Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bonderomantikk i "Luren" og i ein reklamefilm

Bonden har vore og er viktig for norsk matproduksjon, og hen er òg ein viktig kulturberar. Kva bilete har vi av bonden? Analyser ein reklamefilm for norsk svineproduksjon og vurder om biletet av bonden har endra seg sidan 1800-talet.
Grisar i ei blomstereng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Del 1

  1. Kva assosiasjonar har du til "den norske bonden"?

  2. Novella "Luren" (1819) av Maurits Hansen skildrar ein norsk bonde. Kva eigenskapar har han? Liknar biletet Hansen skaper på assosiasjonane du hadde frå før?

Del 2: analyse

Sjå reklamefilmen GRIS! (youtube.com) og skriv ein retorisk analyse av han.

Nokre hjelpespørsmål til analysen (sjå òg lenkjer nedst på sida).

  1. Kven er avsendaren? Undersøk kven som står bak "MatPrat".

  2. Kva er den retoriske situasjonen?

  3. Kva for retoriske grep bruker avsendaren for å overtyde oss? Sjå spesielt på korleis bonden blir skildra.

  4. Samanlikn bøndene i filmen med det du svarte under del 1. Stadfestar filmen førestillingane dine? Liknar dei på bonden i "Luren"?

Del 3: Kritisk tilnærming til tekst

Reklamefilmen viser eit utval bønder som driv med grisehald. Gir dette eit realistisk bilete av griseindustrien i Noreg?

  1. Gjer eit nettsøk på temaet og vel deg ut minst éin tekst med positiv eller nøytral vinkling, og éin tekst som er kritisk til griseindustrien.

  2. Ver kritisk til treffa du får: Kven er avsendarar? Kva interesser har dei for enten å forsvare industrien eller angripe han?

  3. På kva måte påverkar desse tekstane biletet ditt av bønder og norsk landbruk?

  4. Kva er det "korrekte" biletet av bonden i dag? Det idylliske biletet som blir skapt i reklamefilmen, og skrekkbileta frå griseindustrien ligg langt frå kvarandre. I mellom der finst det tallause måtar å drive gardsdrift på, og bønder er like ulike som oss andre. Kva kan du finne ut om norske bønder og landbruk i Noreg i dag?

Oppgåve 2

Skriv eit essay om den norske bonden før og no. Bruk gjerne tekstane frå oppgåve 1 som inspirasjon.

Relatert innhald

Den retoriske situasjonen er heilt avgjerande for innhaldet i den retoriske teksten og korleis han blir motteken. Kva består den retoriske situasjonen av?

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021

Læringsressursar

Retorisk analyse