Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis lage gode avsnitt i fagartiklar?

No skal vi jakte på det perfekte avsnittet. Når du har lært å lage eitt godt avsnitt, kan du bruke triksa på alle avsnitta i fagartikkelen.

Når du har gjennomført både idémyldringa, utforskinga og førskrivinga til ein fagartikkel, er du klar til å skrive hovuddelen. Har du allereie gjennomført desse delane, skal du sitje igjen med seks temasetningar som skal vere førstesetninga i avsnitta i hovuddelen din.

Problemstilling til fagartikkel om “Press blant ungdom”

Drøft problemstillinga: “Er det for mykje press på ungdom i dag?”

I media har det dei siste åra vore skrive mykje om den psykiske helsa til unge menneske. Somme har kalla dagens ungdommar for “Generasjon perfekt”. Årsaka er at det kan verke som om mange tenåringar meiner dei må ha både “feilfri” kropp, gode karakterar, fine klede og ein perfekt fasade på sosiale medium.

Oppgåve

Del 1

No skal vi jakte etter det perfekte avsnittet. Jobb gjerne i grupper på tre. Etter å ha gått gjennom presentasjonen under og gjort oppgåvene i denne, skal de sitje igjen med eit avsnitt de kan bruke i teksten dykkar.

Oppgåva føreset at de allereie har laga temasetningar. Vel ut temasetninga til det argumentet de meiner er det viktigaste for at ungdom har for mykje press. For hugs: Du skal alltid skrive om det viktigaste først.

Del 2

Set temasetninga de har valt ut saman med den eksporterte teksten i del 1 (kommentarsetningar og avslutning). Ein av dykk les avsnittet høgt for dei andre. Diskuter om de bør gjere endringar på språk eller innhald.

Del 3

Alle gruppene viser sitt avsnitt for resten av klassen. Gi kvarande tilbakemelding på kva som er bra, og kva som kan forbetrast i jakta på det perfekte avsnittet.

Kanskje kan de til og med kåre ein vinnar? Kven har laga det beste avsnittet? Grunngi!


Relatert innhald

Før du skriv hovuddelen, bør du gå gjennom førskrivingsfasen. Øv deg på å lage gode temasetningar og kjenne igjen krava til gode temasetningar.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2019

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel