Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Retorisk blikk på Pøbel og Helse Vest si helsing til helsearbeidarane

PØBEL fekk i oppdrag frå Helse vest å lage 30 000 julekort med takk til dei tilsette for innsatsen gjennom pandemien. Bak ein QR-kode skjulte det seg ein bodskap som blei eit innlegg i samfunnsdebatten. Bruk omgrepa frå retorikken til å analysere den samansette teksten.
Kort med sjablongtrykk av ein sjukehustilsett i fullt verneutstyr som får klem av ein pasient med munnbind påskrive "TAKK". Foto.

På kortet står det:

Pandemien krev mykje av kvar enkelt som jobbar
i helsetenesta. Kvardagen er snudd opp ned, og alle bidreg
det dei evnar. Nokre står heilt i front. På same tid er dagane
endra for alle. Og vi veit ikkje heilt når livet blir som før igjen.

Den verdskjende kunstnaren Pøbel har eit sterkt
engasjement for innsatsen i helsetenesta og har derfor laga
eit eige motiv spesielt til deg som jobbar her. Dette er ei
helsing og eit symbol på at vi står saman, også i denne tida.

Vi ønskjer deg ei fin jul og alt godt i det nye året.
– og håpar at vi snart kan gi kvarandre ein god klem igjen.

Under teksten var det trykt ein QR-kode frå Pøbel. Først leia denne til nettsida til kunstnaren. Men på Pøbles instagramkonto blei det 16. desember 2020 publisert informasjon om at QR-koden no sende dei vidare til ein video der skodespelar Per Kjerstad framfører ein eigen bodskap frå Pøbel. Dette blei gjort utan å spørje Helse Vest, som betalte 140 000 kroner for oppdraget.

QR-kode som leier til video med helsing frå Pøbel. Foto.

Viss du ikkje har tilgang til ein QR-skannar, kan du følgje lenkja til filmen som skjuler seg bak QR-koden på Pøbel si julehelsing.

Viktige moment i ein retorisk analyse av denne teksten

Spørsmåla under hjelper deg til å skrive ein grundig retorisk analyse. Noter ned svar på spørsmåla og bruk det som utgangspunkt for teksten din.

Skriv om den retoriske situasjonen

Når du skal gjere greie for den retoriske situasjonen til ein tekst, skal du vurdere den konteksten han kom ut i.

  • Kven seier kva til kven?
    Presenter avsendarane og korleis dei formidlar bodskapen sin til målgruppa si.

  • I kva høve er teksten skapt?
    Presenter konteksten. Flett gjerne inn omgrepet kairos, der du vurderer tidspunktet teksten blir send ut og publisert.

Skriv om etos

Innleiande etos er den oppfatninga mottakarane har av sendaren frå før.

  • Kva slags selskap er Helse Vest?

  • Kva slags image har Pøbel?

Avleia etos er det inntrykket sendaren opparbeider seg gjennom teksten sin.

  • Korleis verkar Helse Vest som arbeidsgivar i den skriftlege teksten på kortet?

  • Korleis presenter Helse Vest kunstnaren?

  • Korleis skaper Pøbel tillit gjennom kortet og videohelsinga QR-koden leier til?

  • Korleis påverkar videoen etosappellen til Helse Vest?

Endeleg etos er heilskapsinntrykket mottakaren sit igjen med til slutt.

  • Korleis vurderer du Pøbel og Helse Vest sin etos etter å ha sett nærare på den samansette teksten?

  • Kva var mest avgjerande for at sendaren sin etos anten blei svekt eller styrkt?

Skriv om patosappellen

Patos speler på kjensler for å skape engasjement og kan setje mottakar i ei bestemd stemning.

  • Korleis kan biletet, den skriftlege teksten og videohelsinga vekkje kjensler hos mottakarane?

  • Kva element i den samansette teksten styrkjer patosappellen?

Skriv om logosappellen

Saksinformasjon og argument som speler på fornuft og sannsyn, styrkjer logosappellen.

  • Korleis bruker Helse Vest sakleg informasjon i den skriftlege teksten på kortet?

  • Korleis argumenterer Pøbel i videohelsinga si?

Skriv ei heilskapsvurdering

  • Kva appellform dominerer i teksten?

  • Er valet av appellform formålstenleg med tanke på formålet med teksten?

  • Utfyller dei ulike appellformene kvarandre, i så fall korleis?

  • Korleis synest du den samansette teksten fungerer med tanke på hensikta?

Skriv ferdig analysen

  • Bruk notata dine til å byggje opp ein samanhengande tekst med god struktur.

  • Hugs at alle påstandane dine om teksten bør vise til eit sitat eller noko konkret i biletet som "bevis".

  • Jobb med presis ordbruk og å skape tekstbinding i og mellom avsnitta.

Lær meir om korleis du byggjer gode avsnitt og skaper flyt i ressursen under.

Relatert innhald

Som eit oppdrag frå Helse Vest laga Pøbel julekort med takk til dei tilsette for innsatsen gjennom pandemien. Undersøk den skjulte bodskapen bak QR-koden.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Retorisk analyse