Hopp til innhald
Oppgåve

Pøbel si helsing til helsearbeidarane

PØBEL er kunstnarnamnet til ein norsk anonym kunstnar frå Jæren. Han fekk i oppdrag frå Helse Vest å lage 30 000 julekort med takk til dei tilsette for innsatsen gjennom pandemien. Bak ein QR-kode skjulte det seg ein bodskap som blei eit innlegg i samfunnsdebatten.

På kortet står det:

Pandemien krev mykje av kvar enkelt som jobbar
i helsetenesta. Kvardagen er snudd opp ned, og alle bidreg
det dei evnar. Nokre står heilt i front. På same tid er dagane
endra for alle. Og vi veit ikkje heilt når livet blir som før igjen.

Den verdskjende kunstnaren Pøbel har eit sterkt
engasjement for innsatsen i helsetenesta og har derfor laga
eit eige motiv spesielt til deg som jobbar her. Dette er ei
helsing og eit symbol på at vi står saman, også i denne tida.

Vi ønskjer deg ei fin jul og alt godt i det nye året
– og håper at vi snart kan gi kvarandre ein god klem igjen.

Under teksten var det trykt ein QR-kode frå Pøbel. Først leia denne til kunstnaren si nettside. Men på Pøbles instagramkonto blei det 16. desember 2020 publisert informasjon om at QR-koden no sende dei vidare til ein video der skodespelar Per Kjerstad framfører ein eigen bodskap frå Pøbel. Dette blei gjort utan å spørje Helse Vest, som betalte 140 000 kroner for oppdraget.

Viss du ikkje har tilgang til ein QR-skannar, kan du følgje lenkja til filmen som skjuler seg bak QR-koden på Pøbels julehelsing.

Oppgåve 1. Analyser teksten

Gjennom eit kreativt kunstnarstunt set Pøbel lys på dagens helsesystem.

  1. Kva uttrykkjer Pøbel gjennom biletet på kortet?

  2. Kva formidlar den skriftlege teksten frå Helse Vest?

  3. Korleis blir meiningsinnhaldet utvida gjennom videoen?

  4. Vurder samspelet mellom biletet, skriftleg tekst og munnleg formidling gjennom levande bilete i videoen.

  5. Kva for ein bodskap formidlar Pøbel gjennom teksten samla sett?

  6. Målgruppa for julekortet er helsearbeidarane, men kven er den skjulte bodskapen i tillegg retta mot?

  7. Kva synest du om måten Pøbel kommuniserer på, og korleis trur du helsearbeidarane og Helse Vest reagerer på dette?

Oppgåve 2. Skriv eit essay

Vel enten alternativ A eller B.

Alternativ A:

Skriv eit essay der du reflekterer over innhaldet i Pøbels helsing til helsearbeidarane.

Alternativ B:

I ein e-post til NDLA 10. september 2021 beskriv Pøbel og kollegaen hans, Jonas, bakgrunnen for stuntet sitt.

Rett før vi "trykket" på knappen, endret QR-koden og iverksatte det hele, hadde vi selvsagt noen baktanker. Ingen visste om hva vi gjorde, før det var blitt gjort. Hadde oppdragsgiver fått vite om det, hadde det blitt stoppet. Så man kan jo si det var noe uetisk å gjøre dette fra vår side. Samtidig føltes det på mange måter også korrekt å gjøre det. Oppdraget skulle, fundamentalt sett, være en takk til alle helsearbeiderne, og skal en takke noen, så må en også forsøke å forstå dem og hva en faktisk takker dem for.

På en måte kan man si at vi tok et bevisst valg ved å "si i fra" og bruke anledningen til å stå opp for noe. Dette var ikke planlagt fra dag en. Det var mens vi jobbet med motivet at vi gjennom tilfeldige samtaler med bekjente helsearbeidere fikk høre at hverdagen ikke alltid var så lett. Etter videre research, blant annet ved å lese flere medieoppslag fra de siste årene, lengre rapporter og samtaler med fagforeninger, fikk vi inntrykk av at her var det mye som bør og kan forbedres. Det kunne se ut som spesifikke reformer som opprinnelig hadde gode intensjoner, kanskje ikke hadde den ønskede effekten over tid. Så etter hvert føltes det nesten mer moralsk riktig for oss å påpeke dette, i stedet for å bare lage et motiv, ta imot pengene fra oppdragsgiver og gi vår støtte til at status quo skal fortsette akkurat som før. Det hadde nok vært enkelt å gjøre dette hvis vi hadde vært lykkelig uvitende. Men når vi fikk det inntrykket vi fikk, så føltes det nesten som å selge sjelene våre dersom vi ikke skulle bruke muligheten til å gi beskjed.

Skriv eit essay der du reflekterer over kommunikasjonssituasjonen og det etiske dilemmaet Pøbel og kollegaen hans stod overfor. Vurder gjerne kva konsekvensar stuntet deira kunne få både for arbeidsgivaren og kunstnaren.

Eit personleg essay er ein resonnerande tekst med subjektivt preg. Inviter lesaren med på ei tankevandring og prøv å formidle refleksjonane dine på ein interessant og underhaldande måte.

Relatert innhald

Oppgåve 3. Helsing til ei yrkesgruppe

La deg inspirere av korleis Pøbel kommuniserer gjennom bilete, skriftleg tekst og film.

Vel ei yrkesgruppe som du vil løfte fram og lag ei helsing til dei. Du bestemmer sjølv kva medium og kva slags uttrykksformer du vil bruke.

Relatert innhald