Kunst og visuelle verkemiddel 1 – ferdig 2025
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Kunst- og kulturhistorie
Menneske har alltid sett synlege spor etter seg. I dette emnet startar vi med 15 000 år gamle holemåleri og gir deg ei oversikt over ulike epokar frå oldtida til renessansen. Bruk kunst- og kulturhistorie som inspirasjon til eige skapande arbeid.
Forhistorisk tid
Vi menneske har alltid hatt behov for å uttrykke oss, og kunsthistoria vår begynner med holemåleri, skulpturar og monument allereie i forhistorisk tid. Det er dei periodane av menneskets historie som vi ikkje har skriftlege kjelder til, som blir kalla forhistorisk tid.