nærast endinga som blir forandra.

Øving 1: Tilordne bøygde verb

I øvinga er verba pensar (å tenke), volver (å komme tilbake) og servir (å servere) bøygde i alle personar. Sjå nøye på alle formene, og dra dei til rett boks.

Øving 2: Bøy verba

Bøy verba pensar (å tenke), dormir (å sove) og pedir (å bestille, å be om).

Øving 3: Skriv rett infinitiv

Øving 4: Bøy verba i rett person

Les setningane nøye, og bøy verbet i parentes i rett person.

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2023

Læringsressursar

Presens