Hopp til innhald
Oppgave

Når mennesket angrip naturen

Både Rolf Jacobsen og Erlend Skjetne skriv om korleis mennesket behandlar naturen. Kva verkemiddel bruker dei for å formidle temaet?

Mål

Målet med denne oppgåva er naturlegvis å lese og forstå tematikken i dikta til Rolf Jacobsen og Erlend Skjetne. Men i tillegg skal du prøve å formulere korleis dei to forfattarane bruker språklege bilete for å formidle temaet.

Del 1: "Landskap med gravemaskiner"

Diktet "Landskap med gravemaskiner" blei skrive av Rolf Jacobsen i 1954. Les diktet på s. 78 i Samlede dikt på nb.no.

Les og diskuter

  1. Formuler det du meiner er temaet i diktet.

  2. Skriv ned/strek under ei verselinje som du synest får fram temaet tydeleg.

  3. Samanlikn svara dine med svara til ein annan i klassen.

I djupna på diktet

Diskuter desse spørsmåla i par:

  1. Kven er stemma i diktet? Legg merke til at det i første avsnittet står "De spiser av skogene mine".

  2. Kva for eit språkleg bilete blir brukt gjennomgåande i diktet for å skildre gravemaskinane og øydeleggingane deira?

  3. I nest siste avsnitt skjer det ei vending i diktet. Gravemaskinane blir ikkje lenger framstilte som årsaka bak øydeleggingane. Finn verselinjer som viser dette og diskuter kven som får skylda for øydeleggingane.

Diskuter i plenum

  1. Korleis blir forholdet mellom menneske, maskin og natur framstilt i diktet?

  2. Kva funksjon meiner de besjelinga av gravemaskinane har i diktet?

Del 2. Dikt I av Erlend Skjetne

No skal du bli kjend med to dikt av Erlend Skjetne frå 2017. Før du les dei, skal du bli forsiktig kjend med det første ved å lese små utdrag frå diktet.

Forventningar til diktet

  1. Sjå på orda i biletet under. Dette er alle ord frå diktet du no skal lese. Kva trur du diktet kjem til å handle om? Skriv ned.

  2. Samanlikn med notata til ein annan i klassen. Grunngi svara dykkar.

Les diktet i par

  1. Les det øvste diktet (Dikt I) som du finn i relatert innhald (under).

  2. Diskuter kva de meiner er temaet i diktet.

  3. Gå gjennom diktet strofe for strofe. Diskuter kva de meiner er det viktigaste motivet i kvar strofe.

Relatert innhald

Samanlikn med "Landskap med gravemaskiner"

Diskuter desse spørsmåla i par:

  1. Både i "Landskap med gravemaskiner" og i Skjetnes dikt blir nokon omtalte som "De/Dei". Samanlikn kven dette pronomenet blir brukt om i dei to dikta.

  2. Samanlikn dei to første avsnitta i kvart dikt. Kva likskapar og/eller forskjellar finn du her?

  3. Kva er det som blir besjela i dei to dikta? Vurder kva funksjon besjelingane har.

Kontekst

Dikta er svært like, men det er nesten 70 år mellom dei.

  1. Formuler først det de meiner er dei viktigaste likskapane mellom dikta.

  2. Kan de sjå nokon forskjellar mellom dikta? Finst det noko som viser at det eine diktet er skrive på 1950-talet, medan det andre er skrive på 2000-talet? Grunngi ved å vise til tekstsitat.

To avsnitt om forholdet mellom menneske og natur

Skriv eitt-to avsnitt der du samanliknar korleis mennesket si behandling av naturen blir framstilt i dei to dikta. Målet er å

  1. skrive temasetningar som gjer det klart kva avsnittet skal handle om

  2. bruke fagomgrep, som til dømes "besjeling"

  3. bruke sitat frå dikta for å grunngi påstandane dine

  4. samanlikn kva funksjon besjelinga har i dikta

Dikt II av Erlend Skjetne

Les det andre diktet til Erlend Skjetne. Vurder korleis forholdet mellom naturen og sivilisasjonen blir framstilt her og samanlikn med dei to dikta du allereie har lese og skrive om.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Oljeeventyr eller "Mørk saga"?

Samanlikn ein reklamefilm for Norsk olje og gass frå 2013 og diktet "Mørk saga" av Rolf Jacobsen frå 1954.

Fagstoff
Film: Naturen i litteraturen

Ein film som viser korleis litteraturen til alle tider har skildra forholdet mellom mennesket og naturen.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2022