Soft City, Storby-natt og Aften på Karl Johan
Soft City
Sjå animasjonen Soft City (lengde 3:30).
Del 1: Pushwagners Soft City
Hariton Pushwagner var ein norsk kunstar. Allereie på slutten av 60-talet starta han planlegginga av Soft City, men teikneserieromanen kom ikkje ut før i 2008. Animasjonen over er ei filmatisering av teikneserien som handlar om livet i byen Soft City.
Jobb åleine
Skriv fritt i tre minutt om kva du meiner er temaet/bodskapen i animasjonen.
Karakterane i filmen er i eit bymiljø. Korleis meiner du storbylivet blir framstilt?
Soft City har blitt kalla "dystopisk science-fiction". Finn ut kva som kjenneteiknar både "dystopien" og "science-fiction" og diskuter korleis animasjonsfilmen kan vere eit døme på dette.
Samarbeid i grupper
Samanlikn svara dykkar på dei førre oppgåvene.
Sjå filmen ein gong til. Diskuter og skriv ned minst tre verkemiddel som de synest understrekar temaet i filmen.
Denne filmen kan sjåast på som ein satire. Det betyr at han gjer narr av og kritiserer eit fenomen ved å setje det på spissen og overdrive.
Kva er filmen ein satire over?
Kva blir det gjort narr av, og på kva måte?
Del 2: Edvard Munchs Aften på Karl Johan

Diskuter i grupper
Korleis tolkar de måleriet Aften på Karl Johan av Edvard Munch?
Kva stemning meiner de det er i måleriet?
Kva verkemiddel bruker Munch i framstillinga av mennesket i byen?
Samanlikn tema og verkemiddel i måleriet til Munchs Aften på Karl Johan og Pushwagners Soft City.

Del 3: "Storby-natt" av Rudolf Nilsen
Rudolf Nilsen skreiv diktet "Storby-natt" i 1925. Les diktet.
Jobb åleine
Korleis synest du storbylivet blir framstilt i diktet? Grunngi ved å vise til eitt–to sitat frå diktet.
Skriv ned det du meiner er det viktigaste verkemiddelet i diktet.
Jobb i par
Samanlikn svara dykkar på førre oppgåve.
Finn alle orda i diktet som de meiner skaper positive konnotasjonar til byen.
Finn orda som skaper negative konnotasjonar til det som ikkje er menneskeskapt. Kva funksjon meiner de kontrasten mellom orda om byen og det som ikkje er menneskeskapt, har?
I diktet er det mange metaforar som stammar frå havet. Finn dei og diskuter kva funksjon dei har.
Del 4: Samanlikn tekstane
Jobb saman med ein eller fleire medelevar.
Lag ei oversikt der de samanliknar dei tre tekstane de har lese. I oversikta skal de peike på både tema og verkemiddel i tekstane. Tips til kva de kan ha med:
Korleis blir byen framstilt i tekstane?
Kva kår har individet i byen?
Kva for nokre ulike verkemiddel blir brukte for å understreke temaet i tekstane?
Del 5: Tekst i kontekst
Dei tre tekstane de nettopp har lese, handlar altså om det same: individet i byen – sjølv om det er over 100 års mellomrom mellom utgivinga av den første og den siste teksten.
Korleis kan konteksten til tekstane bidra til å forklare både likskapar og forskjellar?
A. Jobb åleine
Lag ei gruppe på tre og fordel dei tre tekstane mellom dykk. No skal kvar enkelt setje seg inn i konteksten til teksten sin.
Soft City av Pushwagner
Finn ut meir om konteksten til Soft City. Stikkord er postmodernisme, pop-kunst, dystopi og samfunnskritikk. Bruk internett og kjeldene under til hjelp.
Ta notat mens du les eller ser slik at du kan fortelje dei andre i gruppa om konteksten.
Kjelder
Les dei to leksikonartiklane "Postmodernisme" og "Popkunst" på snl.no.
Sjå filmen Postmordernismen (lengde 8:25) nedanfor.
Aften på Karl Johan av Edvard Munch
Finn ut meir om konteksten til Aften på Karl Johan. Stikkord er tidleg modernisme, ekspresjonisme og symbolisme. Bruk kjeldene under og internett til hjelp.
Ta notat mens du les eller ser slik at du kan fortelje dei andre i gruppa om konteksten.
Kjelder
Les leksikonartikkelen "Ekspresjonisme" på snl.no.
"Storby-natt" av Rudolf Nilsen
Finn ut meir om konteksten til "Storby-natt". Stikkord er den industrielle revolusjonen og arbeidarklassen, tradisjonell lyrikk og modernisme. Bruk kjeldene under og internett til hjelp.
Ta notat mens du les eller ser slik at du fortelje dei andre i gruppa om konteksten.
Kjelder
Les fagartikkelen "Rudolf Nilsen – ein ekte austkantdiktar".
Les artikkelen "Norge – et moderne land?" på norgeshistorie.no.
Sjå animasjonen Modernisme i Europa, nyrealisme i Norge (lengde 3:05) under.
B. Fortell kvarandre kva de har lært
Gå tilbake i grupper på tre. Presenter det de har funne ut om konteksten til den teksten de har jobba med kvar for dykk.
Diskuter korleis konteksten har påverka både form og innhald i tekstane.

Relatert innhald
Korleis framstiller Rudolf Nilsen og Rolf Jacobsen byen i to dikt?
Sigbjørn Obstfelder og Edvard Munch var gode venner. Korleis kan vi sjå dei åndelege slektskapane deira igjen i kunsten deira?