Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Andre uregelrette verb

Du har allereie lært å bøye diftongerande verb og verb med vokalskifte. Her lærer du korleis du bøyer andre uregelrette spanske verb i presens.

Ei anna ending for yo

Dei fleste spanske verba får endinga -o i presens når vi bøyer dei i første person eintal (yo). Men det finst to typar verb som ikkje følger denne regelen.

-go-verb

Åtte av dei mest brukte spanske verba sluttar på -go i første person eintal (yo). I alle dei andre personane bruker vi dei vanlege endingane.

Desse verba er: decir (å seie), hacer (å gjere), oír (å høyre), poner (å setje / å legge), salir (å gå ut), tener (å ha / å få), traer (å ta med / å ha med seg) og venir (å komme).

verba som sluttar på -go i første person eintal

decir

hacer

oír

poner

salir

tener

traer

venir

e → i

e → ie

e → ie

yo

digohagooigopongosalgotengotraigovengo

diceshacesoyesponessalestienestraesvienes

él, ella, usted

dicehaceoyeponesaletienetraeviene

nosotros/as

decimoshacemosoímosponemossalimostenemostraemosvenimos

vosotros/as

decíshacéisoísponéissalístenéistraéisvenís

ellos/as, ustedes

dicenhacenoyenponensalentienentraenvienen

¡OJO!

  • Verbet decir er òg eit verb med vokalskifte.

  • Verba tener og venir er òg diftongerande verb.

  • Når vi bøyer verbet oír, blir i-en til y i andre og tredje person eintal ( og él, ella, usted) og i tredje person fleirtal (ellos/as, ustedes). I første person fleirtal (nosotros/as) får verbet òg ein aksent på i-en.

-zco-verb

Mange spanske verb som sluttar på -cer eller -cir i infinitiv, får endinga -zco i første person eintal (yo) presens. Elles bøyer vi desse verba som vanleg.

døme på -zco-verb

ofrecer (å tilby)

introducir (å introdusere)

yo

ofrezcointroduzco

ofrecesintroduces

él, ella, usted

ofreceintroduce

nosotros/as

ofrecemosintroducimos

vosotros/as

ofrecéisintroducís

ellos/as, ustedes

ofrecenintroducen

Øving 1: Bøy verba

Bøy verba salir (å gå ut), tener (å ha), conocer (å kjenne) og traducir (å omsetje).

Verba ser, estar og ir

Verba ser (å vere), estar (å vere) og ir (å gå, å dra) sluttar på -oy i første person eintal (yo). I tillegg har desse verba fleire irregularitetar.

Sidan ser, estar og ir er blant dei ti mest brukte verba på spansk, er det spesielt viktig at du lærer bøyinga utanåt.

Både ser og estar betyr "å vere", men dei kan ikkje brukast om kvarandre. Du kan lære meir om bruksområda for desse verba i artikkelen om ser, estar og hay.

Bøying av verba ser, estar og ir

ser (å vere)

estar (å vere)

ir (å gå, å dra)

yo

soyestoyvoy

eresestásvas

él, ella, usted

esestáva

nosotros/as

somosestamosvamos

vosotros/as

soisestáisvais

ellos/as, ustedes

sonestánvan

¡OJO!

  • Dei fleste formene av estar har aksent. Det er veldig viktig at du hugsar å ha han med når du bøyer. Utan aksent kan det bli betydningsforskjell.

  • Andre person fleirtal (vosotros/as) av verba ser og ir har ikkje aksent.

  • Verbet dar (å gi) sluttar òg på -oy i første person eintal (yo), og i andre person fleirtal (vosotros/as) har det ikkje aksent. Elles blir dette verbet bøygd regelrett.

Øving 2: Bøy ser, ir og estar

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2023

Læringsressursar

Presens