Hopp til innhald

Litterære tekstar

To dikt under ei utbygging på E6

Desse to dikta av Erlend Skjetne handlar om mennesket si behandling av naturen.

I

Dei bryt opp bakken.
Dei skjer opp vegen
for å byggje ein ny veg.
Trafikken vil flyte jamnare
inn og ut av den store byen,
til og frå dei tallause arbeidsplassane,
der planar blir lagt for nye vegar.

Den mjuke lina til den vide dalen
er gjeven ti tusen hogg.
Grunnvatnet siv opp i mørke dammar.
Leirjorda flekkar dei svoltne tennene.
Det grøne blikket er sløra av grått.

Forlaten i eit hjørne av gjørmehavet,
på det som pla vera eit fruktbart jorde,
står ei styggamal høyrive,
nesten heilt dekt av rust.
Dei siste blanke stripene i stålet
glitrar enno kvast i morgonlyset –
ei arkeologisk overskotsvare
frå ei tid som berre landsens skrullingar
enno trør omkring i.

Frå baksetet på susande bilar
får ein og annan småunge auge på riva,
og bed foreldre om å stogge og sjå.
Men dei kan ikkje eingong bremse.
Det er ikkje lov å forsinke trafikken
med ein einaste sekund.

II

På ein liten dam av smeltevann, på ei slette
mellom den gamle og den nye motorvegen,
rastar svanene.

Dei søv med halsen krøkt inn mot kroppen,
og liknar skyer på ein nedstyrta himmel.
Den jamne larmen frå den tunge trafikken
når ikkje inn i svevnen deira.

Idet dei lettar, dannar det ein augneblink
ein perfekt parallell til bilkøa under seg –
før dei dreg ifrå.

Kjelde

Lindsjørn, M. K. og Ramse, A. B. (red). Økokritikk. Bøygen 3/2017. Henta fra https://issuu.com/boygen/docs/boygen_03_2017_web/4

Relatert innhald

Korleis blir forholdet mellom menneske og natur framstilt i "Landskap med gravemaskiner" av Rolf Jacobsen og to dikt av Erlend Skjetne?

Når forholdet mellom menneske og litteraturen er hovudtema i litteraturen, kallar vi det for økolitteratur. Det er ikkje ein ny sjanger.

Begrenset brukSkrive av Erlend Skjetne.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme