Introduksjon
Kva er det eigentleg du skal gjere når du blir beden om å analysere ein tekst og bruke fagomgrep frå retorikken?
Finn ut av
kva som er formålet med den retoriske teksten
korleis avsendaren prøver å påverke
kvifor avsendaren bruker akkurat desse orda for å påverke
Metoden du skal bruke, er
å formulere formålet
å vurdere og forstå den retoriske situasjonen som har utløyst teksten
å granske ordvalet nøye og kople det til den retoriske teksten og situasjonen
Vanlege feil er
å berre beskrive den retoriske teksten i staden for å avsløre intensjonen bak han
å ikkje gjere detektivarbeidet grundig nok – å ikkje "avsløre" avsendaren
Prøv deg som detektiv på Erna Solbergs korona-unnskyldning.
18. mars 2021 publiserte Noregs statsminister, Erna Solberg, eit innlegg på Facebook som fekk mykje merksemd. Bakgrunnen for innlegget var at Erna hadde brote koronarestriksjonane ho sjølv hadde vore med på å utforme, då ho og familien var meir enn ti personar samla på ei hytte på Geilo.
Filer
Del 1: Om formålet og den retoriske situasjonen
Jobb aleine:
Les gjennom teksten og formuler det du meiner er formålet med teksten.
Svært mange blei sinte då dei høyrde kva Erna hadde gjort. Kvifor trur du Ernas hyttetur vekte så mykje raseri?
Jobb i grupper:
Diskuter svara dykkar på spørsmål a og b i førre oppgåve.
No skal de diskutere kva som er den retoriske situasjonen for teksten. Får å vurdere dette bør de diskutere
kva som er det påtrengjande problemet
kven det retoriske publikummet er
kva dei tvingande omstenda er
Hjelpespørsmål til retorisk situasjon:
Mange synest det er vanskeleg å forstå kva "den retoriske situasjonen" går ut på. Det betyr enkelt og greitt at du skal sjå på kva som er bakgrunnen for at avsendaren har skrive teksten, kven avsendaren prøver å nå og rammene sendar må halde seg innanfor.
Her er nokre spørsmål til diskusjonen om den retoriske situasjonen til Erna Solbergs Facebook-unnskyldning:
Kvifor måtte Erna be om unnskyldning?
Kvifor er rolla hennar som statsminister spesielt viktig i denne situasjonen?
Kven prøver ho å nå fram til med dette innlegget?
Kva rolle har koronarestriksjonane spelt for dagleglivet til mottakarane ho prøver å nå fram til, og kva kan dette ha å seie for korleis dei oppfattar nyheita om Ernas brot på eigne restriksjonar?
Del 2: Gransk ordbruken
Når du har forstått kva som er formålet med teksten og diskutert den retoriske situasjonen, har du svart på første del av dei tre detektivoppdraga:
Kva er formålet med den retoriske teksten?
Korleis prøver avsendaren å påverke?
Kvifor bruker avsendaren akkurat desse orda for å påverke?
No er det på tide å gå i gong med oppdrag 2 og 3. Svaret på desse to spørsmåla finn vi ved å nærlese Ernas innlegg, undersøkje kva for ord ho har brukt og "avsløre" kvifor ho har brukt nettopp desse orda.
Jobb aleine:
Ha teksten framfor deg igjen. Les nøye gjennom og skriv notat i margen eller på anna vis som forklarer kva ord Erna har brukt, og kvifor ho har valt desse orda. Bruk fagomgrep om ordvalet hennar.
Eksempeltekst
Under kan du sjå eit døme på korleis du kan nærlese ein tekst og bruke fagomgrep. Dette er ei nærlesing av Petter Northugs unnskyldning på Instagram etter at han blei teken for å ha køyrd for fort i august 2020.
Jobb i grupper:
Gå gjennom nærlesinga dykkar i grupper. Diskusjonen skal særleg leggje vekt på
korleis Erna prøver å nå fram med unnskyldninga si
kva ord Erna bruker for å påverke
kva fagomgrep de vil bruke om verkemidla i teksten
Del 3: Vurder aptum
Diskuter på gruppa: Er Ernas unnskyldning vellykka? De skal grunngi svaret dykkar ved å vise til sitat og den retoriske situasjonen.