Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ingvild Lothe og Atle Håland om søken og seksualitet

Både Ingvild Lothe og Atle Håland skriv tekstar om rastløyse, sex og søken etter noko udefinert. Nokre gonger gir karakterane deira bort litt meir enn dei hadde tenkt i jakta på å fylle tomrommet dei har i seg. Her skal du samanlikne eit dikt av Håland og første del av ein roman av Lothe.

Del 1. Bli kjent med Ingvild Lothe

Sjå Ingvild Lothe lese eit dikt i videoen over. Diskuter deretter i klassen:

  1. Kva inntrykk får de av det lyriske jeg-et i Lothes dikt?

  2. Kvifor trur de jeg-et oppfører seg som hen gjer?

  3. Ingvild Lothes dikt kan karakteriserast som tragi-komisk. Kvifor det?

Del 2. "jeg vet ikke hva jeg søker"

Relatert innhald

Dikt skrive av Atle Håland, henta frå antologien "Skråtekst. Skeiv litteratur fra seksten unge forfattere".

Jobb åleine

  1. Les avsnitt for avsnitt i diktet. Prøv å samanfatte tankane til det lyriske eg-et i kvart avsnitt.

  2. Samanfatt refleksjonane til det lyriske eg-et:

    • Kva "problem" har hen?

    • Korleis "bruker" hen andre menneske for å løyse problemet?

    • Prøv å teikne diktet: Kvar er det lyriske eg-et når hen reflekterer? Kva betraktar hen? Og kva tenkjer hen på?

Jobb i grupper

  1. Diskuter det de har svart på spørsmåla over.

  2. Vis kvarandre teikningane dykkar, og kommenter kvifor de teikna diktet slik de gjorde.

Del 3. Havfruehjerte

Du finn første del av romanen Havfruehjerte av Ingvild Lothe på issuu.no.

Jobb åleine

  1. Les utdraget frå romanen.

  2. Karakteriser eg-personen: Korleis er ho, kva problem har ho og korleis oppfører ho seg?

  3. Kva er det eg-personen søkjer etter? Og korleis går ho fram for å finne dette?

  4. Det er likskapar i tematikken mellom Håland og Lothe sine tekstar. Finn to–tre sitat frå kvar tekst som viser dette.

Jobb i grupper

Samanlikn svara de gav på spørsmåla ovanfor.

I plenum

Ha ei oppsummering i klassen. Skriv ned alle likskapar og forskjellar de finn mellom dei to tekstane.

Del 4. Samanlikn eller reflekter

Vel ei av oppgåvene under. Den første oppgåva er ei samanlikningsoppgåve der du skal skrive akademisk. Den andre oppgåva er ei friare oppgåve der du skal reflektere og kan skrive meir kreativt.

Oppgåve 1: Samanlikn tekstane

Skriv ein tekst på ca. 300 ord der du samanliknar temaet og eg-personane i "jeg vet ikke hva jeg søker" av Atle Håland og Havfruehjerte av Ingvild Lothe. I teksten din skal du bruke sitata du fann i oppgåve 3c.

Teksten din skal ha

  • ei innleiing

  • ein hovuddel

  • ei avslutning

Sjå gjerne gjennom ressursen "Korleis samanlikne tekstar i kortsvar" for å få tips til oppsett av teksten din.

Relatert innhald

Oppgåve 2: Skriv eit miniessay

Skriv eit miniessay på 300–500 ord der du reflekterer over korleis "jeg vet ikke hva jeg søker" av Atle Håland og Havfruehjerte av Ingvild Lothe framstiller ungdommeleg søken. Det skal komme tydeleg fram at du tek utgangspunkt i desse tekstane. Bruk gjerne sitata du fann i oppgåve 3c.

Sjå gjerne gjennom ressursen "Å skrive essay" for å få hjelp og tips til arbeidet.

Relatert innhald

Relatert innhald

Fødd sånn eller blitt sånn? Det er mange måtar å byggje identiteten sin på.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.03.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme