Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ser, estar og hay

Ser, estar og hay er verb som blir brukt mykje på spansk. Utfordringa med dei er at dei ofte svarer til det same ordet på norsk – "å vere". Her lærer du korleis du bøyer dei, og korleis du vel det rette av dei tre verba.

Ser og estar – to verb som betyr "å vere"

Både ser og estar betyr "å vere", men fordi kvart verb har sitt eige bruksområde, er det ikkje det same kva for eit av dei du bruker. Du blir som regel forstått sjølv om du bruker feil verb, men nokre gonger kan det bli ein betydningsforskjell og føre til misforståingar.

Bøying av ser og estar i presens

Både ser og estar har uregelmessig bøying. Sidan begge verba blir nytta svært ofte, er det lurt at du lærer deg heile bøyinga utanåt.

bøying av ser og estar
serestar
yosoyestoy
eresestás
él, ella, ustedesestá
nosotros/assomosestamos
vosotros/assoisestáis
ellos/as, ustedessonestán

¡OJO!

  • Legg merke til at ser ikkje har nokre aksentar i presens.

  • Pass på å få med alle aksentane når du bøyer estar.

Bruk av ser

Verbet ser bruk vi for noko fast og uforanderleg, som nasjonalitet, yrke, utsjånad og personlegdom/eigenskapar, og når vi skal beskrive noko.

  • Soy un chico. Eg er ein gut.

  • Somos noruegos. Vi er nordmenn.

  • Mi madre es ingeniera. Mora mi er ingeniør.

  • María y Laura son muy altas. María og Laura er veldig høge.

  • Mi profesor es muy simpático. Læraren min er veldig sympatisk.

  • La casa es blanca. Huset er kvitt.

Vi bruker det òg for å seie kvar nokon eller noko er frå.

  • ¿De dónde eres? Kvar er du frå?

  • Soy de Chile. Eg er frå Chile.

  • Este vino es de Argentina. Denne vinen er frå Argentina.

Vi må óg bruke ser ved tidsuttrykk, slik som vekedagar eller klokkeslett.

  • ¿Qué día es hoy? Kva dag er det i dag?

  • Hoy es lunes. I dag er det måndag.

  • ¿Qué hora es? Kor mykje er klokka?

  • Son las tres y cuarto. Ho er kvart over tre.

  • Es muy tarde. Det er veldig seint.

Øving 1: Bøy verbet ser

Hugsar du korleis du bøyer ser?

Bruk av estar

Verbet estar bruker vi for noko forbigåande, noko som er foranderleg, mellombels eller ein tilstand som kjem til å gå over igjen, altså alt som ikkje er den vanlege tilstanden.

  • Mi hermana está enferma. Søstera mi er sjuk.

  • ¿Cómo estás? Korleis har du det?

  • Estoy muy cansada. Eg er veldig trøytt.

  • Mi café está frío. Kaffien min er kald.

  • ¡Qué guapa estás hoy! Så fin du er i dag!

I tillegg bruker vi estar for å seie kvar noko eller nokon er eller ligg.

  • Barcelona está en España. Barcelona er i Spania.

  • Todos mis amigos están en Oslo. Alle vennene mine er i Oslo.

  • ¿Dónde estáis? Kvar er de?

  • Estamos en la cocina. Vi er på kjøkkenet.

Øving 2: Bøy verbet estar

Hugsar du korleis du bøyer estar?

Øving 3: Bøy ser og estar i rett person

Øving 4: Ser eller estar?

Ville du brukt ser eller estar for å setje om setningane i oppgåva under? Dra setningane til riktig plass og sjekk om du hadde rett.

Bruk av hay

Hay er ei bøygd form av verbet haber og blir nytta veldig ofte på spansk. Det betyr "det er" / "det finst" og har berre ei bøyingsform i kvar tid.

Vi bruker hay når vi fortel eller spør om kva som finst ein stad. Hay blir alltid brukt saman med ubestemde substantiv, talord eller ubestemde pronomen (som til dømes algún, mucho eller nada).

  • En Barcelona hay muchos museos. I Barcelona er det mange museum.

  • ¿Cuántas habitaciones hay en tu casa? Kor mange rom er det i huset ditt?

  • ¿Hay leche en la nevera? Er det mjølk i kjøleskapet?

  • Hay dos armarios en mi habitación. Det er to skap på rommet mitt.

  • En mi clase hay 30 alumnos. I klassen min er det 30 elevar.

  • ¿Hay alguna solución para mi problema? Er/finst det noka løysing på problemet mitt?

Ta sjekken

Når du skal setje om ei norsk setning som inneheld "det er", bør du ta denne sjekken: Gir setninga framleis god meining viss du erstattar "det er" med "det finst" eller "det eksisterer"? Viss ja, må du bruke hay i den spanske setninga. Viss ikkje, må du bruke anten ser eller estar.

Øving 5: En mi maleta hay...

Dette er eit spel som liknar på det norske Mitt skip er lasta med … De kan spele det saman to og to eller i større grupper. Viss de speler i ei stor gruppe, kan de òg gjerne dele dykk i lag.

Reglane i spelet:

  1. Den som byrjar, finn på éin ting hen har i kofferten sin, til dømes: En mi maleta hay una blusa" (I kofferten min er det ei bluse).

  2. Så seier den neste: En mi maleta hay una blusa y un móvil" (I kofferten min er det ei bluse og ein mobil.

  3. Så er det den neste igjen: En mi maleta hay una blusa, un móvil y tres libros" (I kofferten min er det ei bluse, ein mobil og tre bøker).

Slik held de fram å fylle kofferten, heilt til nokon seier feil eller ikkje kjem på fleire ting. Det er lov å hjelpe kvarandre for å halde det gåande lengst mogleg.

De kan sjølvsagt seie mange tullete ting som vi vanlegvis ikkje finn i ein koffert, til dømes un coche (ein bil) eller dos gatos (to kattar).

For å gjere spelet litt meir utfordrande kan de gjerne bruke adjektiv for å beskrive det som er i kofferten, til dømes una blusa amarilla (ei gul bluse) eller tres libros pequeños (tre små bøker).

Øving 6: Ser, estar eller hay?

Gå gjennom korta saman med ein medelev.

  • Les den norske setninga høgt.

  • Bli samde om de ville brukt ser, estar eller hay for å omsetje det norske "er" i setninga. Grunngi óg valet dykkar med nokre stikkord, til dømes "stad" eller "eigenskap".

  • Set om setningane til spansk. Trykk på info-knappen for å få litt hjelp. Si den spanske setninga høgt.

  • Snu kortet og samanlikn med fasiten.

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 24.08.2023

Læringsressursar

Presens