Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er topos?

Her vil du få ei kort forklaring på kva topos betyr og døme på topos i ulike retoriske tekstar.

Les først heile artikkelen under. Når du meiner du har forstått topos-begrepet, kan du sjå reklamen for Aker i videoen over. Prøv å formulere eit svar på spørsmålet med eigne ord: Frå kva for nokon topoi hentar denne reklamen argumenta sine?

Kunsten å finne overtydande argument

Læra om topos (fleirtal: topoi ) handlar om kunsten å finne overtydande argument. Topos er derfor eit sentralt omgrep i inventio, som er fagtermen for planleggingsfasen av ein retorisk tekst i retorikken.

Topos – ein mental stad

Sjølve ordet topos betyr opphavleg "stad", og i retorikken bruker vi topos om ein "stad" der det er lett å finne argument og vinklingar, og som vi menneske derfor går til når vi vil argumentere for ei sak. Det er ikkje snakk om ein fysisk stad som til dømes bøker, biblioteket, fagpersonar eller liknande. Det er derimot ein stad i overført betydning, ein "stad" i eit mentalt, tematisk landskap.

Topos – ein felles møteplass

Når ein god retorikar skal søkje etter argument for å overtyde, må hen finne dei på stader det er lett å la seg overtyde. Litt forenkla kan vi seie det er lurt å plukke frå stader det herskar einigheit om. Då vil avsendaren spele på mottakarane sin moral, verdiane deira, og korleis ting heng saman. Vi kan sjå på tre ulike døme:

Tre døme

Døme 1: Førestillingar om det norske

Reklame for mjølkesjokolade på husvegg. Motivet består av kyr som held selskap på ei grøn mark. Dei sit rundt omkring ved små bord med matrettar på. Kyrne ser lystige ut. Ei ku har øyretelefonar på seg. I bakgrunnen er store, grøne tre og nokon bygningar. Øvst står det skrive: Freia Melkesjokolade.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du lagt merke til at mange norske reklamar har nasjonale motiv? Den norske naturen og små norske gardar speler ei hovudrolle i reklamar for alt frå mjølkesjokolade til jus. Årsaka er at avsendaren hentar argument frå toposen "førestillingar om det norske". Slike førestillingar er til dømes at nordmenn elskar naturen, eller at det er bonden som er berar av norsk kulturarv.

Tenk over:

Kva for nokon produkt bruker "det typisk norske" i reklamane sine? Snakk gjerne med ein medelev om kva reklamar de kjem på.

Greta Thunberg held tale i FN. Ansiktsuttrykket hennar viser vreide og fortviling over situasjonen ho taler om. Ho er kledd i rosa, og håret er fletta i ei lang flette.

Døme 2: Barna si framtid

Greta Thunberg (f. 2003) har frå ho var 16 år, halde mange talar rundt klimasaka. Det retoriske publikummet hennar er internasjonalt og samansett. Det spenner frå barn og vanlege folk til konsernleiarar, internasjonale politikarar og verdsleiarar.

Ho går ofte til dei same stadene for å endre synet vårt på klimaendringane og appellere til handling. Mellom anna hentar ho mykje av argumentasjonen sin frå topoi om barndom og barn sine rettar. Dei fleste meiner at barn har rett på ein trygg oppvekst og ei trygg framtid, og at det er dei vaksne sitt ansvar. Ho bruker også ofte ordet "krise" og tek dermed publikum med til ein heilt annan stad enn om ho hadde brukt ordet "utfordring". Publikum forventar raskare og sterkare tiltak ved kriser.

Døme 3: Dei gode mot dei vonde

Det er ikkje mykje fint å seie om Adolf Hitler, men han kjende godt til kva topoi han skulle gå til for å overtyde det retoriske publikummet sitt (det tyske folket). Han spelte på ei vanleg førestilling blant tyskarane om at dei hadde blitt urettferdig behandla etter første verdskrigen. Hitlers favorittopos var at jødane var ein trussel mot det tyske folket. Dette bygde han vidare på ved å hente argument frå topoi som rase og vondskap og framstilte jødar som korrupte, egoistiske, feige og løgnaktige. Folk lét seg overtyde, godt hjelpt av fordommane mot jødar som var vanlege i Europa på 30-talet.

Hitler ståande i bil helsar på tilhengjarar langs gatene under den 5. partikongressen i Nürnberg i 1933. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Skattekartet som døme

Topos er eit abstrakt omgrep og kan vere vanskeleg å forstå. Derfor skal vi samanlikne det å skape ein retorisk tekst og bruke topos med å lage eit skattekart.

I – Vit kvar du skal

Kart over ei øy der det er kryssa av kvar det ligg ein skatt. Teikning.

For å lage eit skattekart treng du eit mål i form av eit kryss (X) som viser kvar skatten er gravlagt. Du må altså vite nøyaktig kvar du skal.

II – Kjenn omgivnadene

Vidare treng du ei stipla linje som viser kvar du må gå for å komme til X. For å teikne inn den stipla linja så nøyaktig som mogleg, må du ha god kjennskap til dei ulike stadene som finst i landskapet og omgivnadene.

III – Finn og marker den beste vegen

Ein god veg til målet er kanskje kort, rask, lite slitsam og fri for hindringar, eller han følgjer ein sti, ei trapp, ei bru eller liknande. Ein dårleg veg kan gå gjennom tett krattskog, ulendt terreng, over bratte fjell eller nært farlege element. Når du teiknar den stipla linja, følgjer du den vegen som fører fram til målet på best mogleg måte.

Overført til retorisk tekst

Den retoriske teksten din er sjølve kartet, X-en er formålet med teksten, og den stipla linja er vinklingane og argumenta dine. Viss du ikkje veit kvar skatten er gravlagd, eller kva stader du skal gå, fungerer skattekartet dårleg. På same måten fungerer teksten din dårleg viss du ikkje veit kva formålet er, og korleis du skal komme deg dit.

Som i kartet må du ha god kjennskap til "stadene i landskapet" når du skal skape ein retorisk tekst. Slike "stader" kan vere ulike emne som ofte blir knytte til saka du omtaler i tillegg til allmennmenneskelege argument, oppfatningar og haldningar. Det er desse emna og oppfatningane vi kallar topoi.

Dei er moglegheitene du har. Det er desse du navigerer i når du leitar etter overtydande argument og vinklingar som passar til publikum, sak og kontekst. Det gjeld med andre ord å finne topoi som kan hjelpe deg med å overtyde godt og effektivt. Samtidig må du unngå topoi som kan hindre deg.

Kvifor bør eg kunne dette?

Ofte har vi ikkje tid til å førebu argumenta våre. Då er det formålstenleg å gå til stader der vi veit vi finn stoff og argument. Men også når vi har god tid til planlegging, hjelper det å vite kva innfallsvinklar og argument som overtyder akkurat det publikummet i akkurat den situasjonen og om akkurat det temaet.

Kunnskap om topos vil også gjere det lettare for deg å vere ein kritisk lyttar eller lesar. Du vil lettare kunne avsløre argumentasjonen i andre sine tekstar. Ein toposanalyse kan hjelpe deg med å sortere argumenta i teksten. Då vil du lettare sjå kva strategiar avsendaren har brukt for å overtyde. Etter at du har skaffa deg oversikt, kan du til dømes stille kritiske spørsmål til måten tema og argument blir framstilte på: Kva verdiar og haldningar formidlar avsendar? Kvifor har avsendar valt akkurat denne framstillinga? Korleis påverkar det oss? Deler eg eller folk flest verdiane og oppfatningane i teksten? Er dette argument vi vanlegvis tek for gitt? Går det an å sjå det som blir omtalt på fleire måtar?

Kjelder

Grue, J. (2011). topos. I Store Norske Leksikon. Sist oppdatert: 30.09.19. Henta januar 2022 frå https://snl.no/topos

Wersland, E.S. (2020). Å appellere til handling. En retorisk analyse av to av Greta Thunbergs taler. Sølvvinnar i Forskningsrådets Unge forskere 2020. Henta januar 2022 frå https://www.forskningsradet.no/siteassets/unge-forskere/oppgaver-2020/stromme-wersland-eivor.PDF

CC BY-SASkrive av Christian Lund og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2022

Læringsressursar

Retorisk analyse