Oppgåve
Retorikk og pandemi
Her skal du analysere og samanlikne retorikken i to filmar som tek utgangspunkt i koronapandemien som oppstod i 2020.
Korleis er/var det å leve under koronapandemien?
- Tre stikkord: Kva kjensler forbind med tida under koronapandemien?
- Tre stikkord: Kva har du sakna mest under koronapandemien?
- Kva trur du er/var dei største utfordringane til styresmaktene under koronapandemien?
- Del og samanlikn a) og b) i grupper. Kor einige er de?
Sjå filmen Sammen kan vi stoppe smitten. Takk for at du bidrar! frå Folkehelseinstituttet på YouTube.
Sjå filmen DNB - Er du klar når verden åpner igjen? frå DNB på YouTube.
- Kva kan vere det påtrengjande problemet i kvar av filmane – altså det som fekk dei til å lage filmane?
- Kva trur du er formålet med kvar av filmane, og kvifor?
- Korleis kan kunnskap om avsendarane hjelpe oss å vurdere kva som er det påtrengjande problemet og formålet med dei to filmane?
- Kven er det retoriske publikummet til kvar av dei to filmane?
- Kva er dei tvingande omstenda rundt kvar av filmane?
Finn ut kva avsendaren av kvar av dei to filmane satsar mest på:
- å byggje opp truverdet sitt (etos)
- å appellere til kjenslene (patos)
- å gi saksinformasjon og kome med gode, fornuftige argument (logos)
Grunngi svaret ditt.
- Ein viktig patosfunksjon er å motivere til handling. Motiverer begge filmane til handling? I så fall – korleis?
- Kva er hovudargumentet eller hovudresonnementet i kvar av dei to filmane? Og er det ope, altså direkte formulert i filmen, eller er det skjult, altså at det kjem til uttrykk mellom linjene?
- Nedanfor finn du ei liste med døme på ulike kjensler. Vel ei eller to kjensler som du meiner kvar av dei to filmane skaper eller speler på. Forklar korleis dei gjer det.
- Korleis bruker kvar av dei to filmane verkemiddel for å byggje truverd, vekke kjensler, eller informere og/eller grunngi?
- Peik ut det verkemiddelet du synest er viktigast i kvar av dei to filmane og forklar kvifor.
- Filmen til Helsedirektoratet har ikkje musikk. Kva for ein retorisk effekt kan det ha?
Kva for ein retorisk effekt kan musikken i DNB sin film ha?
- Korleis utnyttar DNB den rette augneblinken, altså kairos, i reklamefilmen sin?
- Speler nokon av filmane på dei kjenslene eller behova du og andre i klassen kjende på under koronapandemien?
- Lykkes DNB med retorikken? Vurder filmen si form og innhaldet i lys av situasjon, avsendar, publikum og formål.
- Lykkes Helsedirektoratet med retorikken? Vurder filmen si form og innhaldet i lys av situasjon, avsendar, publikum og formål.
Bruk det du har kome fram til i analyseoppgåvene ovanfor. Gjer ei retorisk samanlikning av dei to filmane med vekt på forholdet mellom form, innhald, formål og situasjon. Samanlikninga skal ende i eit skriftleg eller munnleg produkt.
Du kan byggje opp samanlikninga rundt følgjande struktur:
- innleiing
- samanlikning av dei to retoriske situasjonane
- analyse av hovudtrekka ved retorikken (argumentasjon og verkemiddel) i dei to filmane
- samanlikning av retorikken i dei to filmane
- vurdering av kor godt dei ulike filmane lykkast med å tilpasse retorikken til situasjonen
- oppsummering og konklusjon